Fylkesmenn i Sogn og Fjordane

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Dette er ei liste over dei som har hatt fylkesmannsembetet i Sogn og Fjordane. Nordre Bergenhus amt vart skipa då Bergenhus amt vart delt i 1763, og embetstittelen var amtmann fram til namneendringa til Sogn og Fjordane fylke i 1919.

Embetskontoret har lege på Leikanger sidan 27. september 1862 då den nye fylkesmannen Johan Collett Falsen flytte dit.

År Namn Embetsstad/merknad
1763–1771 Joachim de Knagenhjelm Kaupanger
1771–1779 Magnus Theiste Bergen (vart avsett, stiftamtmann Schouboe fungerte i embetet frå 1776
1780–1781 Ditlev von Pentz Bergen
1781–1788 Jones Ramus Petersen Bergen
1788–1789 Nils Dorph Gunnerus Bergen
1789–1794 Peter H. Harboe Bergen
1794–1801 Andreas Hjort Bergen
1802–1811 Nils Andreas Vibe Bergen
1811 Hilmar Meincke Krohg Bergen, tok ikkje over embetet
1811–1814 Herman Gerhard Treschow Bergen/Balestrand
1814 Rasmus Endresen (konst.) Balestrand
1814–1822 Christian Magnus Falsen Bergen
1822–1831 Edvard Hagerup Bergen
1831–1832 Frederik Riis Bergen
1833–1844 Christian Ulrik Kastrup Bergen, frå 1840 Lærdal
1844–1852 Hans Tostrup Lærdal
1852–1860 Emil Aubert Lærdal
1861–1869 John Collett Falsen Sogndal (Loftesnes), frå 1862 Nybø i Leikanger
1870–1875 Nicolai Ditlev A. Ræder Leikanger
1875–1889 Carl L.M. Oppen Leikanger
1889–1902 Olaj Johan Olsen Leikanger
1902–1910 John Utheim Leikanger
1910–1930 Ingolf Elster Christensen Leikanger
1930–1941 Hans Kristian Seip Leikanger, avsett av nazistyresmakta
1941–1944 Vidar Atne Leikanger, innsett av nazistyresmakta
1944–1945 Konrad Sundlo Leikanger, innsett av nazistyresmakta
1945–1945 Nils O. Øvrebø Leikanger, konstituert
1945–1971 Nikolai Schei Leikanger
1971–1994 Ingvald Johan Ulveseth Leikanger
1971–1976 Arne Ekeberg Leikanger, konstituert i periodane Ulveseth møtte på Stortinget og var statsråd
1994–2011 Oddvar Flæte Leikanger
2011– Anne Karin Hamre Leikanger

Kjelder