Fyresdal Handelslag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den fyrste bygningen til Fyresdal Forbruksforening i Folkestadgata 24. Denne bygningen blei flytta bakover til Breifonn, Skippergata 2 i 1905 for å gje plass til ny handelsbygning.

Fyresdal Handelslag vart grunnlagt i 1871 med ein aksjekapital på 3080 kr. Handelslaget bestod opphavleg av tre filialar; hovudforretninga i Folkestadgata 24 i Folkestadbyen, ei forretning i Hegglandsgrend og ei på Øyane i Veum. I 1899 gjekk handelslaget på Veum ut som eiga forretning og vart heitande Veum Handelslag. Forretninga i Hegglandsgrend gjekk ut i 1916. Fyresdal Handelslag er gnr. 37/5/1. [1]

Moland Forbruksforening (1871-1909)

Forbruksforeininga vart skipa 16. januar 1871 då bygdefolk som var interessera i ei mogleg forbruksforeining i Fyresdal samla seg på Meinstad. Det var lensmann A. L. Qvisling som gjorde opptaket til dette og var den fyrste formannen. Kittil B. Taraldlien var "viceformann". Fyrste handelsbetjenten fekk 100 spd. i løn. I tillegg skulle han frå gratis ved, men måtte hogge den sjølv. Elles skulle han halde seg sjølv med alt anna. Forbruksforeininga fekk tilbod om å leige husrom på Århus (Fyresdal gnr. 37) og tok i mot tilbodet. Forretninga blei starta opp i eit lite kammers i bygningen.

Fyresdal Handelslag på 1940-talet.
Foto: Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

For å få tak i varer å selje blei Talleiv Midgarden sendt til byen for å handle. Ferda gjekk til Drammen og Oslo. Det kunne vere farefullt å reise langt med mykje pengar, og ein var avhengig av å ha godt selskap. Det står i styreprotokollen noko seinare at "Talleiv Midgarden kjem heilskinna att frå kaupmannsferdi til byen; dei mottekne varur er taksera i 1000 spd. og premie for police betala ---." Forbruksforeininga opna handelen 1. mai 1871.

Handelen gjekk godt, men husromet på Århus var lite og skrøpeleg og ein ynskte tuft til bygging av eit meir høveleg handelshus. Jon Folsæ fekk i oppdrag å undersøke moglegheita for dette og samstundes fekk han i oppdrag å gjere ei reise til Skien og Larvik for å kjøpe inn varer. Eit av hovudføremåla med å få til ei forbruksforeining, attmed det å skaffe gode og billige varer, var å få slutt på den skadelege borgehandelen som frå gamalt av hadde gjort så mang ein fyresdøl til fant. Dette kjende lensmann Qvisling godt til.

17. februar 1872 heldt foreininga sitt fyrste årsmøte. 24. april peikar styret ut tomt til nytt hus - eit jordstykke på 1 ½ mål vert leigd i 1874 for årleg 1 ½ spd. Dette var eit stykke åker/eng på Århus grunn, Folkestad. Halvor Sitje og Daniel Svolestog fekk i oppdrag å flytte eit aktuelt hus til tomta. Huset kjøpte dei på Nordre Bondal (Fyresdal gnr. 64/2) i Kleivgrend, og bygningen kom opprinneleg frå Vodd. Dette var det fyrste huset i det som skulle bli "Byen" i Fyresdal. Dette var ei lita krambu. I 1886 bygsla Forbruksforeninga eit nytt stykke jord til 20 kroner årleg leige. Det var stadig ei utfordring med borgehandel også lokalt, men handelen gjekk godt.

Under årsmøtet 28. februar 1877 kom det fram eit ynskje om at ein skulle bygge på bygningen slik at det vart leilighet for handelsbetjenten, men dette vart det ikkje noko av då bua var så lita. I staden vart det makeskifte av hus med skreddar Tarjei Sundsli som hadde eit større og meir høveleg hus i nærleiken på Folkestadgata 24, og det som mangla der skulle han skaffe. Derimot skulle Tarjei ha noko av eit jordstykke foreininga eigde slik at foreininga betala leiga.

Årsmøte 17. mars 1883. Her vart det vedteke å bygge bakeri. Varer blei køyrd frå Ulefoss til Strengen, på anbod, og det var vanskelege tider økonomisk der det vart kjøpt inn for store mengder varer, særleg mjøl.

Moland Forbruksforening før bygningen vart kledd utvendig og endra namn til Fyresdal Handelslag.

Ved årsmøte 13. mars 1888 vart det gjort framlegg om at ein del av forretninga skulle flyttast opp til Øyane i Veum. Dette var det ein del usikkerhet om juridisk. Likevel; på foreininga si rekning blei det oppretta ein utsalsstad i Veum med oppføring av nødvendige lokalar for utlevering av varer. Varene måtte vere kjøpt i hovedhandelen. Nybygd hus med inventar og kakkelomn vart kostnadsrekna til 1250 kr. og var ferdig oktober 1889. (Dette var på Åbø (Fyresdal gnr. 85/5))

I 1891 hadde Moland Forbruksforenig vore i drift i 20 år under opp- og nedgangstider styrt med sikker hand, og velstanden hadde auka. Dette vart av luteigarane verdsatt der det vart halde ein "Mindefest". Det vart gjort ei endring og reparasjon av butikken slik at den vart meir høveleg. I 1895 blei det også vedteke å bygge bakeri ved utsalsstaden i Veum, og dette stod ferdig same haust.

I 1898 vart det vedteke å dele forretninga slik at Veum fekk ein fjerdepart av foreininga sin eigendom. Alle var samde om delinga. 13. mars 1899 var siste årsmøtet i den samla foreininga.

Tida fram mot 1914 var prega av velstand i Fyresdal. Bakeriet blei påbygd/ombygd med leilighet oppe i 1903. Det kom stadig nye krav til handelslokala. I 1904 fann ein det tvingande nødvendig med ny butikkbygning og i 1905 vart det utarbeidd teikning og overslag til nytt hus, samt omregulering av pakkbua slik at ein kunne ha butikken i denne. Huset vart bygd etter plan og teikningar av Bendik Taraldlien. Det gamle huset blei seld til Lars Folkestad og skuva vekk frå tomta og over til Breifonn i Skippergata 2. Det nye huset blei satt opp på same stad i Folkestadgata 24.

Fyresdal Handelslag (1909-2018)

Under årsmøtet i handelslaget 9. mars 1909 blei namnet på foreininga endra til Fyresdal Handelslag. Same året kom det ynskje om ein opplagsstad for Heggland, Åsland og Kleivgrend i Hegglandsgrend. Styret hadde vedteke ei avtale gjort med T. og H. Haugen om overtaking av deira handel på Haugen nedre (Fyresdal gnr.44/1). Det vart vedteke at handelen i Heggland måtte organiserast som eiga forretning og eige styre, og 16. oktober vart det vedteke å overlate til L/L Heggland Handelslag tomt og hus på Haugen. Fyrst i 1916 vart lutkapitalen utan vederlag overført til Heggland som også overtok filialen.

9. juli 1913 vedtok styret å bygge ny pakkbu. I 1925 vart handelshuset bordkledd utanpå.

Handelslagsbygningen sett frå sydvest i 2019.

1. januar 1966 tok Syvert Aas (1939-2009) til som styrar av handelslaget og 22. desember 1982 tok han over eigendomsretten til bygget og forretninga. Drifta heldt fram under namnet Syverts Varehandel. Familien budde i husværet i andre høgda. I 1989 vart forretninga flytta frå det gamle bygget i Folkestadgata til det nybygde forretningssenteret lengst nord i Folkestadbyen. Sonen, Preben Aas, fekk skjøte på den gamle handelsbygningen 8. januar 2010.

I 2020 held forretninga "Oleas Hus" til i lokalet i fyrste høgda. Dei har då vore her i 12 år.

Biletgalleri

Arkiv

Arkivet etter Fyresdal Handelslag vert oppbevart ved Vest-Telemark Museum. Sjå lenke for oppføring på Arkivportalen.

Referansar

  1. Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949, s. 762-763.

Kjelder og til utdjupande lesnad

  • Landvik, Olav J.: Den gong det var landhandleri. Ein artikkel i "Sjå deg attyvi", Fyresdal Sogelag 2000, s. 44,48.
  • Lauvdal, Hans Andor: Skippergata i Fyresdal. Ein artikkel i "Sjå deg attyvi" 1990 Fyresdal Sogelag. s. 11,14
  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992
  • Ormtveit, Astrid og Landvik, Olav: Hus og folk i Folkestadbyen. Sjå deg attyvi. Fyresdal Sogelag 2009. S. 5-34.
  • Sætherskar, Johs., Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949. Digital utgåvebokhylla.
  • Taraldlien, Bendik. Fyresdal. Med bilæte. Fyrste utgåve 1910. Alb. Cammermeyers forlag. Kristiania.
  • Taraldlien, Bendik: Fyresdal. Andre utgåva 1949. Alb. Cammermeyers forlag. Oslo
  • Veum, Bendik: 60 års festskrift for Fyresdal Handelslag : 1871-1931. 1931. Digital versjonNettbiblioteket.