Fyresdals Vel

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
"Love for Selskapet Fyresdals Vel".
Foto: Olav Momrak-Haugan (2011)

Fyresdals Vel vart skipa allereie i 1898 og hadde som oppgåve å stimulere til diverse aktivitetar til fordel for bygda og innbyggarane. Foreininga vart nedlagd som eiga stifting i 2001.

Stiftinga i 1898

Grunnlaget for oppstartinga var ei gåve frå Anders Jørgensen Veum på kr. 2000,- og ei tilsvarande løyving på kr. 2000,- frå Fyresdal heradstyre. Fyresdal heradstyre skreiv lovene, og laget fekk namnet Fyresdals Vel.

16. desember 1898 godtok kongen lovane. Brevet er stempla med riksseglet og underskrive av regjeringa.

Love for Selskapet Fyresdals Vel

§1. Legatet bestaar av en gave fra Jørgensen-Veum, stor kr. 2000.00, med et tilsvarende bidrag av Fyresdals kommunes bygdemagasinsfond paa 2000 kr., tilsammen kr. 4000.00 – fire tusinde kroner. – Med dette som grundfond dannes et ”Selskap for Fyresdals Vel”. Formaalet er at virke til bygdens og dens indvaaneres vel paa den maate, som forholdene og omstændigheterne til enhver tid maatte tilsi, særlig til landbonæringens opkomst, oplysningens fremme, opmuntring til foregangsmænd, især i landbovæsenet, fremhjelp av begavelser o. s. v.

§2. Medlem av selskapet er enhver, der aarlig yter et bidrag av 50 – femti øre – eller 10 – ti kroner – engang for alle.

§3. 1/5 – en femtedel – av alle renterne lægges aarlig til grundkapitalen, indtil denne paa den maate eller ved senere tilskud er naaet til et beløp av mindst 80,000.00 – otteti tusinde kroner - . De øvrige renter og medlemmernes aarlige bidrag blir at anvende overensstemmende med §1 efter styrets og generalforsamlingens nærmere bestemmelse.

§4. Samtlige betalende medlemmer danner generalforsamling. Den ordinære generalforsamling holdes hvert aar inden februar maaneds utgang.
I møtet foretages:

a. Valg av styre, der bestaar av 5 inden selskapets midte valgte medlemmer med like mange suppleanter.
b. Hvad der paa foranledning av styret eller andre maatte foreligge til behandling. Beslutningerne fattes med almindeligt flertal. Ekstraordinær generalforsamling kan derhos sammenkaldes av styret, naar dette er paakrævet og er pligtig dertil, naar mindst ¼ av medlemerne for bestemt sak kræver det, og skal saken eller sakerne av styret anføres i indkaldelsen, der kundgjøres mindst 14 dage før møtet.

§5. Styret vælger formand og næstformand samt kasserer; den sidste kan vælges inden selskapets samtlige medlemmer. Dets medlemmer fungerer i fire aar og uttræder hvert andet aar skiftesvis 2 og 3 – første gang ved lodtrækning. De kan gjenvælges, men har ret til at undslaa sig i saa lang tid som de har tjenestegjort.

§6. Styret har at vaake over selskapets midler, være ansvarlige for deres forvaltning og betryggende anbringelse overensstemmende med de for offentlige stiftelsers midler i almindelighet gjældende regler, hvert aar til generalforsamlingen at avlægge regnskap, som derefter blir at indsende til kirkedepartementet til revisjon og decisjon, fremkomme med forslag om de disponible midlers anvendelse, utføre generalforsamlingens beslutninger og i det hele vareta selskapets interesser i overensstemmelse med dets formaal.

§7. Formanden sammenkalder styret saa ofte han finder det nødvendigt eller naar nogen av de andre i styret forlanger det. Forhandlingerne føres i en protokol, der underskrives for hvert møte og forelægges generalforsamlingen.

§8. Som styret er ansvarlig likeoverfor generalforsamlingen, saa staar atter denne under herredsstyrelsens kontrol og maa dens beslutninger i bevilgningssaker godkjendes av dette. I tilfælde uenighet mellem disse forelægges saken eller sakerne paany generalforsamlingen. Blir det her vedtat med kvalificeret flertal, tas saken tilfølge.

Organisering

8. april 1899 valde Fyresdals Vel sitt fyrste styre: J. K. Kiland (formann), B. Taraldlien (nestformann), H. Qvisling, Ivar Tveiten, Torleiv Veum. Torgeir Lie blei kassastyrar. I 1902 blei Bendik Taraldlien formann og var det til 1908 med unnatak av 1905 då J. K. Kiland var formann.

Fyresdals Vel vart innmeld i Norsk Landmandsforbund og Bratsberg Landhusholdningsselskap. Fyresdals Vel var og innmeld i Bratsberg amts skogselskap og hagebrukslag.

Oppgåver fram til 1910

Fyresdals Vel gav pengar til bygging av badstover i Kyrkjebygda og Veum. Dei gav pengar til eit kjøkkenskulekurs og til dette var det så mange søkjarar at berre 1/5 kom inn. Det var tydeleg at dette var eit forsømt område, og i 1907 vart det 2 nye skulekjøkkenkurs.

I 1899 gav Jørgensen Veum 50 kr. til stimulering av sanking av bær. Styret let pengane gå til premiar for plukkarar av bær. Den som fekk fyrstepremie hadde plukka 831kg bær om hausten.. Frå Fyresdal vart det sendt 6282 kg bær hausten 1899.

På eit landbrukskurs i Hegglandsgrend vinteren 1904, som Fyresdals Vel gav pengar til, kunne det fleire kveldar vere 2-300 tilhøyrar.

I 1901 arbeidde Fyresdals Vel for å verne skogeigarane mot den ringen som trelasthandlarane i Arendal ville få i stand.

Det blei arbeidd for å få til eit torvstrø- og bærsamlag. Desse blei skipa som eigne lag seinare og Fyresdals Vel tok desse sakene først opp og arbeidde dei fram til lutlag. Fyresdal torvstrøfabrikk var i Hegglandsgrend og vart skipa 1905. Dei tok torv frå garden Taraldlien og frakta den på løypestreng over elva og så var der ein torvrivar driven med vasskraft nedanfor garden Lunden. Fyresdal bærsamlag vart skipa i 1904 og bygde i 1908 eige hus i Fyresdal sentrum.

1905 fekk Fyresdal bærsamlag kr. 100,00, i 1906 kr. 30,00, i 1908 kr. 50,00 og i 1909 kr. 50,00.

Fyresdals Vel hadde fyrst ein vinter skipa til eit kontroll - lag og så frå oktober 1907 til april 1908 gav dei løn til ein lærar i fjøsstell. I 1903 og 1908 var her fjøssjå med tilskot frå laget. Det var gode tiltak for å få til framgang i fjøsstellet.

Skogplanter vart fleire år gjeve til skogeigarar i bygda og i 1907 vart det kjøpt inn 20 000 furuplanter til skogeigarar som hadde tinga. Ein freista og å få selt tømmer saman.

I styret for Fyresdal Vel foreslo Bendik Taraldlien 8. mars 1909 å ta opp arbeidet for eit bygdemuseum i Fyresdal, yte pengar og å setje ned ei nemnd. I årsmøtet dagen etter vart det med fleirtal vedteke å yte kr. 30,00 og sete ned ei nemnd på 10 mann til å arbeide med saka. Dette var byrjinga på det som vart Fyresdal Bygdemuseum.

Oppgåver etter 1910

Opplysningar manglar ved skriving 2011

Fusjon med Fyresdal Bygdemuseum 2001

Fyresdals Vel var ein stiftelse som disponera eit legat og var eigar av Fyresdal Bygdemuseum. Museet hadde vore gjennom ei krise i 1999 fram til årsskiftet 2000 og det vart drøfta løysingar på den økonomiske situasjonen knytt til drifta av museet. Det var vel og slik at Fyresdals Vel hadde utspela si rolle etter det som går fram av statuttane frå 1898. Tordis Jørgensen Veum var einearving i familien og då buet etter henne vart avslutta i 1996 fekk Fyresdals Vel overført det som var att som testamentarisk gåve. Eigenkapitalen pr. 31. desember 2000 var kr.289.982. Dette medførte at ein 7. mars 2001 vedtok å fusjonere Fyresdals Vel og Fyresdal Bygdemuseum. Den fusjonera stiftinga går då vidare under namnet Fyresdal Bygdemuseum.

Arkiv

Arkivet etter Fyresdal Vel er ordna ved Vest-Telemark Museum. Sjå oppføringarkivportalen.

Kjelder

  • Taraldlien, Bendik. Fyresdal Med bilæte. Fyrste utgåve 1910. Alb. Cammermeyers forlag. Kristiania.
  • Veum, Lars. Fyresdal Bygdemuseum gjennom 100 år. Fyresdal Bygdemuseum 2009

Litteratur

  • Nordbø, Halvor, Alfred Bolstad og Hallvard Eika, Utviklinga av landbruket i Telemark i dei siste 100 år : Telemark Landbruksselskap 1877-1977., Oluf Rasmussen A/S. Skien, 1983