Garnnåler av bein

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
To garnnåler av bein, trulig leggbein av rein, frå Tustna på Nordre Nordmøre.
Foto: Olve Utne

Garnnåler av bein er kjent frå Nord-Østerdalen, Trondheim, TustnaNordmøre og Hitra og Åfjord i Fosen i sørvest og oppetter svensk Lappland til Finnmark og Kolahalvøya fram til nyare tid. Desse garnnålene er av den relativt vanlige, flate typen med tunge i eine enden til å vikle sena kring. I det sørsamiske området blir slike garnnåler laga av leggbein frå rein kalla soeje. Ordet er òg belagt i forma suajjaumesamisk og suodja (‘garnnål’, ‘vevskyttel’) på pitesamisk. I Åfjord i Fosen skal garnnålene ha vorte laga av sidebein av kvige.[1] Garnnålmakeri var òg vanlig blant romanifolket, og attåt dei vanlige trenålene laga somme av dei garnnåler i horn.[2]

Namn

Samisk

Det sørsamiske ordet soeje (pl. soejh) eller, i Namdalen og Vilhelmina, såaja (pl. såajah) blir bruka spesifikt om garnnåler av bein — normal leggbeinet på rein. Av eitt leggbein kan ein smi éi garnnål, i følgje Ole Nordseth frå Rendalen.[3] Ordet soeje finst på sørsamisk (soeje), umesamisk (suajja) og pitesamisk (suodja), men i det pitesamiske området har det vidare tyding og blir bruka om både garnnåler og vevskytlar uavhengig av materialet.

I sørsamisk kan garnnåler òg bli kalla salpe eller viermie-salpe. I det nordsamiske området blir garnnålene kalla geahpá og i det lulesamiske området gehpa (pitesamisk giehpa) — uavhengig av materialbruk.[4] Ordet gehpa/geahpá, som òg blir bruka i austsamisk, er eit eldre lån frå finsk käpy.

Nordgermansk

På norsk heiter det garnnål, på svensk nätnål og på dansk bødenål. Desse namna blir bruka uavhengig av form og materialbruk, og det finst ikkje noko spesifikt ord for garnnåler av bein eller horn. På Nordre Nordmøre blir ordet garnnål særlig bruka om beinnålene og om dei trenålene som er laga i same forma, medan dei spoleaktige nålene med open spiss som er vanlige sørover Vestlandet blir kalla synnmørsnål (sunnmørsnål).

Arkeologi

Fotnotar