Geitbåt

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Melfæringen «Glomstadgeita» under segl.
Foto: Olve Utne (18. juni 2011)

Omgrepet geitbåt viser vanlegvis til den tradisjonelle opne og oftast spissgatta ro- og seglbåttypen frå Nordmøre og Romsdalen — og i eldre tid Fosen og området kring Trondheimsfjorden òg. Geitbåten hører typologisk sett med til dei rundstemnde vestlandsbåtane heller enn til dei i nyare tid mykje meir rettstemnde åfjordsbåtane og nordlandsbåtane. Geitbåten skil seg ut frå dei andre tradisjonelle opne båttypane frå Vestlandet og nordover ved den korte og relativt djupe kjølen, den halvplanande skrogforma og den svært langstrakte overgangen frå kjøl til stamn — eigenskapar som gjer denne båten til ein djerv havseglar og god bidevindsseglar.

Det finst tre geografiske typar av geitbåtar:

  1. Aurgjeldgeita, som i nyare tid hører heime hovudsakleg i Aure, har noko lengre kjøl, noko brattare stamnar, gjerne fast vaterbord, og er oftast rigga med symmetrisk råsegl.
  2. Søfjordingen har kortare og djupare kjøl, svært lange halsar og utprega runde stamnar med noko flattrykt profil. Søfjordingen er normalt rigga med lårsegl (asymmetrisk råsegl) — eit segl som frå heimdistriktet åt geitbåten og nordover gjerne blir kalla geitbåtsegl.
  3. Romsdalsgeita er svært lik søfjordsbåten og blir ofte ikkje rekna som typologisk sjølvstendig. Hovudforskjellen er at romsdalsgeita er noko breiare i forhold til lengda og sidare i forma. Slik sett danar romsdalsgeita til dels ei overgangsform til sunnmørsbåten.

Den nyare båttypen lysterfæring, som er ein mykje enklare båttype å byggje og som vart svært populær i distriktet frå tida kring 1900, vil ikkje bli behandla her.

Namnet «geitbåt»

Det finst fleire syn på kva som ligg til grunn for namnet geitbåt.

Geita klatrar

Eit ofte omtala syn er at det viser til korleis dei lårseglrigga båtane frå Nordmøre kan segle tettare opp mot vinden enn dei råseglrigga åfjordsbåtane. Mannskapet ombord på åfjordsbåtar skal ha mekra og ropa over til nordmørsbåtane: “Sjå geita kor hó klív!” Nordmøringane skal stundom ha ropa tilbake: “Grísbåt!”[1] Dette kan nok vera grovt sett dekkjande for situasjonen på bankane utanfor Nordmøre og Fosen1800-talet, men det er likevel nokre problem med denne forklåringa: Eit relativt lite problem er at aurgjeldsgeita i alle fall når vi kjem opp mot nyare tid ikkje har hatt lårsegl, men vanleg råsegl slik som båtane nordanfor. Eit anna og større problem er at denne forklåringa ikkje passar så godt med bruken av geit- i båtkarakteristikkar elles i Noreg.

Eitt spesifikt problem her er elles at åfjordsbåten gjerne har vorte kalla geitbåt av nordlendingar. Åfjordsbåten som vi kjenner han i dag og nordlandsbåten som vi kjenner han i dag har sterke fellesdrag både i skrog, rigg og segl, og krysseeigenskapane er ikkje vesentleg ulike mellom dei. Det er usikkert om denne nemninga opprinneleg har noko med den noverande åfjordsbåten å gjera. Historisk sett ser nemleg geitbåten som vi kjenner han (og da helst av aurgjeldstypen) ut til å ha vore utbreidd i det noverande åfjordsbåtområdet fram til 1700-talet.[2]

Høg og krumma framstamn på Gressetbåten.
Foto: Olve Utne

Stamntoppar som geitehorn

Eit anna syn er at geitbåtar er karakteristiske ved at stamntoppane ser ut som geitehorn; det vil seie at ein har relativt høge stamntoppar med noko runda profil. Dette kan passe nokolunde på geitbåtane frå Nordmøre, der stamntoppane stig opp i jamn kurve både frå utsida av sjølve stamnen og frå ripa via lyroddane til innsida av stamntoppen.

Nysgjerrige geiter strekkjer hals.
Foto: Mats Lindh

Geitehalsen stikk seg fram

Omgrepet geitbåt har òg stundom vorte bruka om andre båttypar som skil seg ut frå nabobåttypen ved at stamnane er runde og halsane framstikkande. På Innherad blir adjektivet geiten stundom bruka om båtar med slike stamnar og halsar.

Geitbåtnamnet i skriftkulturen

Kunngjering i Norsk Kunngjørelsestidende i 1922: Ein berga tjærebredd heksbaat (gjetbaat) er bestemt seld om ikkje eigaren melder seg.

Geitbåtnamnet har hovudsakleg vore muntleg bruka fram til nyare tid. I litterære kjelder frå 1800-talet blir det heller nemnt Nordmørsbaade eller Nordmørebaade. Men ordet gjetbaat dukkar opp i avisannonsar først på 1900-talet. I skjønnlitteraturen blir ordet bruka av Olav Duun i romanen Hilderøya (1912), og da om åfjordsbåten:[3]

Sitat

Svein kvilte paa aarane. Han hadde òg raadd seg nybaat, ein Aafjords-sekstring, gjeit, dei kalla, flaabygd og lang og med ein lang grann gjeitehals til framstamn. Han var trekvit enno og saag ikkje frak ut. Tung under aarane kjentes han òg. Men det skulde vera gode seglbaatar, desse. Han fekk ta det gamle sekstringssegle saalenge, endaa det var no ikkje rart.

Daa let det ei høg remjing fraa Hyllenauste, granngivelig eit gjeitmaal som brækte aat han. Svein heitna om kinnene. Han visste kva dette vilde seie. Det var helsing til gjeitbaaten. Men det var beiskare saft under, saapass kjente han Etvart Jørgen.

Sitat

Historie

Den eldste geitbåten vi veit om er den det vart attbruka deler av som golv i eit uthus som har vorte utgrove på Bibliotekstomta i Trondheim. Uthuset stammar frå første halvdel av 1600-talet. Båtdelene er ikkje datert, men det blir anteke at båten vart bygd på 1500-talet. Delene samsvarar med tilsvarande deler av geitbåtfyringar frå nyare tid, med unntak av utprega T-kjøl der nyare geitbåtar har kombinasjonen kjøl + ørhu.

Av fullstendig bevarte båtar er det aurgjeldgeita Gressetbåten som oppviser dei mest alderdommelege trekka. Da båten vart oppdaga, vart det anteke at han var bygd på 1700-talet, men dendrokronologiske undersøkingar viser at han ikkje var bygd føre 1853.

Form

Skrog

Framhalsane er tilhogde med sterk kuving. Merk elles den relativt skarpe knekken i overgangen mellom botnen og sida.
Foto: Olve Utne

Geitbåtskroget er klinkbygd av svært tynne og breie bord av feit nordmørsfuru. Banda (spanta) er òg av furu og er svært smekre. Sjølve kjølbordet er kort og relativt djupt, og denne djupna blir forsterka av den bratt tilhogde ørhua i overgangen mellom kjølen og det første botnbordet. Mellom kjølen og stamnane er det ein lang overgang med gradvis kuving. Framhalsane (dei nedste borda nærme framstamnen) er tilhogde med sterk kuving slik at framenden av skroget er smekker under vasslina og mykje vidare over. Denne effekten er forsterka gjennom at bordgangane er svært vide ved framstamnen og smalnar tilsvarande av mot atterstamnen. På dei fleste geitbåtane er denne effekten forsterka gjennom at det fram mot framstamnen er innfelt ein ekstra bordgang. Mellom botnborda og sidene i geitbåten er det ein relativt skarp knekk, slik at botnen av båten er relativt flat på kvar side av kjølen, men sidene er svært bratte. Den djupe, men korte kjølen, dei skarpe framhalsane, den vide framstamnen, den flate og jamne botnen, dei bratte sidene og den smekre atterstamnen er alle med på å gjera geitbåten til ein svært god, halvplanande og lettstyrt ro- og seglbåt for dei ureine farvatna langs kysten av Nordmøre og Romsdalen og for fiskebankane som ligg utanfor kysten av Midt-Noreg.

Færøybåtane (t.h.) liknar mykje på geitbåtane (t.v.) i form, men har smalare bordgangar på grunn av mangel på godt tømmer.
Foto: Olve Utne (2015)
Kjerkjebåten «Fjordamerra» har akterspegel og sju par årar.
Foto: Olve Utne

Rigg

Alle geitbåtar med mast som enno finst har éi mast med eitt segl. Søfjordingen er oftast rigga med eit trapésforma asymmetrisk råsegl — på liknande vis som sunnmørsbåtane, nordfjordsbåtane og sunnfjordsbåtane. Hovudskilnaden mellom geitbåtsegla og sunnmørssegla er at geitbåtsegla har mindre utprega trapésform og vidare rå. Aurgjeldgeita er oftast rigga med eit trapésforma, symmetrisk råsegl.

Lårsegl

Søfjordingane og romsdalsgeitene har normalt lårsegl (asymmetrisk råsegl, luggersegl) — ein segltype som elles tradisjonelt har vorte bruka på Sunnmøre og i nyare tid i Fjordane òg. Utom Norge finst lårseglet tradisjonelt på Island, i Skottland og i Spania, Frankrike, Italia og kring Adriahavet. Opphavet til lårseglet er usikkert. Somme ser på det om ei vidareutvikling av råseglet med utgangspunkt i Norskekysten, og andre ser på det som påverka av latinarseglet med utgangspunkt i det nordvestlege Middelhavet.

Seglet har tradisjonelt vore laga av hamp eller lin, som i motsetning til bomullskanvas gjev mjuke, fleksible segl som fyller godt. (Overgangen frå lårsegl til den mindre fleksible lysterriggen fram mot slutten av 1800-talet kan nok komma av at bomullsduken vart så mykje billigare enn hamp- og linsegla.)

Lårseglet ser ut til å ha endra seg noko i løpet av perioden vi veit noko om. Ole Ekilsøyvåg frå Averøya nemner[4] at råa i gamle dagar ikkje var breiare enn at ho kunne liggja på tvert i båten frå esing til esing, medan ho i nyare tid hadde vorte breiare, så endane nådde en god kvart utenbords.

Kulerakkje på ein melfæring med lårsegl.
Foto: Olve Utne (2017)

Ole Ekilsøyvåg nemner òg ymse andre proporsjonar: Mastra var kring 2/3 av båtlengda. Underliket av lårseglet nådde frå fremre lyroddar til hammelromskeipane. Råa var festa til mastra med ein rakkje, som var eit krumma trestykke i eldre tid og kulerakke seinare. Var vinden ustabil, kunne det hende ein segla rakklaus for å kunne låre seglet raskare om det trongst. Draget gikk gjennom eit hol i mastra der det var innsett eit stykke edeltre i eldre tider og ei trinse i nyare tid. Draget var fastgjort nede i ein trepik oppunder esingen. Seglhalsen var hekta på seglstikka som stod i eit av hola i ripa. Ved bidevindsseglas vart seglhalsen sett i lo heilt framme ved lyrodden; i lens vart seglstikka sett i det attaste holet midtskips, og seglet fungerte som skværsegl. Skjøtet var enkelt på småe båtar og dobbelt på dei større. Det vart fastgjort i ei urve som satt i hammelbandet.

Råsegl

Lysterrigg

Størrelsar

Vanlege geitbåtar kjem i ulike størrelsar, frå småe tribandsfæringar til dei store toskgansbåtane med seks årepar. I tillegg kjem dei tverrskotta kyrkjebåtane, ofte utan mast og rigg, men med opp til sju årepar. Båttypar vi kjenner til frå skrift, men ikkje frå bevarte fartøy, inkluderer sambøringar og tendringar på over 50 fot.

Færing

Færingen med sine fire årar finst i to hovudutgåver på Nordmøre. Den minste av dei blir kalla tribandsfæring. Den noko større melfæringen får namnet sitt frå det ekstra halvrommet mellom dei to åreromma.

Tribandsfæring

Tribandsfæringen eller trebandfæringen, tilsvarande to-kne-færingen eller toromsfæringen blant åfjordsbåtane, er ein liten båt med to rorsrom og ingen halvrom. Dette er den minste geitbåten, men ikkje grunntypen — sjå melfæring. Lengda frå stamn til stamn er gjerne kring 16–18 engelske fot.

Melfæring

Melfæringen har to rorsrom med eit halvrom mellom. Han svarar til den vanlege færingen blant åfjordsbåtane og hundromsfæringen blant nordlandsbåtane. I alle desse falla, frå Nordmøre og nordover, utgjer dette grunnstørrelsen i sin tradisjon. Søretter Vestlandet er grunnstørrelsen derimot den mindre færingen utan det ekstra halvrommet. Melfæringen er gjerne kring 17½–20 engelske fot frå stamn til stamn. Melfæringen er letthandterleg for to personar under både årar og segl, om enn ikkje så vêrsterk som den litt større seksringen/treroingen. Han har gjerne vora bruka til heimefiske og lokal skyss.

Trirøing

Trirøringen, òg kalla trerøring og seksæring og seksring, har tre par årar. Lengda på stamnskjerv er 8¾–9½ båtalen, og LOA i engelske fot er kring 21–22. Trirøringen har meir rorskraft og meir stabilitet enn færingen og var rekna som den minste allvêrsbåten for fjordbruk.

Fyring

Fyringen har fire par årar. Dei minste fyringane har tre fulle rorsrom og ein skottror på honnbandet. Desse båtane blir òg kalla honnfyringar og svarar til halvfjermingen blant åfjordsbåtane. Dei fullrømte fyringane vart berre kalla fyringar og svarar til dei minste fyringane blant åfjordsbåtane. Generelt er fyringane 10–11 båtalen på stamnskjerv, og i engelske fot LOA måler dei 24–27 fot. Fyringane, som dei større femringane, vart ofte bruka til linefiske.

Femring

Dei minste femringane har fire fullrømte rorsrom og eit skottror. Slike kan bli kalla honnfemringar. Den fullrømte femringen er neste størrelse. Femringane måler 11½–13 båtalen på stamnskjerv, og LOA i engelske fot er 28–30 fot. (Blant åfjordsbåtane vart det som heiter femringar på Nordmøre rekna under fyringane.) Femringen med sine fem par årar vart, som fyringen, særleg bruka til linefiske.

Fjørnfar

Ifølgje Jon Bojer Godal har fjørnfar fem rom, men attersegla svarar til 1½ rom.

Toskgansbåt

Toskgansbåtane med sine seks par årar vart, som namnet viser, bruka hovudsakleg til garnfiske etter torsk — særleg utpå havbankane.

Åttring

Det er munnleg tradisjon på Tustna for at det skal ha eksistert geitbåtar med åtte par årar opp til ei stund innpå 1800-talet. Desse båtane skal ha vore kalla åttringar. Eit rykte fortel at det skal ha eksistert éin båt med ni par årar til inn på 1900-talet. Carl Frederik Diriks refererer da òg til slike åttringar og har med ei teikning av ein i artikkelen sin om båttypar. Blant åfjordsbåtane blir båtar med åtte fulle rom (men aldri meir enn seks par årar) kalla toskgansbåta.

Bildegalleri

Romsdalsgeit

Kjerkjebåtar

Referansar

  1. Færøyvik, Øystein: Vestlandsbåtar : frå oselvar til sunnmørsåttring : ei bok bygd hovudsakleg på granskingsarbeid som Bernhard Færøyvik let etter seg. (Norske båtar; b. V.) Oslo : Grøndahl & søn forlag AS, 1987, ISBN 82-504-0857-8 S. 137.
  2. Heide, Eldar: «Stamnkarakteriserande skips- og båtnemningar : knǫrr og geitbåt», i Norsk Sjøfartsmuseum : årbok 2002, s. 57–72.
  3. Sitert frå Olav Duun: [ww.nb.no/nbsok/nb/1eccdf3f5345a2ef2c98d8d62a5bec94?index=65 Hilderøya]. Oslo : Norli, 1912.
  4. Fugelsøy, Maurits: Nordmøre fiskersoge. [s.l.] : Nordmøre Fiskarlag, 1962.

Litteratur

Eksterne lenkjer