Gimle gamle skule

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Gimle gamle skulehus i Fyresdal var bygd 1905 og nedlagd som skule 1945.

Foto: Kjetil Skomdal
Foto: Olav S. Nylid

Det var ein stor bygning i 2 høgder med to klasserom i kvar høgd. 3 store vindaugo i kvart klasserom. Lange gangar framom klasseroma, felles inngang frå baksida og trappeoppgang i austre ende av gangen. I denne enden av bygningen var det i fyrste høgda to rom med eigen inngang som vi ser på eit bilete. Desse vart nytta til diverse, i seinare tid framhaldsskule. Det var og mykje snekkarkurs og andre slag kurs. I andre høgda over desse var det to rom som var lærarbustad, denne hadde inngang frå den felles gangen. I fyrste høgda var klasseromet på enden nytta til diverse bruk, medan det andre var til bruk for storskulen. Det var to klasser og dei gjekk annankvar dag. I andre høgda var likeiens romet på enden til diverse bruk medan det andre var for småskulen, her og to klasser som gjekk annankvar dag. Gangen nede vart og nytta til gymnastikk. Der var eit stort vedskjul og svære runde vedomnar. Elevane bar ved, også til lærarbustaden. Likeiens var der ei lang rekke utedoar.

Fyresdal Bygdemuseum vart skipa i 1909 og dei fekk då etter vedtak i heradstyret bruke eit rom «af den ledige lærerbolig» inntil vidare til gjenstandane som vart samla inn. Etter ei stund vart dei flytta over til 2. høgda i stabburet på prestegarden.

Siste krigsåret vart bygningen nytta av tyskarane til fangeleir for russiske krigsfangar. Den vart ikkje teke i bruk igjen etter krigen då ein var redd smittefaren. Huset vart lenge nytta til lager under byggeperiodar ved den nye Gimle skule og vart fyrst rive ca. 1965. Materialane vart nytta i ymse bygg, mellom anna i hytter.


Biletgalleri

Kjelder og litteratur

  • Skulen i Fyresdal i 250 år 1739 – 1989. Fyresdal skulestyre 1989.