Grasbrokke under Trydal

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Grasbrokke
Alt. namn: Grasbrokke under Trydal
Stad: Trydal
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Gnr.: 17
Type: Småbruk

Grasbrokke ligg ein snau kilometer sunnanfor Trydalstjønni i Bykle kommune, på nordaustsida av Smidjehylen. Det er nå to grasbrokkebruk, Nordstog og Systog Grasbrokke. Av desse er Systog den eldste verestaden, og låg husmannsplass under Systog Trydal til det vart sjølveigarbruk i 1914. Nordstog vart utkløyvd som ei eining for seg sjølv omlag samstundes.

Oppetter dalen deildar Grasbrokke mot Torstveit, nedetter mot Svingen, og midt imot på andre sida av hylen ligg Åsdokk. Alle dei nemnde er småbruk som har gått ut frå Trydal, men medan Åsdokk kjem frå Nordstog, er Grasbrokke dela ifrå Systog. Rett nok melder den gamle gards- og ættesoga (18) at Grasbrokke kjem frå Nordstog, men det stemmer ikkje med tinglysingane.

Namnet Grasbrokke kan leggjast ut som 'grasbakke', og tyder vel på at dette området i si tid har vore slåttestøyl for Systog Trydal.


0941 Bykle komm.png Grasbrokke under Trydal er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Kroné • Neste bolk: Nordstog Grasbrokke