Gregars veg

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Gregars veg sett vestover.
Foto: Roy Olsen (2016).

Gregars veg i i Midt-Telemark kommune går nordvestover i Nordbø-området frå Kyrkjevegen til Nordbøvegen. Vegen, som er å rekne som ein gardsveg, er ein kilometer lang, utan fast dekke og går i jordbrukslandskap.

Vegen blei namnsett i 1996 og er kalla opp etter Gregar Nordbø (1856–1940) som budde i nr. 40, Sudigard Nordbø.

Gregar Nordbø (1856–1940) var skulelærar, bonde, organist og lokalhistorikar. Han samla inn mykje folkemusikk, soger og stoff om slekter og gardar i Bø.

Gardar

  • Nr. 40: Sudigard Nordbø (54/8)
  • Nr. 50: Nordbø (54/5)
  • Nr. 60: Nordbø (54/7)

Kjelder


Koordinater: 59.41212° N 9.05367° Ø