Åfjordsbåt

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Grisbåt»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Åfjordsbåtar i Gjøahavn ved Norsk Maritimt MuseumBygdøy i Oslo kommune. Frå venstre ser vi ein færing (2½ rom, 2 par årar) og ein halvfjerming (3½ rom, 4 par årar); og lengst til høgre ein ca. 6-roms båt som kan vera ein febøring.
Foto: Olve Utne (2009).

Ein åfjordsbåt eller åfjording er ein tradisjonell open, spissgatta ro- og seglbåt frå Fosen, Namdalen og området kring Trondheimsfjorden og Trondheimsleia. Namnet «åfjordsbåt» kjem av at den viktigaste staden der desse båtane har vorte bygd er Åfjorden i Fosen. Typiske trekk for åfjordsbåten, som på Nordmøre gjerne blir kalla grisbåt (medan helgelendingane gjerne kallar han geitbåt), er lang og grunn kjøl og rette og bratte stamnar. Åfjordsbåtane er tradisjonelt rigga med eit relativt høgt og smalt, symmetrisk råsegl. Dei største båtane kan i tillegg ha eit toppsegl.

Åfjordsbåten er ein relativ nykommar som trulig vart utvikla kring 1700-talet. Før den tida ser det ut til at geitbåtar av nordlig type vart brukt der åfjordsbåten seinare slo gjennom. Utover 1800-talet og innpå 1900-talet vart åfjordsbåten vanlig heilt sørvest til Smøla og tildels Kristiansund på Ytre Nordmøre. Åfjordsbåten har òg påverka geitbåtane på Nordmøre ein del — først og fremst aurgjeldgeita. Lånte trekk frå åfjordingen til aurgjeldgeita inkluderer blant anna fast drigle i attrommet, vaterbord, flatkeipar (heller enn skjeggkeipar) og rorkult (heller enn styrvol). Det er elles påfallande likheit mellom åfjordsbåten og dei gamle krumstemningane i Nord-Noreg.

Størrelsar og typar

Åfjordsbåten blir tradisjonelt, som mange andre tradisjonsbåtar, bygd i mange variantar — først og fremst etter bruksområde, men òg somme gonger etter kroppslengda på roarane o.l. Dei ulike størrelseskategoriane er vide og med glidande overgangar. Båttypane nedanfor er skildra etter dei mest typiske trekka.

Færing

Det finst tre hovudtypar av åfjordsfæringen: Ein toknefæring har to rorsrom i tillegg til framskott og bakskott. Den vanlige færingen har i tillegg eit halvrom mellom rorsromma; og storfæring er ein kring 20-fots færing der halvrommet er opp mot trekvart av eit rorsrom. Færingen er den tradisjonelle heimefiske- og ærendsbåten.

Seksring

Ein seksring, gjerne uttala som sækstreng, er ein båt med tre fulle rorsrom i tillegg til fram- og bakskott. Ein seksring med tre rorsfolk gjev mykje rorskraft, og båten er òg meir sjøsterk enn ein færing. Seksringen er dermed særlig god som skyssbåt, men han har sjølvsagt vorte mykje brukt til lokalt fiskeri òg.

Halvfjerming

Ein halvfjerming (eigentlig halvfjerd-rømming) svarar til honnfyring blant geitbåtane på Nordmøre. Her er fremste rorsrommet eigentlig i framskotten, eller òg så kan eitt eller to av rorsromma mangle ein tomme eller to på å vera fullromma.

Fyring

Ein fyring eller firing er ein båt med fire fulle rom, og somme gonger med eit femte rorsrom — gjerne som skottror i framskotten. Atterlasta, eller rommet rett attom mastra, er gjerne større enn eit fullrom. Framom mastra er framlasta. Fyringane rømmer normalt 10 tynner last,anna enn storfyringane, som kan romme 15 tynner.

Åfordsfyringane kan delast inn i fire kategoriar etter bruksområde og lasteevne:

  • Rorafyring
  • Linfyring
  • Sildgarnsfyring
  • Storfyring

Rorafyringen har alltid skottror og er båten med mest moderat lengd. Han varierer frå 24 til oppimot 25 fot lengd.

Linfyringen vart bruka til linefiske. Han er ikkje ulik rorafyringen, men treng noko meir lasteevne. Linfyringane kan vera fir- eller femrodd, og dei kan ha ei atterlast som er oppimot halvrommet ekstra. Lengda er gjerne kring 25–25½ fot.

Sildgarnsfyringen er kring 25–26 fot, og han er meir oppborda enn dei andre fyringane. Sildgarnsfyringane kan ha ein liten løfting i framlasta og har da gjerne berre hammelror og skottror.

Storfyringen er den største varianten av fyringen og overlappar med lestabåten i lengda og konstruksjonen (sjå nedanfor). Storfyringen er kring 25½–26½ fot og lastar éin lest (15 tynner).

Lestabåt

Lestabåtane har namnet sitt frå lasteevnen, og dei vart helst brukt til føringsbåtar. Lestabåtane skil seg ut frå f.eks. storfyringane ved at dei fleste av dei ikkje har sæggelbætta (seglbete), slik at atter- og framlasta er ihopslegne til eitt lasterom. Trilestarane har likevel gjerne seglbete. Lestabåtan er ofte tjukkare borda enn fyringane. Lengda varierer frå drygt 25 fot for dei minste einlestarane og opp til drygt 32 fot for den største vi kjenner til.

Fembøring og toskgansbåt

Fembøring, eller eigentlig fembørding (fæmmbøłeng), er ein fem- eller seksrømt båt etter ulike kjelder. Eldjarn/Godal reknar den drygt seksrømte båten som fembøring. Fremmerlasta og atterlasta rommer minst fem tynnelengder — noko som Eldjarn/Godal reknar som den rimeligaste forklaringa for ordet fembøring. Fembøringane er trilestingar, og har altså plass til minst 36 tynner. Den einaste bevarte fembøringen har berre to rorar og vart nok derfor brukt til føringsbåt. Fembøringar som vart brukt til garnfiske etter torsk vart gjerne kalla toskgansbåtar. Lengda på fembøringane er 32–34½ fot.

Den typiske toskgansbåten har 7–8 rom, og han har gjerne tre rorar. Lengda kan vera kring 40 fot, og han kan romme 60–66 tynner i lasta.

Lofotbåt

Lofotbåtane kom til ganske seint. Dei har trulig utvikla seg frå storbåtar (vengbåtar). Forma fram mot slutten av segltida følgte toskgansbåten, men med dimensjonar tekne frå storbåten. Lofotbåten var 44–50 fot og var nirømt eller større. Lasteevnen var minst 80 tynner, og dei største lofotbåtane kunne ta opp til 117 tynner i lasta. Dei største lofotbåtane viste seg å vera ufanslige som fiskefarty og vart heller sett i fraktfart.

Storbåt eller vengbåt

Storbåten hadde helst jekteform, men var mindre enn jekta. Storbåtane kjenner vi frå eitt foto og to båtmodellar. Ut frå desse kan vi definere storbåten som ein kring 50 fots, tirømt båt med spegel og veng og drektigheit på kring 165 tynner. Tradisjonen seier at dei minste jektene har 200 tynners drektigheit.

Frå andre halvpart av 1900-talet av har det vorte bygd ein del båtar av denne sorten, men da ofte i mindre format. Båtane, som gjerne blir kalt vengbåtar i dag, kan vera ned mot 35 fots lengd og blir helst bruka som lystfarty i dag.

Jekt

Den tradisjonelle trønderjekta følgjer gjerne stort sett åfjordsbåten i form og teknikk og er stort sett ei større utgåve av vengbåten. Jekta skil seg først og fremst ut ved drektigheita, som alltid er minst 200 tynner. Fram mot slutten av segltida vart mange klinkbygde fartøy, inkludert jekter, klavert.

Ymse

Litteratur

  • Gunnar Eldjarn og Jan Bojer Godal: Nordlandsbåten og Åfjordbåten. Båtstikka D/A Rissa 1988-1990.

Sjå også