Wikiens artikkel nr 25 000, om Bølerlia, ble lagt inn i påsken av Stig Rune Pedersen. Vi gratulerer så mye! :)

Gudbrandsdal Historielag

Fra lokalhistoriewiki.no
Gå til: navigasjon, søk

Gudbrandsdal Historielag vart skipa i 1919. Det var eitt av fleire regionale historielag i Oppland og Hedmark som på den tida vart organiserte under sterk innverknad av lokalhistorisk interesserte akademikarar med Oluf Kolsrud i spissen.

Føremålet for laget er etter gjeldande vedtekter «å vekkje og nøre interessa for den heimlege kulturarven og soga i bygd og by, å samle og ta vare på verdfulle folkeminne og å gje ut eller yte stønad til utgjeving av bøker og skrifter med kulturhistorisk og lokalhistorisk innhald». (Uendra sidan 1951.)

Utgjeving av lokal- og regionalhistoriske skrifter har stått sentralt så lenge laget har eksistert. Frå 1930-åra har den vissaste einskildoppgåva vore å gje ut Årbok for Gudbrandsdalen saman med Dølaringen. Ei hovudsak ved verksemda i dag er å fungere som paraplyorganisasjon for dei lokale historie- og heimbygdslaga i Gudbrandsdalen. I følgje årsmeldinga for 2008 bestod medlemsstokken da av 12 lokale historielag i dalen. Vedtektene gjev rom for både einskildpersonar og lag som medlemmer (2010).

Innhold

Byrjinga

Gudbrandsdal Historielag vart stifta på Maihaugen den 21. juni 1919. Initiativet kom frå Fælleskomiteen for Hedemarkens historie, som i eit brev til ei rekkje presumtivt interesserte personar og institusjonar oppmoda til å danne ein samskipnad i Gudbrandsdalen som kunne vere med å gje ut årsskriftet Bygd og Bonde. Dosent Oluf Kolsrud frå Fælleskomiteen, som også vart redaktør for Bygd og Bonde, var ein viktig aktør på stiftingsmøtet til Gudbrandsdal historielag. Mange kjende menn frå heile dalen og frå Lillehammer by skreiv seg under på innkallinga til stiftingsmøtet, mellom andre Olav Aukrust, Ivar Kleiven, Anders Sandvig, redaktør Johan Filseth, stortingsmennene Erik Enge og O.T.Gillebo, seinare stortingsmann Axel Thallaug, Stefan Frich og Erling Bjørnson.

Fyrste leiaren i Gudbrandsdal Historielag vart pensjonert sokneprest G.F. Gunnersen frå Lillehammer, som også hadde vore ei drivkraft i førebuingane. Med seg i det fyrste styret fekk han Ivar Kleiven (Vågå), Jon Harildstad (Fron), John Mæhlum (Ringebu) og Simen A. Jørstad (Fåberg). Varamenn var Rolv Øygard (Skjåk), Bjørner Vigerust (Dovre). Axel Thallaug (Lillehammer), O.T. Gillebo og Erik Enge.

Den fyrste formålsparagrafen, gjeldande til 1951, lydde:

«Gudbrandsdalens historielag har til formål at vække sansen for bondekultur og bygdehistorie i Gudbrandsdalen, at fremme forskning av samme, økonomisk at støtte utgivelsen av verker til belysning av disse emner samt at utgi eller delta i utgivelsen av et historisk tidsskrift til fremme herav.»

Medlemstalet kom raskt opp i 200-300.

Under aktiv medverknad frå Gudbrandsdal Historielag vart det i åra 1928-1932 danna lokale historielag for alle bygdene i Gudbrandsdalen.


Utgjevingsverksemd og samarbeid med Dølaringen

Økonomien i byrjinga var etter måten god. Attåt medlemskontingenten kom det tilskot mellom anna frå heradsstyra og sparebankane i dalen. Dette gjorde det mogleg med støtte både til Bygd og bonde og til større utgjevingar som Hans Kraabøls Slegter og Gaarder i Gausdal (utgjeve 1922 på grunnlag av Kraasbøls manuskript frå 1820-åra) og Gerhard Schønings reiser gjennom Gudbrandsdalen (1926).

I 1935 skipa laget eit forlag, Gudbrandsdal boklag. Dette gjekk i stå under krigen.

Allereie i 1930-åra var det innleidd eit nært samarbeid med kultur- og målreisingslaget Dølaringen. Frå og med 1933 er Årbok for Dølaringen utgjeven «i samarbeid med Gudbrandsdal Historielag». I 1939 har årboka skifta namn til Årbok for Gudbrandsdalen, og Dølaringen og historielaget står som felles utgjevarar. Frå 1935 har dei to laga hatt felles årsmøte. Med ei samarbeidsavtale frå 1975 vart samarbeidet ytterlegare styrka med sams rekneskap og årsmelding for Dølaringen, historielaget og Dølaringen boklag.

I 1951 Kulturhistorisk samskipnad for Gudbrandsdalen danna i nært samvirke med Gudbrandsdal Historielag. Føremålet var å utgje bokverket Gudbrandsdalen i middelalderen, som kom i tre band 1956-1958.

I 1967 danna Dølaringen og Gudbrandsdal Historielag i fellesskap Dølaringen boklag, som etter den tid har stått for utgjevinga av ei lang rad publikasjonar, derunder årboka.


Leiarar

  • 1919-1925: G.F.Gunnersen
  • 1925-1934: Kristofer Fliflet
  • 1934-1935: Tor Ile
  • 1935-1942: Aksel Hattestad
  • 1942-1946: Trygve Krukhaug
  • 1946-1947: Kaspar Øvstedal
  • 1947-1962: Ivar Øygard
  • 1962-1970: Bernh. Hovstad
  • 1970-1991: Olav Råstad
  • 1991-1996: Per Åsmundstad
  • 1996-1999: Jon Ødegård
  • 1999-2004: Per Åsmundstad
  • 2004-: Arne Skuterud


Kjelder og litteratur

  • Nettstaden til Gudbrandsdal Historielag
  • Forseth, Iver: «Dølaringen - ein kulturberar i Gudbrandsdalen», i Årbok for Gudbrandsdalen 1996.
  • Hattestad, Aksel: Gudbrandsdal historielag 1919-1949, i Årbok for Gudbrandsdalen 1949.
  • Hosar, Kristian: «75 årbøker om Gudbrandsdalen» i Årbok for Gudbrandsdalen 2007.
  • Hovdhaugen, Einar: «Årbok for Gudbrandsdalen gjennom 50 år» i Årbok for Gudbrandsdalen 1982.
  • Hovstad, Bernhard: «Gudbrandsdal Historielag 50 år», i Årbok for Gudbrandsdalen 1969.
  • Reinton, Lars: «Dei lokale historielaga», i Lokal historie i forskning og kulturarbeid gjennom 200 år. Universitetsforlaget 1970.
Personlige verktøy
Navnerom

Varianter
Handlinger
Avdelinger
Forsider
Verktøy