Gunnar Aakhus

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Gunnar Aakhus
Foto: Norske skolefolk, 1952

Gunnar Aakhus (fødd 26. september 1885 i Bygland, død 9. januar 1970) var lærar og skulestyrar. Lengst verka han i Kragerø.

Han var son av bonde Aanund G. Neset og Gro Danielsdotter. Aakhus gjekk jordbruksskulen og tok eksamen ved Notodden lærerskole. Seinare tok han fleire lærarkurs og gjekk ein vinter ved danske høgskular.

Gunnar Aakhus var lærar ved jordbruksskolen Langerak 1906-07, folkeskulelærar i Åmli 1908-09, Iveland 1910-11, Sannidal 1911-14, lærar ved Fylkesskulen i Aust-Agder 1914-17 og 1919-21 og folkeskulelærar i Tune 1917-19. Frå 1921 var han lærar i Kragerø, og i 1933 vart han skulestyrar same stad.

Aakhus var gift med Anne Elevine J. Barland, dotter av bonde Thomas K. Barland og Karen Kristine Haugholt. Dei hadde tre søner og to døtrer.

Kjelder og litteratur

Eksterne lenkjer