Gunnvor Mandt

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Vove kisteteppe med kistekross
Foto: Anne Brit Borgen
Vove kisteteppe
Foto: Anne Brit Borgen

Gunnvor Mandt, husflidshandverkar og tekstilkunstnar. (fødd 19. august 1926, på garden Roholdt i Vrådal). Foreldra var Tor Sandvik (1883-1946) og Marie Kråkenes (1890-1957).

Livet og veven

Hausten 2016 hadde Kviteseid husflidslag ei stor jubileumsutstilling for Gunnvor Mandt i heimbygda, der dei viste ei samlig av venader med svært høg kvalitet frå 1950-2000. I høve utstillinga blei det gjeve ut ein katalog. Teksten i artikkelen er stort sett eit samandrag frå denne.

Alt som lita minnest Gunnvor at veven hadde ein sentral rolle i heimen. Etter jol minnest ho at mora fekk på plass vevstolen og vov stoff av ull og bomull. Ho minnest også at (skreddar) Gunnar Ruud i Kviteseid sauma dress til far hennar av ullstoffa, og at stolane i stoga hadde setetrekk av åklesmett.

Vinteren 1945 haldt Telemark husflidslag eit 3-månadars vevkurs i andrehøgda hos Aslaug og Olaus Straumsnes i Vrådal sentrum. Kari Groven frå Brunkeberg var lærar, og 10 elevar deltok på kurset. Gunnvor deltok på kurset og minnest Kari som ein inspirerande og svært dyktig lærar. Kurset ledde til at ho kunne ta på seg vevoppdrag for sal. Vinteren frå 1946 til 1947 fekk ho prøve seg som assistent på vevsalen på folkehøgskulen i Søgne. Ho lika å vidareformidle kunnskap, og året etter heldt ho det fyrste vevkurset sitt. I 1949 tok Gunnvor eit halvårskurs i vev ved Statens kvinnelige industriskole i Oslo og heldt fram på årskurset vinteren etter. I 1953 tok ho eksamen som faglærar i vev.

Vevstoga i Vrådal

På starten av 1950-talet var det mangel på arbeidsplassar for kvinner, og saman med Sylvia Hesner starta Gunnvor med vevproduksjon. Draumen til Gunnvor blei ein reaalitet på midten av 50-talet då ho starta eiga vevstoge. Først på 60-talet blei det eiga utsal. Gunnvor designa og vov eigne produkt, men dei tok og oppdrag frå Husfliden m.a. bunadband. Sjal og lette ullpledd var blant dei første produkta som stod i veven, og dei blei populære. Vevstoga i Vrådal ga arbeid til bygdefolk og tilbod om praksisplassar til elevar som var ferdige med årskurs i vev ved husflidsskulane over heile landet, og gjennom åra vitja om lag 50 jenter Vrådal for å arbeide og lære om veving. Jentene vov på akkord, og løna kom etter talet på vovne meter eller produkt som blei produsert. Kun det beste materialet var godt nok for Gunnvor Mandt når ho skulle veve for hand. Derfor bruka ho alltid norsk ull i ullvev. Salget av hennes vevnader var etterspurde langt ut over Telemarks grenser.

Gunnvor var en tradisjonsbærar som har engasjert seg i mangt, m.a. i Telemark husflidslag, Kviteseid Bygdetun og ho var med å starte Kløveren 4H i Vrådal. I 1981 var ho ein av initiativtakarane til, og den første leiaren av, Kviteseid Husflidslag. Ho var medlem av Norske kunsthåndverkere Telemark (NKT), og har vore aktiv politisk både lokalt og regionalt.

I seinare tid har ho vove kyrkjetekstilar i samarbeid med Hanne Roholdt, m.a ein kopi av ein kistekross frå 1770-talet. Tekstilane blei gjevne i gåve til kyrkjene i Kviteseid kommune og Vest-Telemark Museum. Vest-Telemark museum er eigar av fleire av Gunnor Mandt sine tekstiler.

Kjelder

Artiklar

Eksterne lenker