Gunsten Skomedal (1909–2004)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Gunstein Johnsen Skomedal vart fødd på Ose i Bygland 25. februar 1909 og døydde i Zellwood (Orange County, Florida) 26. april 2004, men er gravlagd i Flint Memorial Park (Genesee County, Michigan). I Amerika var han kjend som Gunsten eller Gus Skomedal.

Han var det eldste barnet til Jori Olavsdotter Austad (f 1886) og mannen Jon Gunnsteinson Skomedal, og fekk, etter tradisjonen, namn som dei fleste eldste sønene fekk – Gunstein. Då han vart døypt i Austad kyrkjeTveit 8. april 1909, fekk faren tittelen «handelsgut» av presten. Etter Gunstein kom det sju born til: Olav (1911–1923), Gunnar (f 1914), Grunde (1916–2015), Eivind (1919–1981), Gyro (f 1921), Anne (f 1923) og Mari (f 1927). Familien flytte fleire gonger, Gunstein vart fødd på Ose i Bygland, då han var 4–5 år gamal budde familien på Jortveit i Hornnes, og frå han var omkring ti til 17–18 år på Tussekil i Hægeland i Vest-Agder, og i Hægeland kyrkje vart han konfirmera i 1923. Då mora ervde Nedre SøbøLongerak i Bygland og familien flytte dit ein gong føre juni 1927, vart det slutt på flyttinga.

Nokre månader etter at han fylte tjuge år tok han med seg 300 kroner og reiste til USA og Minnesota med «Bergensfjord». Den ugifte jordbruksarbeidaren reiste frå Oslo og Noreg 9. august 1929, og reisa, eller «fraktkostnaden», kom på 672 kroner. I USA vart han kjend som Gunsten eller Gus, og busette seg etter kvart i Flint i Genesee County, Michigan. Folketeljinga for Oakland (1941-43) fortel at Mr Cunsten Skomedal frå Biglund, Norway, son til John Skomedal og Juri Austin vigde med Evelyn Signe Ericksen 10. januar 1942 i Flint, Genesee, Michigan, USA. Dei budde då i Pontiac, Michigan. Dei fekk borna Victor, Linnea (vigd med Tom) og Flora. Eit oppslag i City Directory for Flint i Michigan 1956 fortel at han og Evelyn er busett i 612 W Marengo avenue i Flint.

I 1974 gjekk han av med pensjon etter å ha arbeidd for Sorenson-Gross Construction Co. i Flint.

Krigsteneste i den amerikanske marinen

Som den yngre broren Grunde vart og Gunstein krigsseglar. Gunstein verva seg til den amerikanske marinen i april 1942, men det er ikkje kjend kva for stilling han hadde eller når han kan ha hatt landlov. Det som er kjend, er at han frå 1943 til november 1945 var om bord på den nybygde destroyeren USS «Barton» (DD-722), og skodeplassane den deltok på under krigen.

Europa

14. mai 1944 sette «Barton» kurs for Plymouth i England, og frå 3. til 26. juni støtta skipet invasjonen av Normandie. På D-dagen fortel historia at det var Army's 2d Ranger Battalion som fekk hjelp av «Barton» saman med «Satterlee» (DD-626) og «Thompson» (DD-627) til å overvinne tyske mannskap på Pointe du Hoc som hindra dei allierte sin landing på to strender. Ho patruljerte og for å beskytte transportar og større krigsskip mot åtak frå fly og ubåtar. Dette var kvardagen for skipet og bemanninga hennar fram til 21. juni då ho let den franske kysten bak seg og gjekk til Weymouth i England for to dagar fri. 25. juni sette USS «Barton» kurs for Frankrike og den sterke tyske stillinga ved Cherbourg saman med resten av Task Group (TG) 129.2. Ho opererte saman med slagskipa og krysserane som skulle bombardere hamna, men vart råka av ein 240 millimeters granat som spratt på sjøen og enda i eit generatorrom om bord. Granaten var ein blindgjengar, og etter ein provisorisk reparasjon til sjøs bar det til Weymouth og ein permanent reparasjon. Så vart kursen satt til Belfast, og der vart ho ein del av Destroyer Division (DesDiv) 119 som kom til Boston 9. juli.

Asia

I Boston vart granatskada reparera og så gjekk ho til Stillehavet og Pearl Harbor via Norfolk i Virginia og San Diego. Pearl Harbor vart nådd 8. oktober 1944, og det vart inspeksjon av skipet og trening av mannskapet føre dei neste krigsoperasjonane. 5. november kom «Barton» fram til Ulithi i Karolinene, og ikkje lenge etter ble ho sett inn for å beskytte hangarskipa i Task Group (TG) 38.4 under luftangrep på Filippinane. Frå 27. november var ho ein del av destroyerskvadron (DesRon) 60 som arbeidde saman med 7th Fleet under erobringa av Leyte i Filippinane. 6. desember gjekk «Barton» til Ormoc-bukta for å støtte landinga til den 77. infanteridivisjonen, på veg attende til Leyte vart konvoien utsett for kamikazeåtak av japanske pilotar. Eit av flya kom så nære då det styrta at drivstoffgassar vart suga inn i destroyeren sitt ventilasjonssystem. «Barton» vert på same vis sett inn ved erobringa av Mindoro (12.–18. desember) og under invasjonen i Lingayen-golfen (4.–21. januar 1945). 22. januar sigla ho attende til Ulithi, og vart straks tildela ein rolle som patruljefarty for hangarskipa i TG 58.4 som skulle gjere åtak på Tokyo på Honshū som eit røykteppe for invasjonen av Iwo Jima. Seint om natta 16. februar kolliderte «Barton» med ein annan destroyer og fekk baugen bøygd og skadd, så ho måtte til Guam for reparasjonar. Ikkje føre 15. mars vart kursen satt for Ulithi og angrepa på Okinawa, men vart råka av nok ei ulukke føre det kom så langt. 20. mars sjekka nokre av mannskapet granatar på bakken forut då eit av dei vart aktivt og eksplodera føre det kunne bli kasta over bord. Tre offiserar og 11 verva mannskap fekk brannskadar og blei på Ulithi då «Barton» sette kurs for Okinawa 21. mars.

Under dei førebuande bombeåtaka på Okinawa var «Barton» ofte målet for kamikazepilotar medan ho patruljera for å beskytte troppane og dei andre skipa. Det vart tre harde månader der «Barton» støtta dei andre med eldgjeving, beskytting mot fly- og ubåtåtak og radarteneste. Radartenesta var spesielt farleg sidan skipa då var åleine og enklare mål for åtak frå fienden. Etter 21. juni gjekk destroyeren til Kerama Retto for forsyningar og drivstoff føre ho vart ein del av viseadmiral Jesse B. Oldendorf si gruppe TF 95. Den skulle på eit sveip retta mot skipstransport i Aust-Kinahavet og Gulehavet. Frå 29. juli til 15. august, då Japan kapitulera, var ho på stand-by-teneste i Leyte-gulfen og fekk ordre om å transportera Vice Marshall Isitt som representera den New Zealandske regjeringa frå Iwo Jima til slagskipet «Missouri» (BB-63) for den formelle seremonien. Dei to neste vekene gjorde «Barton» teneste ved Tokyo-bukta. 19. oktober 1945 var ho attende i Seattle, USA.

Kjelder

Primærkjelder