Gvarvvegen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Gvarvvegen sett austover.
Foto: Roy Olsen (2016).
Gvarvvegen sett sørover mot Gvarv.
Foto: Roy Olsen (2018).

Gvarvvegen i Midt-Telemark kommune går austover frå Bøgata i krysset med Valenvegen i til Strannavegen i krysset med GvarvgataGvarv.

I samband med samanslåinga av Bø og Sauherad kommune 1. januar 2020 blei Gvarvvegen og Bøvegen i 2019 slått saman til Gvarvvegen. Vegen er om lag 6,5 kilometer lang og er ein del av riksveg 36.

Vegen har namn etter tettstaden Gvarv og blei namnsett frå Bø til den tidlegare kommunegrensa i 1991 og vidare til Gvarv i 2019.

Det meste av vegen går langs Bøelva, og der han passerer Beverøya camping låg i gammal tid ei tømmervelte, «Sperrudvelta», som er eit registrera kulturminne. Hit blei tømmer køyrt med hest for å fløytas vidare på elva til Norsjø.

Kjelder

  • Kartverket: norgeskart.no
  • Bøsoga I, kultursoga ved Gunnar Lunde. Bø kommune 1972, s. 172-173.
  • Kulturminnesøk: Sperrudvelta
  • Formannskapets møteprotokoll 15. januar 1991, sak nr. 4.
  • Tilbakemelding til Kartverket: Namn på gjennomgåande vegar ved kommunesamanslåing., 2018.


Koordinater: 59.41087° N 9.07817° Ø