Håløyglaget (Oslo)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Faksimile fra Den 17de Mai 4. oktober 1933; innkalling til møte i Håløyglaget i Oslo.

Håløyglaget er eit av innflyttarlaga i Oslo, skipa 1. februar 1933. Laget har heile tida vore med i Oslo Fylkeslag av Noregs Ungdomslag. Ifølgje heimesida er «Håløyglaget for innflyttarar frå dei tre nordlegaste fylka, men laget er også ope for andre som føler tilknytning til landsdelen. Håløyglaget skal ta vare på det beste i nordnorsk kultur og stø tiltak til beste for Nordnoreg.»

Medlemstalet var på det høgste på 1970-talet, da over 400 personar var med. I 2010-åra er det om lag 50 medlemmer i Håløyglaget. Laget bygde i 1953 hytta Håløygheimen ved Lyseren i Enebakk. Innflyttarlaget hadde òg eige kor, Håløygkoret, men dette vart lagt ned i 1997.

Kilder og litteratur