Håvard Geitestad

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Gravminne for Håvard Geitestad på Moland kyrkjegard.
Foto: Olav Momrak-Haugan (2010).

Håvard Gunnarson Geitestad (1832-1868) var gardbrukar og skulehaldar. Han døydde ung, og enka med fem born utvandra til Amerika.

Foreldre

Gunnar Bendikson S. Geitestad (1793-1846) på gnr. 46 Geitestad i Fyresdal vart i 1822 gift med Jorånd Olavsdtr. Sinnes (1802-) frå Kviteseid. Enkja vart gift att. Dei hadde ti born mellom 1822 og 1845, av desse var Håvard den femte i rekkefylgja.

Familie

Håvard Gunnarson S. Geitestad (1832-1868) fekk ein del av søndre Geitestad, gnr. 46/2 Geitestad søndre (midtre), og vart i 1854 gift med Anne Bendiksdtr. Rolleivstad (1831-). Dei var gardbrukarar og Håvard var og skulehaldar. Håvard døydde berre 36 år gamal. Enka fekk sitte i uskifta bu, men selde garden og utvandra i 1872 til Amerika, Hillsboro, N. Dakota, saman med fem born.

a) Gunnar 1855-1933 Utvandra til Amerika i 1872. Hillsboro.
b) Bendik 1857 Utvandra til Amerika i 1872. Hillsboro.
c) Signe 1859 Død same år.
d) Olav 1860 Utvandra til i Amerika 1872.
e) Signe 1862 Utvandra til i Amerika 1872.
f) Jørund 1866 Utvandra til i Amerika 1872. Trail Co, N. Dakota.

I Amerika tok familien etternamnet Howard. Bendik Taraldlien skriv i 1910 at Gunnar har forretning i Hillesboro, Olav er i Williston, N. Dakota, og Jørund er skifterettsdomar i Trail Co. Om denne slekta vert det i 2011 gjort grundige undersøkingar. Familien har sterk tilknyting til Moland town og Moland Church.

Gravminnet til Håvard Geitestad

Gravminne Håvard Geitestad front. (Foto: Olav Momrak-Haugan, 2010).
Gravminnet til Håvard Geitestad med amerikansk familienamn. (Foto: Olav Momrak-Haugan, 2010).
Gravminne Håvard Geitestad. (Foto: Olav Nylid, ca. 1920).

Ved inngangen til Moland kyrkje står det eit gravminne som vekker interesse. Det er av ei utforming som er vanleg på mange amerikanske kyrkjegardar, men ikkje i Noreg. Og denne kolossen er då og kome sendande frå Amerika frå born som ville gjere ære på ein far som dei sette sers høgt, men som altså ikkje vart med dei over dit. Kor den vart skipa ut frå veit vi ikkje.

Om ferda til dette gravminnet over Atlanteren og vidare opp til Fyresdal veit vi og sers lite, heller ikkje når det vart satt på plass på kyrkjegarden. Det er rimeleg å tru at dette skjedde etter at kanalen frå Skien vart opna i 1892 slik at transporten til Bandaksli vart enklare. Det er ein sers tung koloss som er målt til å vege 1,5 tonn. Opp Bandakslikleivane måtte det vere tungt for hestar og folk. Men borna satsa nok alt på at den skulle kome på plass. Fotograf Olav Nylid tok eit fotografi ca. 1920 så det er mogleg på denne tida støtta kom til kyrkjegarden.

På gravminnet står:

HAAVOR GUNDERSEN GJEDESTAD Født 9. Apr. 1832 Død 30. Mai 1868

Joh. Ev. 3.16. Joh. Aab. 14.13

og på sokkelen på baksida står Howard slik at det ikkje skal vere tvil om kor denne kjem frå.

Gravminnet til Håvard Geitestad etter at det vart grundig restaurert i 2021. Foto: Olav Momrak-Haugan

Hovuddelen til gravminnet vart i 2021 teke til ein spesialverkstad og grundig restaurert.


Produksjon og grunnlag for transport

Ein veit at denne minnesteinen er produsert i Nord Dakota og med stor sikkerheit at det var ved Hillsboro Marble Works i Hillsboro N. D. Dette firmaet eksisterer ikkje lenger, men har levera mange hundretusen gravminne til heile USA. Firmaet blei starta omkring 1890 av Ole Brevik som kom frå Skien om lag på same tid som Gunnar Haavardson Geitestad (Gjedestad). Både Ole og Gunnar (Gunder) budde i Morehead, og båe flytta seinare til Hillsboro.

Gunnar blei ein svært velhalden mann og nær ven av Ole Brevik. Han hadde difor alle føresetnader og midlar som var naudsynt for å kunne gjennomføre det enorme prosjektet det var å få produsert, transportert, frakta og reist steinen i Fyresdal.


Kjelder

Eksterne lenkjer