Hafslo bedehus

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hafslo Bedehus, Luster kommune. Dette bygget vart teke i bruk vinteren 1965 og vigsla 28. mai 1967.

Hafslo bedehus står i Luster kommune i Sogn og Fjordane. I 1964 reiv bedehusfolket på Hafslo bedehuset sitt, og bygde nytt. Det førti år gamle huset hadde eit svært uvanleg bedehuseksteriør og var bygd av reisverk heilt utan isolasjon. Styret søkte råd hjå fagfolk som rådde til å byggja nytt framfor å utbetra. Det nye huset vart teke i bruk med opningsfest i februar 1965.

I sentrum

Bedehuset på Hafslo ligg i bygdesenteret på sørsida av vegen (gata) nett austom Eikum Hotel. Per Moe gav tomta i 1921. Det er lett kjenneleg ved ein lysande kross på veggen mot vegen. Huset er bygd i to høgder, med storsal, småsal og inngang i første høgda. I kjellarhøgda er óg ein stor sal og elles kjøken og sanitæranlegg.

Stor vekking i 1921 - trong for eige hus

Det var ei stor vekking i 1921 som utløyste arbeidet med å byggja bedehus. Etter at møtesalen i kommunehuset vart for liten, flytta dei møta til eit stort kjellarrom i skulehuset. Der sette dei inn trebenker utan ryggstø, og det store rommet var fullsett av folk kveld etter kveld i fleire veker.

Stort hus - uvanleg eksteriør

Det ser ut til at det vart vald byggjenemnd hausten 1921 med Ola Stedje som formann. All grovmaterialen fekk dei hogga hjå bønder som på denne måten var villige til yta noko til bedehus i bygda. Material til innreiding blei kjøpt inn; - golvbord og fasepanel til vegger og tak.

Huset fekk eit heller uvanleg eksteriør, med eit høgt midtrom (langrom ) og lågare rom langsmed i heile lengderetningen. Med tårn i eine enden hadde huset likna på eksteriøret Fjærland kyrkje fekk ved ombygginga i 1931, med langskip og to sideskip.

Med plass til 300 menneske var bedehuset eit stort hus, men bygd i reisverk utan isolasjon var det vanskeleg å halda huset varmt vinterstid.

Stor talarstol

Talarstolen vart også lagt merke til. Olaf Ørbech Alme, fortel i skriftet som kom til kyrkjejubileet i 1978 at det var «den største talarstolen han hadde sett» [i noko bedehus, lyt vi tru], men han likte talarstolen og tykte han høvde til huset. Det var Samuel Lomheim som arbeidde talarstolen, som vart teken med i det nye bedehuset dei bygde i 1964-1965.

Vigsla i 1923

Hafslo bedehus vart vigsla i januar 1923 i samband med ei bibelveke. Den store indremisjonshovdingen Nils Lavik stod føre vigslinga, og elles var Nikolai Tvedt og Hodne med.

Føremål og arbeidsoppgåver

Lover for Hafslo bedehus vart vedtekne 15. desember 1922. Føremålsparagrafen, § 2, fastslår at huset berre skal nyttast til reint oppbyggjelege møte, men kan unntaksvis nyttast til peneginnsamling til kristeleg arbeid, og møte for «gode allmen-nyttige gjeremål.» Ein annan paragraf fastset at «forkynningi av Guds Ord skal vera etter den evangelisk lutherske sannkjenning». Sju underpunkt presiserer nærare kva dette vil seia i sju grunnleggjande sanningar, t.d. i punkt B «at heile bibelen frå fyrste Mosebok til openberringa er Guds inspirera bok.»

Paragraf 8 seier at paragrafane 1-5 ikkje kan endrast.

Skiftande tider

«Skiftande tider har det vore opp gjennom åra. Somme tider har det vore grå-vêr og kulde, då var det få å finna på bedehuset. Då var det som Kristoffer Sandve sa: "Berre kjernetroppen" du fann der. Men så sende Gud vår-vêr, vekking med liv og song. Dei truande kom det meire liv i, sløve truande som hadde hatt vanskeleg for å finna bedehuset, krek fram att som makken ein regnversdag. Storesalen vart fullsett pånytt, syndarar kom i naud, tårer rann etter kinna, du høyrde rop om frelsa, og du såg smilet på kinn, dette tåresmilet som berre dei kan ha som har funne frelsa i Jesus».

Nytt hus

Då spørsmålet om utbetring kom opp kring 1960, vende styret seg til fagfolk for å finna ut kva som var best å gjera. Dei rådde til å riva og byggja nytt. Somme kunne ikkje skjøna ein slik tankegang. Huset var i god stand, det fanst ikkje ei «roti fjøl i det, ikkje ein spikar som var borte.» Hadde verkeleg bedehusstyret «kristenfolket» med seg på ein så stor kostnad? Det synte seg snart at styret hadde «kristenfolket» med seg. Rivinga starta måndag 10. august 1964. Heile tida frå det gamle huset vart rive til det nye vart vigsla, strøymde det inn pengegåver. Folk gav materialar og stilte opp med omfattande dugnadsinnsats.

Opningsfest og vigsling

Det nye huset vart teke i bruk søndag 14. februar 1965 med opningsfest. Dei valde å venta med vigsling til kjellaretasjen var ferdig innreidd med kjøken, matsal og toalett. Anders Alme leia samværet og talarar var sokneprest Ree og Olav Ørbeck Alme. Dei gledde seg over på ny å kunna samlast i bedehuset, og hjå alle kom det fram ynskje om at Gud måtte koma nær og velsigna her liksom han ofte hadde gjort i det gamle.

- Eit einaste stort under var det å ha fått opp eit så storveges hus med berre 15-20 tusen kroner i gjeld, sa ein av talarane,.

Det nye bedehuset vart vigsla 28. mai 1967. Med på vigsledagen var Gustav Ballestad og Ingvald Mørk.

Gåver - lysande kross

Årsmeldingane fortel om gåver til bedehuset. I 1973 gav Luster kommune 1500 kroner til nytt instrument og Hafslo Husmorlag ei pengegåve til same føremål. Hafslo Bondekvinnelag gav to fine tinn-lysestakar og Hafslo Helselag 50 par koppar.

Året etter fekk bedehuset ei testamantarisk gåve frå avdøde Johanna Tang. Det kom til uttykk eit ynskje om å kjøpa ein sjølvlysande kross til å setja på bedehusveggen som vender mot gata. Styret meinte det ville vera «eit fint ettermæle å gje vidare til etterslekta, krossen som er redninga for ei tapt menneskeslekt.»

Aktiviteten i sist på 1970-talet

«Alle organisasjonane innan den Evangelisk Lutherske [trus-]vedkjenninga brukar huset til møteverksemd. Kvar onsdagskveld er det bønemøte, så sant det ikkje er andre møte som hindrar det. Søndagsskulen, songlag, musikk og elles alle andre kristelege gjeremål har sitt tilhelde der når det er naudsynt. Det frivillige kristelege arbeidet kan ikkje fungera utan bedehuset. I tillegg verkar bedehuset samlande på kristenflokken.»

Aktiviteten 2005

Anders Alme opplyste i 2005 at kristenfolket i Hafslo brukar bedehuset, og at styret er samansett av representantar for dei evengelisk lutherske organisasjonane. Det vert halde møte ved tilreisande talarar frå Indremisjonen, Misjonssambandet, Normisjon, Samemisjonen og Indre Sjømannsmisjon. Elles er det bønemøte annan kvar tysdagskveld, og søndagsskule og klubb for born og ungdommar.

Søndagsskule i over 100 år

Søndag 2. februar 1969 heldt dei jubileumsfest for søndagsskulen på Hafslo. Bladet Sognevarden hadde eit langt stykke om festen etterpå. Det var i 1887 dei fyrste gongen samla born til «bøneandakt». I fleire år var det to søndagsskular på Hafslo, også i fleire år etter at bedehuset vart bygd. Til vanleg gjekk søndagsskulen på omgang i heimane, men etter at dei flytte søndagsskulen til bedehuset, vart det berre ein søndagsskule. (Les meir om jubileumsfesten i 1969 i faksimile.)

Kjelder

Artikkelen vart først publisert i Kulturhistorisk leksikon 2005.

Prenta kjelder

  • Hafslo kyrkje. 1878-1978. 1978.
  • Sognevarden. 28.02.1965, 15.02.1969, 07.05.1973, 15.05.1975.

Uprenta kjelder

Opplysningar frå:

  • Anders Alme, Hafslo, Luster.
  • Møtebok for bedehusstyret.