Strandehagen (Bykle gnr 17/9)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Hagen (Bykle gnr 17/9)»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Strandehagen
Trydal 34.jpg
Strandehagen 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe
Alt. namn: Hagen
Rydda: 1886/1887
Utskilt: 1908
Stad: Trydal
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 17
Bnr: 9
Type: Småbruk

Strandehagen eller berre Hagen ligg i det sudaustre hyrna av Trydalskvelven i Bykle kommune, og deildar i nord mot Strondi, i sør mot Lislehisdal og Torstveit, og i aust mot Storstein.

På grunnlag av namnet (hamnehagen til Strondi) skulle ein vente at bruket hadde gått ut frå Strondi. Dette er likevel ikkje tilfellet, for etter det me kan skjøne må Hagen, på same måten som Strondi, ha vore ein del av det skogstykket som hadde vorte kaupt innåt Systog og Storstein i 1843. Då denne teigen vart dela i to bruk i 1882, fekk den parten som høyrde til Systog lnr 46 a.

Rudningsmannen, og den fyrste til å bu her, heitte Tarald Tarjeisson. Han var frå Systog, nest eldste son åt Tarjei Olavsson på det bruket og andre kona, Birgit Taraldsdotter, fødd Mosdøl.

  • Tarald Tarjeisson Trydal, f 1855, d 1936, til Amerika med huslyden 1893, sjå nedanfor
g 1880 m Gunvor Mikkelsdtr. Nesland, f 1856, dødsår ukj. Born:
  • Birgit, f 1882, d 1882
  • Tarjei f 1883, d 1970, smed, g m Cora, f 1892, sjå nedanfor
  • Mikkel, f 1885, n 1920, smed, g m Bessie, f 1891, sjå nedanfor
  • Birgit, f 1887, d 1888,
  • Birgit, f 1889, n 1900, seinare lagnad ukj.
  • Olav, f 1892, d 1968, smed, ug (?), lagnad elles ukj., sjå nedanfor
  • George, f 1898, n 1920, då busett hjå broren Tarjei, seinare lagnad ukj.

Foreldra åt Gunvor var Mikkel Torkjellsson Rygnestad og kona, Gunhild Arnesdotter. Dei er omtala i bolken om Systog Nesland, gnr 10, bnr 4 (jfr. Valle VI, 351). Gunvor hadde elles vore utanbygds nokre år, i folketeljinga frå 1875 finn ein henne som tenestejente på Snarteland i Fyresdal.

Etter ei oppgåve frå Setesdalslaget i Amerika, som er referert i den gamle gards- og ættesoga (330), tok Tarald og Gunvor avstad alt i 1890, men folketeljinga frå 1891 viser at dei var busette i Hagen det året, og i mars året etter døypte dei sonen Olav i Bykle kyrkje. I røynda emigrerte dei i 1893. Denne siste opplysninga har me frå dei amerikanske folketeljingane frå 1900, 1910,1920 og 1930, som også m.a. viser at dei budde på den same staden i alle desse åra, på ein farm i Tynsid (Tynset) Township, som ligg i Polk County i det nordlege Minnesota. Sonen George vart fødd der. Men i internettutgåva av «Traill County Index to Pioneers» ser me at dei fyrst hadde hatt eit homestead i Bentru (Benterud) Township, Traill County, Nord-Dakota. Dette er rett over statsgrensa frå Polk County, så dei flutte ikkje langt.

I 1900 vart Tarald oppskriven som ferjemann, men i 1910 var han smed og farmar, og i 1920 berre smed. Sønene Tarjei, Olav og Mikkel var alle smedar.

I 1930 budde Olav Taraldsson saman med foreldra. Han var 48 år og ugift, og då er det vel snautt om han har gift seg seinare. I allfall døydde han i Polk County i 1968.

Tarjei Taraldssson budde i 1920 i Valle Township, Grand Forks County, Nord-Dakota. Cora, som kona hans heitte, var fødd av norske foreldre i Nord-Dakota i 1892, og i 1920 hadde dei borna Mary(6); Tarald (5); Lars (3 1/2) og Caroline (2 1/2). Om det vart fleire, kjenner me ikkje til. Då Tarjei døydde i 1970, budde han framleis i Valle Township, Grand Forks County. Sonen Pål budde også der. Han døydde i 1991. Ein son åt Pål, som heiter Richard, bur i Maryland.

Mikkel Taraldsson budde i 1920 hjå foreldra. Han var gift med Bessie (Birgit?) Johnson, som var fødd i Noreg i 1891. I 1920 hadde dei døtrene Glenna (8) og Thelma (6). Sidan fekk dei også sonen Thomas. Då Bessie døydde i 1981, budde ho i Thompson, Grand Forks County, Nord-Dakota. Dødsfallet åt Mikkel har ikkje late seg finne. Derimot har me fått greie på at den lengstlevande av borna var Glenna, som døydde ugift i Thompson i 1999. Ho etterlet seg to nieser, står det i nekrologen i Grand Forks Herald (26.9.1999), men namnet på desse vert ikkje opplyst, og der står heller ikkje om dei var døtrene åt Thelma, som var gift Torgerson, eller Thomas.

På dette punktet slepper me denne amerikanske familien frå oss, og vender attende til Hagen.

Om Tarald hadde sete med heile lnr 46a ( bnr 4 frå 1888), eller om han berre hadde ått den parsellen som sidan vart bnr 9, veit me ikkje visst, men me kan slå fast at Strandehagen ikkje vart formelt utskilt frå bnr 4 i hans periode, og etter at han reiste tykkjest heile bnr 4 ei tid å ha høyrt til faren, Tarjei Olavsson i Systog, att. I 1897 gjekk dette bruket på auksjon pga. eit skattekrav frå heradskassa, og han som fekk tilslaget var Torleiv Olavsson i Utistog Stavenes. Han gav 500 kr.

Dei neste me veit om budde her var Olav Helleiksson Glidbjørg og familien hans. I 1898 skaffa Olav seg kontrakt med Torleiv O. Stavenes om at han skulle ha 10 års bruksrett til «pladsen Hagen» . Leiga vart sett til kr 10 pr år. Jamvel om denne kontrakta ikkje vart skrive og tinglyst fyrr i 1898, trur me helst at Olav Glidbjørg og folket hans kom hit med det same Tarald flutte ifrå, og iallfall at dei var plassfolk under Systog ei tid fyre 1898. Om dette ikkje hadde vore såleis, hadde det ikkje vore nokon rimeleg grunn til at bruket skulle omtalast som plass i det sistnemnde året.

  • Olav Helleiksson Glidbjørg, f 1843, d 1908
g 1865 m Hæge Eivindsdtr. Stavenes, f 1842, d 1915. Born:
  • Helleik, f 1865, smbr., d 1939, g 1893 m Ingebjørg Olavsdtr. Gjerden, busett Øvre Heggli, Skafså, gnr 45, bnr 3, born:
  • Guro, f 1889
  • Hæge
  • Ingebjørg, f 1895
  • Olav f 1897
  • Ingebjørg; f 1898
  • Oline, f 1900, jfr. Mo bygdebok II, 26
  • Torbjørg, f 1866, g 1891 m Eivind Tarjeisson Sanden, sjå Sanden, gnr 16, bnr 9
  • Dødfødd gut, 1868
  • Auver, f 1869, g 1896 m Ingebjørg Tarjeisdtr. Skolås, sjå Stigamidjom, bnr 20
  • Åse, f 1872, g 1903 m em Knut Åvoldsson Byklum, sjå Juvet, gnr 14, bnr 4
  • Hæge, f 1875, d 1928, g 1. 1895 m em Knut Torleivsson Lunden, g 2. 1903 m Sven Gunnarsson Røysland, sjå Valle VI 518 f, 536
  • Birgit, f 1878, d 1953, g 1901 m Torkjell Kjetilsson Flateland, busett Åsdokk under Løyland, Valle, jfr Valle VI, 267
  • Anne, f 1883, d 1965, ug, busett her

Olav var son åt Kjetil Helleiksson Glidjørg og kona, Torbjørg Auversdotter, som budde i Berdalen Der nede. Hæge var frå Stigamidjom og dotter åt Eivind Ånundsson Stavenes og kona, Åse Tarjeisdotter.

Olav og Hæge budde mange stader. I åra frå 1865 til 1870 heldt dei til hjå folket hans i Glidbjørg, sidan var dei nokre år i Hisdal, og 1875-76 budde dei i Der nede i Berdalen. Sidan var dei attende i Hisdal ei tid, men i 1880 var dei på Dysje, og i 1882 hadde dei adresse Sanden. Kor lenge dei budde der er uvisst, men i 1891 ser me at dei hadde vorte bruksfolk hjå Torleiv Ånundsson i Mosdøl, bnr 3. Truleg flutte dei hit kort etter 1891.

Olav fekk som nemnt kontrakt på «pladsen Hagen» i 1898, men både folketeljinga frå 1900 og kyrkjeboka omtalar han som «brugsmand» og ikkje som «husmand» . Han sat som bruksmann i Hagen til han døydde i 1908. Etter dette vart bruket skyldsett for seg sjølv (bnr 9), og selt. Seljaren i 1908 var Folke T. Stavenes, som må ha fått bruket hjå faren, ovannemnde Torleiv O. Stavenes.

Av ein eller annan grunn sto Olav Tarjeisson Trydal i Systog som medunderskrivar i skøytet, og her har me kanskje forklaringa på at Strandehagen i matrikkelen står oppført som utskilt frå bnr 2, men det er ingen tvil om at bruket i røynda gjekk ut frå bnr 4. Det som var att av bnr 4 etter utskiljinga har framleis det same bruksnummeret, og høyrer framleis til Stavenes, nå rett nok til Nybu og ikkje til Utistog.

Han som kaupte Strandehagen i 1908 var Olav Tarjeisson Sanden, som på denne tid skreiv seg med etternamnet Nesland, avdi han åtte og bruka Systog Nesland, gnr 10, bnr 4. Olav var son åt Tarjei Eivindsson Stigamidjom eller Sanden. Ved kaupet av Hagen la han bruket sitt på Nesland i byte. Dette var verdsett til 2000 kr, medan Hagen sto i 750, så Folke Stavenes måtte ut med eit mellomlag på 1250 kr. Olav Sanden slo seg ned i Hagen, og budde her livet ut.

  • Olav Tarjeisson Sanden, f 1869, d 1926
g 1913 m Ingebjørg Olavsdtr. Lien f 1875, d etter 1926, ikkje born.

Ingebjørg var frå bnr 15 i Rygnestad, dotter åt Olav Kjetilsson Lien og kona, Torbjørg Nilsdotter (jfr. Valle VI, 224). Me har ikkje funne henne mellom dei gravlagde i kyrkjeboka, og reknar difor med at ho må ha døytt utanfor bygda.

Ingebjørg og Olav var barnlause, og Olav skøytte difor, 4 dagar fyre han døydde, bruket over på brorsonen:

Tarjei E. Sanden i 1910. På den tid var det å få seg sykkel minst like gjævt som det i dag kan vera å få seg ny bil. Bilete frå Ingebjørg Vegestog.
Tarjei E. Sanden (1892-1982) og kona Anne Bjugsdotter, fødd Homme (1898-1988). Brurebilete frå 1919, frå samlinga til Setesdalsmuseet.
  • Tarjei Eivindsson Sanden, f 1892, d 1982
g 1919 m Anne Bjugsdtr. Homme, f 1899, d 1988. Born:
  • Torbjørg, f 1919, d ca 1991 husmor, g 1950 m Gunnar Olsson Sordal, busett Bygland, born:
  • Olav, f 1951, kjøpmann, g m Åsa Hornnes, busett Bygland
  • Terje, f 1954, salskonsulent, busett Kristiansand, g m Reidun (Lilla) Øvland
  • Anne Lise, f 1951, pedagogisk rådgjevar, g m Hans Abrahamsen, busett Stavanger
  • Ellen Marie, f 1955, lærar g m Olav Tysdal, busett Sandnes
  • Marit, f 1961, miljøarb., g m Svein Martin Løvaas, busett Sandnes

Foreldra åt Tarjei var Eivind Tarjeisson Sanden og kona Torbjørg Olavsdotter, fødd Glidbjørg. Dei er omtala i bolken om Sanden, gnr 16, bnr 14.

Anne Bjugsdotter var frå Oppundhaug i Steinsland, dotter åt Bjug Knutsson Homme og kona, Margit Olavsdotter (jfr. Valle III, 580).

Tarjei og Anne bygde dei husa som står på bruket i dag. Stoga, eit typisk setesdalshus i 2 høgder, sto ferdig i 1939, medan uthuset vart oppført i 1952. I fjoset vart det i 1953 registrert 2 kyr, 2 kalvar og 6 sauer.

Anne O. Trydal, syster åt godfar av Tarjei, budde på sine eldre dagar her ilag med Tarjei og familien hans. Ho døydde i 1965.

Etter det bygdefolk veit å fortelje var Tarjei den sterkaste og sprekaste karen som har livd i Bykle i nyare tid, mykje til idrottsmann og reinsjeger, og heilt umogeleg å leggje på ryggen. Ved sidan av bruket sitt var han ma. flotarbas, skogsarbeidar og jaktoppsynsmann.

På byrjinga av 1960-talet selde Tarjei jordvegen frå bruket sitt til Såvi Auversson på Torstveit, bnr 28. I 1990 overdrog Såvi jorda til dottera Solveig. Etter at Tarjei og Anne døydde har det ikkje vore nokon som har budd her fast. Eivind Tarjeisson i Sandnes overtok husa, men selde dei kring 1980 til fritidsbustad til ein Kummedal frå Sandnes. Dette siste salet er ikkje tinglyst eller matrikkelført.

Den dyrka jorda i Hagen har vore rekna til 15-16 mål, medan totalarealet er ein stad mellom 20 og 30.

Tarjei Sanden var flotarbas, og her set me inn nokre av dei bileta Setesdalsmuseet har frå tømmerflotinga i Otra. På de to fyrste bileta ser ein at dei er i full sving med få tømmeret ut or ei evje utanfor Heddi. Tømmeret hadde det med å reka inn og stoppe der. På dei to siste har dei matkvild, Tarjei sit midt på det tredje biletet og på det siste har han hadda seg nedpå etter maten. Me ser at han har notisboka framme, og ved sidan av han ligg nysteskrinet. Alle desse bileta er tekne våren 1960. Fotografen var Olav J. Haugeland.

Strandehagen 24.1.2006.
Foto: Aanund Olsnes

Eksterne lenkjer


0941 Bykle komm.png Strandehagen (Bykle gnr 17/9) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Myri • Neste bolk: Kroné (Skarberg)