Hallvard Baade

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Hallvard Baade (fødd 1938 i Sande kommune, Møre og Romsdal) er ein tidlegare elektroinstallatør og KrF-politikar i Sykkylven. Ved sida av å drive sjølvstendig verksemd som elektroinstallatør, har han vore aktiv i indremisjonsarbeidet og i drifta av bedehuset. Han har også vore engasjert i lokalpolitikken. I åtte år sat han i kommunestyret og i formannskapet for Kristeleg Folkeparti. I heile 20 år var han med i forliksrådet, 16 av desse som leiar.

Bakgrunn

Hallvard Baade er fødd og oppvaksen på øya Voksa i Sande kommune. Etter realskule på Stranda byrja han som elektrikarlærling i Ålesund. Yrkesvalet stod ei stund og vippa mellom bygnings- og elektrofaget. Han valde det siste fordi familien kjende ein som dreiv i faget i Ålesund. Etter denne praksisperioden, gjekk han teknisk skule i Narvik. Her vart han ferdig i 1964. Det var same året som han gifta seg med Ingjerd frå Tingvoll.

Dei neste ti åra arbeidde han på ingeniørkontor der han veksla mellom planleggingsarbeid og arbeid i felten. Dei første tre åra var han i Oslo, så vart det sju år i Ålesund, hos ingeniørfirmaet F.E. Espeseth.

Til Sykkylven

I 1974 flytte han til Sykkylven og her han og Ingjerd slått rot. Han byrja med ein gong for seg sjølv, og etablerte firmaet Baade Elektro. I mange år dreiv han det som eit einmannsfirma, men i heile 20 år hadde han Ottar Valderhaug som tilsett. Eitt av dei største oppdraga han hadde var då han mest åleine monterte det elektriske anlegget då Gjerdefabrikken var gjort om til 27 bustadeiningar. Han var også i ei årrekkje fast elektromontør for Emballasje/Peterson.

Engasjementet for indremisjonen har følgt Hallvard Baade heile hans vaksne liv. Då han budde i Ålesund var han med i bedehusdrifta og i indremisjonen i Spjelkavik. Han søkte raskt til det same miljøet då han flytte til Sykkylven. Han vart etter kvart leiar i bedehusstyret. Ein periode var han også leiar i krinsstyret i Sunnmøre Indremisjon.

Lokalpolitikar

Det politiske engasjementet byrja også i Ålesund, der han var vara til bystyret for Kristeleg Folkeparti. Kr.F. gav Hallvard Baade raskt tillit også i Sykkylven, og i 1979 vart han vald inn i kommunestyret. Han var omtykt for dei personlege eigenskapane sine også i andre parti, og i 1985 var han sterkt på tale som ordførar i Sykkylven. Dei seinare åra har han lagt alt politisk og organisasjonsmessig arbeid på hylla.

Friluftsliv

Hallvard og Ingjerd Baade har alltid vore interesserte i friluftsliv. Dei har lang fartstid som aktive medlemer i Den norske Turistforening og har opp gjennom åra gått mykje i den norske fjellheimen. I 2000 bygde dei hytte på barndomsøya til Hallvard, Voksa. Her er dei mykje saman med familien somrane. Hallvard og Ingjerd har tre born; eldstesonen Jørgen som bur i Oslo, Helene som bur i Sykkylven og Torbjørn i Bergen. Dei har også åtte barnebarn.

Kjelde