Hanahaug

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Hanahaug er neset der kaia på Leikanger ligg i dag. Hanahaug er ein gamal gjestgjevarstad, og det var også skysstasjon. I 1858 fekk Hanahaug dampskipskai, som gav grunnlag for hotell og bakeri. Leikanger Fjordhotell blir framleis drive av familien Lie.

Gjestgiveri

Det var truleg gjestgiveri på Hanahaug frå midten av 1600-talet, men den fyrste kjende gjestgjevaren var Jon Tomasson Fosse (1718-1769). Enkja hans, Kari, gifta seg på nytt med Gjert Nilsson Falk og desse to dreiv gjestgiveriet vidare i nokre år før dei flytta til Balestrand.

I 1902 gjorde Jan Gjøvåg Olsen gjestgiveriet om til hotell som fekk namnet Olsens Hotell. Lie-familien tok over drifta i 1920, bygde opp att hotellet etter brann i 1926 og endra namnet til Leikanger Fjord Hotel. To generasjonar seinare driv Jan Erik Lie framleis hotellet på Hanahaug.

Gjestgjevarane frå 1718

  • Jon Tomasson Fosse (1718-1769)
  • Tomas Fosse (1731-1785)
  • Eirik Oddmundson Njøs (1755-1821)
  • Sylfest Mikkelson Barsnes (1802-1844)
  • Herman Brun (1804-1865)
  • Johan Herman Brun (1833-)
  • Jan Gjøvåg Olsen (1850-1920)
  • Gustav Reinhard Lie (1895-1972)
  • Jomar Lie (1922–2004)
  • Jan Erik Lie (1955-)

Familien Brun

Etter Sylfest M. Barsnes tok Herman Brun over som gjestgjevar, og han dreiv samtidig butikk både på Hanahaug og på Hermansverk. Etter at Herman Brun døydde i 1865 tok enkja Engel Brun over drifta både på Hanehaug og Hermansverk og dreiv saman med den ugifte dottera Marie til ho sjølv døydde i 1881.

Då enkja etter Herman Brun døydde tok ein yngre son i syskenflokken, Johan Herman Brun, over alle eigedomane. Svigersonen til broren Hans Johannes Brun, Peter Johan Fretheim, overtok eigedomane på Hermansverk i 1884, medan Johan Herman Brun dreiv på Hanehaug til han gjekk konkurs i 1893. Frå 1893 tok Leikanger Handelsforening, eit bygdeeigd aksjelag, over drifta av butikken på Hanehaug i nokre år.

Skysstasjon

På Hanehaug i Leikanger var det, truleg heilt sidan skyssplikta vart innført i 1648, skysstasjon. Dei som var skysskaffarar budde der kaia og hotellet på Hanehaug ligg i dag.

Skysskaffarane var pliktig å skaffe transport til embetsmenn og geistlege. Skyssplikta var mislikt av folk flest då ingen vart løna for skysstenestene. Dei næraste skysstasjonane var Flesje vest for Balestrand og Frønningen ved innløpet til Aurlandsfjorden.

Ny kai

Hermansverk vart stoppestad for Fylkesbaatane frå starten av selskapet i 1858. Heilt fram på 1970-talet var Hermansverk den viktigaste stoppestaden i kommunen. I 1963 vart det vedteke å byggje ny kai på Hermansverk, men kaia vart likevel ikkje bygd. I staden vart det bygt nytt, stort kaianlegg på Hanehaug/Leikanger i 1974, og kaia på Hermansverk lagd ned.

Hanen på Hanahaug

På ei grøn trafikkøy midt på plassen oppom kaien på Hanahaug står Hanen - den fyrste skulpturen i Leikanger. Hanen vart avduka søndag 8. juni 1980. Kunstnaren er Skule Waksvik.

Det var velforeininga for Hanahaug - Haneringen (skipa 18. april 1980) som tok initiativ til innkjøp av skulptur på Hanahaug. Skulpturen kosta 10 000 kroner, men denne kostnaden tok Leikanger Sparebank mot å få inngravert namnet på foten av skulpturen: GÅVE FRÅ LEIKANGER SPAREBANK 1980.

Kjelder

Artikkelen om Hanahaug er ein del av kulturminneløypa Kulturminne langs Sognefjorden.