Hanna Th. Flittie

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hanna Th. Flittie
Foto: Ukjent

Hanna Th. Flittie (fødd 7. desember 1863 på Flitti i Lesja, død 12. februar 1932) vart innvald som fyrste kvinnelege medlem i Lesja heradsstyre i 1904. Ho var dotter av Thrond T. Flittie (1815–1881) og Anne Olsdtr. f. Hauje (1823–1913),

Hanna gjekk lærarskule i Klæbu, men kom ikkje til å arbeide i skulen. Ho starta i staden med handelsverksemd, og bygde seg butikklokale ved riksvegen ovafor heimgarden, Flittibue. Attåt butikken hadde ho ein liten jordveg og eit par kyr, som ho fødde dels med høy ho tok i mot i byte med handelsvarer. Ei rekneskapsbok etter ho syner òg at ho dreiv med fehandel.

Gravsteinen til Flittie-familien, Lesja kyrkjegard.
Foto: Jan Harald Eide (2005)

Hanna Flittie kjøpte seg tidleg sykkel, og reiste mykje mellom anna på ungdomslagsstemne. Ho var den fyrste i grenda som nytta landsmålet og det reine norske flagget. I 1902 vart ho første varamedlem i kommunestyret og i 1904 vart ho fast representant, rett nok berre for ei periode.

Kjelder og litteratur

Eksterne lenkjer