Hans Olson Urdahl

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Hans Olson Urdahl (fødd 13. april 1824, død 14. september 1878) var gardbrukar på Leri i Luster i Sogn og Fjordane.

Han var son av gardbrukar og lensmann Ole Hansson Urdahl (1798-1891) frå Bringe i Luster og Margretha Lassesdotter (1793-1847) frå Leri. Ole og Margretha overtok Leri i 1823, og Hans voks opp der.

Hans Urdahl fekk skøyte på heimebruket Leri (bnr. 1) 8. april 1850. Faren var då enkjemann og flytte til Sandvik. Hans gifte seg 17. oktober same året med Ingeborg Johannesdotter (1828-1912) frå Natadalen i Hafslo.

I 1852 fekk Urdahl òg skøyte på Leri (bnr. 5) og dreiv dei to bruka som ei driftseining. I 1857 selde han bnr. 5 og vart buande på heimebruket til han døydde i 1878. Enkja Ingeborg dreiv vidare og let garden over til eldste sonen Per kring hundreårsskiftet.

Hans og Ingeborg fekk åtte born:

  • Margretha Hansdotter Urdahl (1852-1937), utvandra til Amerika
  • Per Urdahl (1854-1935), var lærar og ordførar, og tok over heimebruket
  • Ole Hansson Urdahl (1857-1919), ugift, studerte ei tid, men flytte heim til Leri
  • Johannes Hansson Urdahl (1859-1928), lærar, budde på Bolstad
  • Jørgen Hansson Urdahl (1861-1891), ugift
  • Anna Sophie Hansdotter Urdahl (1864-1929), utvandra til Amerika
  • Hans Hansson Urdahl (1867-1952), utvandra til Amerika
  • Erik Hansson Urdahl (1872-1918), utvandra til Amerika

Kjelder

  • Øyane, Lars E. (1987). Dale 2 og Nes sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 3). Gaupne: Luster kommune, s. 312-313.

Eksterne lenkjer