Hans Rasmussen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Signatur i futerekneskapen for Sogn 1611-12.

Hans Rasmussen (Rasmussønn, Rasmußønn) var fut i Sogn frå 1611 til han vart avsett for skatteflåing og økonomisk misleghald i 1616.

Opphavet til Hans Rasmussen er ukjend. I 1604 fekk han livsbrev på garden Herlø ut levetida for seg sjølv, kona og borna av lensherren på Bergenhus, Laurits Kruse. Rasmussen var på denne tida slottsskrivar på Bergenhus. I 1609 vert han nemnd som borgar i Bergen.

Frå 1611 var Hans Rasmussen fut i Sogn for lensherre Nils Vind på Bergenhus. Han overtok embetet etter den avsette og bortrømde futen Gjøde Pedersen. Sogn futedøme femnde om heile Sogn unnateke Luster (sjå Dale len), og Rasmussen skulle i tillegg forvalte og avleggje rekneskap for godset etter Gjøde Pedersen. Den fyrste futerekneskapen for Sogn som Rasmussen har signert, er for perioden 1.5.1611-1.5.1612.

I september 1614 møtte 12 mann på Kaupanger for å taksere godset etter Gjøde Pedersen. Då viste det seg at Hans Rasmussen ulovleg hadde tileigna seg ein del av verdiane. Kongen gav i juni 1616 den nye lensherren på Bergenhus, Knut Urne, ordre om å setje i gang ein rettsprosess mot Rasmussen og ein annan fut som hadde forbrote seg. Frå buet etter Gjøde Pedersen vart Rasmussen skulda for å ha teke tre hestar, seks kyr, seks oksar, fire feite svin, sengeklede, kjøkkenty med meir. I tillegg hadde han vinteren 1614 ulovleg hogge 50 tylfter tømmer i kongens skogar, og han hadde teke storgarden Stedje i Sogndal frå bygselbøndene og behalde han sjølv. På Hovland i Sogndal hadde han bygd ei ulovleg sag, og han hadde halde ein del sal frå Gjøde Pedersen sitt bu unna rekneskapen.

Hans Rasmussen vart avsett, og den siste futerekneskapen han signerte, var for perioden 1.5.1615-1.5.1616. Etter han vart Anders Lunde fut i Sogn.

Kjelder og litteratur