Harald Ramm Østgaard (1855–1908)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Harald Ramm Østgaard.
Foto: R. Ovesen, Kristiania.

Harald Ramm Østgaard (fødd i Vestre Aker 29. januar 1855, død i Lom 1908) var jurist, sekretær i Den Norske Turistforening 1881-1884 og lensmann i Lom 1884-1908. I Lom var han aktiv i kommunalt styre og stell, i sparebanken, telefonselskapet o.a., og han var med i det førebuande arbeidet for jernbane gjennom Gudbrandsdalen.


Familie

Gabrielle Augusta Winsnes ca. 1875. Foto: Fotografisk Atelier L. Abel & Co., Christiania.

Foreldra var jurist og forfattar, seinare fut i Sør-Østerdal futedømme, Nikolai Ramm Østgaard (1812-1873) og Anna Gunhilda (Gunelia) fødd Neergaard (1828–1910).

Harald hadde desse syskena:

  • Valborg Magdalene Østgaard (Baumann) (1852-1894)
  • Einar Østgaard (1857-1907)
  • Ragnhild Østgaard (1859-1942)
  • Thora Bjerck Østgaard (1861-1938), (Schulerud)
  • Aagot Østgard (1863-1874)
  • Signy (1866- 1953) (Rønneberg)

Harald Ramm Østgaard gifta seg i Skien 9. juli 1881 med Gabrielle Augusta Winsnes (1850-1918), dotter av presten Christian Lind Winsnes og Barbra Eleonore Petronelle Kjerulff. Harald og Gabrielle Østgaard fekk fem born:

  • Erling Ramm (1882-1964). Ingeniør. Gift med Edith Evensen (1894-1980).
  • Astrid (1884-1958). Kunstmålar. Ugift.
  • Alf Ramm (1886-1965). Bankmann. Gift med Gunvor Johnsen (1903-1988).
  • Gudrun (1888-1958). Gift med Hans N. Ødegård (1877-1950), lensmann i Skjåk.
  • Solveig (1891-1972). Gift med August Bolstad (1896-1966), prest.

Oppvekst og utdanning

H.R.Østgaard som student 1872 eller 1873. Foto: I. Lindegaard, Christiania.

Harald Ramm Østgaard hadde sine fyrste barneår på Torshov, som fram til 1859 tilhøyrde Aker herred. Familien budde på Rosenlund, ein eigedom som faren hadde kjøpt i 1844.

Da faren vart fut i Sør-Østerdal i 1859, selde dei Rosenlund og flytta til Elverum. Dei budde i følgje folketeljinga 1865 på garden Helset.[1]

På Elverum fekk Harald dels undervisning i heimen av guvernanter, dels gjekk han på privatskule hjå sorenskrivar G.R.Schirmer. I 1868 tok han til på latinskulen på Lillehammer, der han gjekk i fire år og tok examen artium i 1872. Våren 1873 tok han andreeksamen ved universitetet, og byrja studere teologi. Familien fekk økonomiske vanskar da faren døydde i januar 1873. Dei flytta attende til Kristiania, og i 1875 finn vi dei i ein leiegård i Munkedamsveien 31.[2][3] Der bur mora som pensjonist, Harald og fire av syskena og ei tenestejente.

Harald måtte i denne situasjonen førebels gje opp studiane. Han bestemte seg for å dra til sjøs, men fortel sjølv at kvelden før han skulle hyre på, fekk han tilbod om huslærarpost hjå presten Jens Peter Jarmann i Nord-Fron. Harald vart såleis lærar og vart også sett til det han sjølv kallar «qvasikapelanvirksomhed» der i to år. Hausten 1875 byrja han igjen på universitetsstudiar i Kristiania, nå jus. Studiane finansierte han dels ved legatmidlar, dels ved lønna arbeid ved sida av. Han tok juridisk embetseksamen i desember 1879.

Sekretær i turistforeininga og anna yrkeserfaring til 1884

I studietida hadde han ekstraarbeid i vikariat hjå advokat C.H.Schweigaard, på Kristiania stiftskontor, for statssekretariatet o.a. I 1877 vart han engasjert av Røroskommisjonen til å ta avskrifter av dokument i Riksarkivet. Året etter vart han tilsett som arkivassistent i Riksarkivet.

I 1881 vart Østgaard sekretær i Den Norske Turistforening og sat i denne stillinga til våren 1884, da han vart tilsett som lensmann i Lom. Han hadde i tida i Turistforeininga samstundes behalde stillinga i Riksarkivet til i mars 1884.

Lensmann i Lom 1884-1908

Garden Sygard Stamstad, der familien Østgaard budde dei fyrste åra i Lom. Biletet er teke ca. 1918-1919. Erling Ramm Østgaard (1882-1964) og kona Edith (1894-1980) er på besøk hjå Hans (1850-1928) og Embjørg (1859-1940) Stamstad. Dei overtok som brukarar om lag på same tid som også Østgaard-familien flytta inn der. Ukjent fotograf..
Garden Nørdre Øy, som Harald Ramm Østgaard åtte. Målarstykke av Astrid Østgaard (1884-1958), dotter av H.R. og Gabrielle Østgaard.
Lensmannsdistriktet omfatta den gongen både Lom og Skjåk. Østgaard kjende etter måten godt til desse traktene gjennom arbeidet sitt i Turistforeininga. Han hadde i det heile teke reist mykje rundt i landet i den tida, og framheldt sjølv «at der mellem Lindesnes og Hammerfest ikke er mange strækninger som han ikke har berørt».[4] Faren hans hadde også i si tid vore i Lom og skildra besøket i boka Fra Skov og Fjeld.

Den nye lensmannsfamilien budde fyrst på Sygard Stamstad, så på Synstad, som var lensmannsgard under forgjengaren Peder Alfstad. I 1891 kjøpte Østgaard garden Nørder-Øy nedst i Bøverdalen nær Fossbergom (sentrum i Lom). Folketeljinga 1900 gjev oss eit blikk inn i eit «kondisjonert» hushald i fjellbygda.[5] Det omfatta 15 personar, eller 14 når ein ikkje reknar med sonen Erling,som gjekk på Kristiania tekniske skole. Hushaldet stakk seg ut i bygdesamfunnet mellom anna ved å omfatte guvernante og kontorist. Det var tre faste tenestefolk: stuepike, budeie og ein tenestekar. Dessutan hjelpte «tante Grethe» til i hushaldet. Det var Gabrielle Østgaards ugifte og «ubemidlede» syster Margrethe Kirstine Winsnes. Østgaard-familien snakka riksmål, men borna brukte visstnok dialekt i omgang med bygdefolket. Borna fekk privatundervisning av guvernanter, mellom anna i framandspråk og pianospel. Familien hadde mykje omgang med doktoren, prestefamiliane i både, Lom, Skjåk og Vågå, futen og sorenskrivaren, som båe budde i Vågå, men også med «de likeste gardbrukerne».[6]

Østgaard vart verande i lensmannsstillinga i Lom til han døydde i 1908, 53 år gammal. Enkja selde da snart Nørder-Øy, og ho og borna flytta til Kristiania. Det har skjedd før folketeljingstidspunktet 1910 (1. desember), for da er familien etablert i Jacob Aallsgate 9.[7]

I Lom hadde Østgaard mange kommunale verv, og var engasjert i anna verksemd. Han var i kommunestyret, i likningsnemnda, og var forlikskommisær. Han var kommunens representant i førebuingane til Gudbrandsdalsbanen i andre halvparten av 1880-åra, og vart medlem i Kristian amts jernbanekomite som representant for Nord-Gudbrandsdalen. Østgaard var styreformann i Lom og Skjåk sparebank, og medstiftar av og direksjonsformann i Loms telefonselskap.

Litterær åre?

Østgaard har etterlate seg vers og anna som viser at han var ein habil leilighetsdiktar, helst i familiesamanheng. Ut over dette fortel Østgaard i 25-årsberetninga om studentane frå 1872: «Uagtet jeg er søn af en digter og muligens kan have været i besiddelse af en liden aare, har min litterære virksomhed indskrænket sig til udgivelse af turistforeningens aarbøger 1881-83; mine øvrige 'opera' henligger i manuskript og vil forhaabentlig og til beroligelse for menneskeheden aldrig se dagens lys.»

Referansar

  1. Harald Østgaard i folketelling 1865 for Elverum prestegjeld fra Digitalarkivet
  2. Harald Østgaard i folketelling 1870 for Lillehammer kjøpstad fra Digitalarkivet
  3. Harald Østgaard i folketelling 1875 for Kristiania kjøpstad fra Digitalarkivet
  4. Studenterne fra 1872.
  5. Harald Ramm Østgaard i folketelling 1900 for Lom herred fra Digitalarkivet
  6. Hosar, Aase 2002 side 7.
  7. Gabrielle Augusta Østgaard i folketelling 1910 for Kristiania kjøpstad fra Digitalarkivet

Kjelder og litteratur

  • Hosar, Aase: Mine livsminner. Trykt 2002 og distribuert privat til familie o.a. interesserte.
  • Kolden, Jon: Bygdabok for Lom, bd. 2 og 3. Lom kommune 2005.
  • Oslo byleksikon, oppslag «Rosenlund» og «Østgaards gate».
  • Studenterne fra 1872. Kristiania 1897. (Sjølbigrafiar skrivne i samband med 25-års jubileet som artianarar.)
  • Østgaard, Ragnhild: Utrykt slektstavle 1941.

Eksterne lenkjer