Hauganglomen, Skreskromen og Veavargjen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Solliskeiet.

Hauganglomen, Skreskromen og Veavargjen heldt til i den nordlegaste delen av Fyresdal, der vatnet Skredevatn, som tidlegare heitte Foldsæ, ligg. Foldsæ tyder det breie vatnet. Nær dette ligg tre gardar som mellom anna er del av ei gamal segn, gardar som langt attende var dei einaste i desse bygdelaga.

På vestsida ligg Skrede, på austsida Haugane, og lenger syd for vatnet ligg Veum. Syd for vatnet ligg og Solliskeiet som er ein gamal leikarvoll/stridsvoll.

Frå dette området fortel segna om personar på desse gardane; kjemper eller kanskje høvdingar frå gamalt? På Skrede budde Skreskromen, å døme ut frå namnet var dette ein kar som tala hardt og med mykje skryt. På Veum budde Veavargjen, ut frå namnet var dette ein uroleg, utakksam og vill kar. Og på Haugane budde så Hauganglomen som ut frå namnet var ein kar med eit litt skummelt ansikt, ei mørk mine.

Hauganglomen, Skreskromen og Veavargjen

Kart som syner Haugane, Skrede, Veum, Solli og Veamyrane. Strånd ligg mellom Skrede og vatnet.

Bendik Taraldlien fortel:

Hauganglomen, Skreskromen og Veavargjen var tri svære kjemper som budde på Haugane, Skréi og Veum. Ein gong la dei til å slåss på Veamyrane . Det vart ein fæl kamp og alle tri fekk store sår. Skreskromen rokk til Skréi og Hauganglomen til Haugane, men der fall dei og blei lagde i haug. Veavargjen var så medteken at han bare så vidt rokk av stridsvollen før han stuppa, og der blei det lagd haug over han.

Veamyrane er ikkje langt frå Solliskeiet. I dette området er det ein svær haug, ein punktesker frå istida, som markerer seg tydeleg på dette slette området. Den er i seinare tid kalla Bukkebakk. Det vart ein gong teke mykje av han til veggrus, men dette vart stoppa. Denne store haugen har ein i alle år hevda at er haugen til Veavargjen. Her er ikkje gjort gravfunn. På Skrede er det gjort gravfunn og det er sagt at det var ein haug mellom dei to noverande gardane som no er sletta. Haugen til Skreskromen?

På noverande Midtgarden, tidlegare nemnd som Hammershus og eit underbruk av Haugane, er der ein haug som heiter Blomhaug. Denne er syd for tunet på nedre Midtgarden (2019), den er mindre markera og kan godt og vere ein esker. Ingen gravfunn her. Er og av og til feilaktig nemnt som Glomhaug, peikande på Hauganglomen, men Hauganglomen er hauglagd «--paa garen sin nor i jori –.» /Buåker på øvre Haugane. Ein noko utjamna haug her kan godt vere Glomshaug.

Hauganglomen og Veavargjen

Så har vi ein meir fyldig variasjon som no berre har med Hauganglomen og Veavargjen. Bendik Taraldlien fortel om desse og. Veavargjen var stor og sterk, men hard og vond og han egla på seg folk han møtte. Alltid vann han og folk ville helst sleppe å kome i slagsmål med han.

Ein gong var det eit lag på Hamarshus, der var øl og brennvin og karane drakk. Veavargjen kom og ville egle, husbonden ville gjeve han øl, men Vargjen hadde ikkje kome for å drikke og slo han ned. Ein etter ein rømde folk ut, men ein sat att. Det var Torgeir Haugane, seinare kalla Hauganglomen. Han var stor og sterk, men ung og hadde ikkje prøva krefter med kjempekarar før. Det enda med ryggtak og kamp og til slutt fekk Veavargjen skikkeleg juling og vart kasta på dør. Men då galdt Torgeir for å vere frikaren i bygda og fekk namnet Hauganglomen.

Så var det då ei jente i Fyresdal som skulle vere Åshild Strond frå Hauggrend, men segna fortel og at ho skulle vere frå den gamle heigarden Fjøddi i Hauggrend. Ho var ei fager jente, men stor i ord. Ho hadde mange friarar. Ho hadde høyrt at Hauganglomen hadde vunne over Veavargjen og tok vel mot han. Veavargjen tok ho ikkje så godt mot og terga han med at Hauganglomen var sterkare. Ho sette dei opp mot kvarandre. Hauganglomen ville ikkje slåss, men Åshild sa at ho berre ville ha den sterkaste av dei endå ho berre var glad i Hauganglomen. Det enda då med at dei møttest på Solliskeiet. Det var ein gut som hadde sett dei drog. Dei hadde tomannsbelte kring seg, kjempa og kjempa og tilslutt hadde dei stukke kvarandre med kniven slik at båe døydde. Åshild sat heime og var uroleg, redd for kva ho hadde stella til. Folk kom og sa dei leita etter desse karane, ho tenkte sitt og fann dei på Solliskeiet. Ho kasta seg over Torgeir, gråt og gråt til folk fekk leia henne heim. Der stengde ho seg inne i loftet, ho vart så rar av seg og streifa seinare rundt omkring som på jakt etter noko. Det var som ein falma blom som visna mot ein for tidleg haust. Hauganglomen vart lagd i haug, mange hadde venta seg så mykje av denne unge guten.

Åshild såg dei mange gonger ved Glomshaug, der kunne ho sitte og tale med seg sjølv som ho venta svar frå han der inne. Ein vintermorgon blei ho funne død der på haugen, ho hadde fryse i hel den kalde vinternatta.

Drøftingar

På Haugane gnr. 95, Skrede gnr. 91 og 92 og Veum gnr. 85 og 86 er det funne ting frå jernalder og har truleg vore gravhaugar/gravrøyser. Har desse tre gardane vore høvdingseter med høvdingar som har kjempa seg imellom, og desse hendingane blitt overlevera opp gjennom tidene? Namnet Torgeir Haugane er kjend frå 1600-talet på Haugane og kan godt ha vore nytta på garden lengre tid attende. Strånd er ein plass under Skrede søndre. Den vart bygt av gardjenta Åshild Torgrimsdotter som fekk festekontrakt av bror sin i 1829 og budde her til ho i 1843 utvandra til Amerika. Solli er ein gamal gard som i seinare tid og har vore under Skrede søndre, på sletta nedanfor denne er Solliskeiet.

Har tidlegare hendingar etter kvart vorte knytt til kjende namn? Frå gards- og ættesoga ser ein at også i nyare tid har folk frå desse gardane vore i slåsskamp med kvarandre og fått bøter. I denne segna er det nok urgamle overleveringar som etter kvart har blitt sett inn i eit nyare tidsbilete.

Kjelder og litteratur

  • Lie, John. Aarolilja. Dikt. 2dre Utgaava. Kristiania. Bertrand Jensens forlag 1897. Han har her skrive eit lengre diktsyklus om Torgeir og Aashild inndela i tre bolkar, Hamarshus – Ota, Dei spenner Belti og Aashild syter.
  • Lie, John. Torgeir og Aashild, eigen del av Sjå deg attyvi. Fyresdal sogelag sitt årsskrift 2009. Her er Torgeir og Aashild i transkribert utgåve.
  • Taraldlien, Bendik. Fyresdal. Med bilæte. Fyrste utgåve 1910. Alb. Cammermeyers forlag. Kristiania.
  • Taraldlien, Bendik. Fyresdal. Andre utgåva 1949. Alb. Cammermeyers forlag. Oslo
  • Taraldlien, Bendik. Gamal og ny tid. 1930. (Her er ein fyldig artikkel.)
  • Torp, Alf Nynorsk etymologisk ordbok Kristiania. H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) 1919