Haugebakk under Uppistog Byklum

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Haugebakk
Byklum 62.jpg
Haugebakk 18.7.1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe
Alt. namn: Haugebakk under Uppistog Byklum
Rydda: 1883
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 14
Type: Småbruk

Haugebakk i Bykle ligg vestom Kroné og litt høgre i terrenget, altså ikkje fullt så langt ut på bruna mot åjuvet. Tilliks med Kroné har Haugebakk gått ut ifrå Uppistog, og også tilliks med Kroné vart det eit sjølveigande småbruk. Men Haugebakk vart aldri matrikulert for seg sjølv, og difor er eigedomen utan eiga landskyld og eige bruksnummer. Ein grunn til at dette i seinare tid ikkje har vorte oppfatta som nødvendig, er rimelegvis at oppsitjaren i Haugebakk etter 1949 også har ått Kroné, og at dei to bruka sidan då har vore rekna som eitt, med bnr 6 under Byklum, men utan at denne faktiske samanslåinga nokon gong har vorte formalisert.

Bruket kom til ved at Hallvard Torleivsson kaupte ein utmarksteig av Ånund Pålsson på Kultro i 1883, dyrka han opp, sette seg opp hus, og flutte hit.

Hallvard var frå Uppistogshaugo, foreldra hans var Torleiv Torleivsson Holen og kona, Margit Knutsdotter, fødd Hisdal. Ved hjelp av kyrkjeboka og folketeljingane kan me stille opp den fylgjande familielista:

  • Hallvard Torleivsson Byklum, f 1848, d 1919
g 1882 m Birgit Knutsdtr. Byklum (Kroné), f 1854, d 1940. Born:
  • Gunhild, f 1882, g 1914 m Pål Mikkelsson Byklum, sjå Torsbu, gnr 13, bnr 4
  • Torleiv, f 1885, g 1917 m Ingebjørg Andresdtr. Byklum (Hagen), sjå nedanfor
  • Margit, f 1888, d 1889
  • Knut, f 1890, g 1914 m Torbjørg Olavsdtr. Byklum, sjå Nystog, gnr 13, bnr 10
  • Margit, f 1893, d 1908
  • Jorunn, f 1893, d 1897
  • Torleiv, f 1898, ug., sjå Heggjestog under Torsbu

Birgit Knutsdotter kom frå Kroné, og var dotter åt Knut Pålsson og fyrste kona, Gunnhild Gunnarsdotter.

Bruket var for lite til å gjeva tilstrekkeleg utkome. I 1953 vart det oppgjeve at her var berre 3 mål dyrka jord. Torleiv laut difor skaffe seg alt det arbeid han kunne få utanom bruket. Den 31.12.1900 fortel såleis folketeljinga at han hadde reist ned til Pål Pålsson på Brokka i Valle, «for at tjene nogle dage». Same folketeljinga fortel elles at dottera Gunhild på den tid var tenestejente hjå Eivind Knutsson Flateland, gnr 25, bnr 11.

Me nemnde ovanfor at Hallvard kaupte Haugebakk av Ånund Pålsson i 1883, og flutte hit så snart han hadde hus klare. Men då det i 1905 kom til utskifting av innmarka i Byklum, synte det seg under den innleiande synfaringa at Ånund Pålsson hadde misfare seg på deildene, og selt ein teig som i røynda høyrde til Uppistog.

Dette laut det ryddast opp i, men Ånund Pålsson var forlengst død, og Gunvor Drengsdotter, som nå åtte Kultran, kunne ikkje godt gjerast ansvarleg for at Ånund hadde selt noko han ikkje åtte. Ho gjekk likevel med på å erstatte Hallvard Torleivsson for rudningsarbeidet hans på plassen med ein sum som utskiftingsretten kunne meine var rimeleg. Men då laut han gjeva avkall på eigedomsretten, og i staden gjeva seg som husmann under Uppistog.

For dette skulle han skjera eitt mål åker i året. Den tilkjende erstatninga for rudningsarbeidet vart 13 kr, men kaupesummen i 1883 hadde ikkje vore meir enn 20, og av dette hadde Hallvard berre betala 14 kr. Slik sett kan me seia at det han tapa på mistaket åt Ånund Pålsson berre var 1 kr.

Men oppsitjarane i Haugebakk ville ikkje vera husmenn i lengda, og i 1913 kaupte Torleiv Hallvardsson jordstykket kring husa og i tillegg ein ekstra teig med utmark. Kontrakta vart ikkje tinglyst, men ein gjenpart av henne har vorte teke vare på:

Underskrevne Olav Gjermundsen Byklum tilstaar og herved vitterliggjør at have solgt til Tellif Hallvardsen Byklum et jordstykke kaldet Haugebak for den sum 100 - et hundrede - kroner, som er betalt. Stykkets grænser er følgende: I nord gaar det til likanten, hvor der er opsat deilder, i vest gaar det til buveien, i syd gaar det til bytet med S. O. Rygnestads eiendom, i øst gaar det til Krobækken. I nævnte stykke er en bygselplads, som kjøberens fader har for sin og hustrues levetid. Den aarlige leie, kr 2.00, skal for fremtiden betales til kjøberen. Saasnart bygselstiden er ude (ved forældrenes død), overtages ogsaa den bygslede plads af Tellif. Jeg (sælgeren) skal være forpligtet til at underskrive skjøde naar kjøberen forlanger det. Skyldsætning og skjøde bekostes af kjøberen. Det bemærkes, at nærværende stykke blev kiøbt i 1913. Herved erklæres stykket for kjøberens retmæssige eiendom. Vedtaget og underskrevet i Vidners nærværelse.

Byklum 30.12.1916 Ole G. Byklum.
Vidner: Dreng O. Tveiten, Gjermund O. Byklum.

Då kjem me til han som kaupte bruket:

  • Torleiv Hallvardsson Byklum, f 1885, d 1950
g 1917 m Ingebjørg Andresdtr. Byklum, f 1879, d 1961. Born:
  • Birgit, f 1920

Ingebjørg Andresdotter var frå Hagen under Byklum, bnr 24. Foreldra hennes var Andres Olavsson på det bruket og kona, Anne Ånundsdotter, fødd Holen.

Torleiv hadde også dottera Gro, som vart fødd i 1911. Mor hennes var Åse Arnesdotter Byklum, enka etter Jon K. Nesland i Kosi. Gro Torleivsdotter gifte seg i 1930 med Guttorm Ånundsson på Garatun Åmli, bnr 13, og fekk sidan 4 born som med tida skaffa seg familie (sjå Valle III, 526). Åse, mor hennes, døydde i 1979.

Torleiv husa opp bruket. Han fekk seg opp nytt fjos i 1920, bur og stoge kring 1935 og løe nokre år seinare. Utanom bruket dreiv han med veg- og anleggsarbeid, stundom nokså langt avstad. I 1949 kaupte han grannebruket Kroné av Knut Olavsson Byklum, for å ha dette som slåttemark attåt Haugebakk. Men så døydde han i 1950.

Dottera Birgit overtok då bruket, og dreiv det åleine, rett nok med litt leigehjelp av og til, til ho vart pensjonist i 1987. Ho sat jamt med ei kyr og ei handfull sauer, og livde av dette. Etter at Birgit flutte åt ein kommunal aldersbustad på 1990-talet, har det ikkje budd nokon i Haugebakk.


0941 Bykle komm.png Haugebakk under Uppistog Byklum er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Kroné • Neste bolk: Kultran