Haugesagvegen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Haugesagvegen sett nordøstover frå Oterholtvegen.
Foto: Roy Olsen (2016).

Haugesagvegen i i Midt-Telemark kommune går nordøstover frå Oterholtvegen ved Bø MuseumOterholt til snuplass i skogen ved elva Juvsåa og er om lag 750 meter lang.

Vegen har namn etter dei to husmannsplassane Haugesag og blei namnsett i 1996. Det ligg sju einebustader langs vegen.

Drygt 150 meter sør for enden av vegen finn vi Haugesagfossen i Bøelva, den nedste av fossane som høyrde til Oterholt. Fossen blei tidleg utbygd, og alt kring 1600 var det sagbruk her. Det var helst byborgarar som hadde med drifta å gjere, og i 1616 forpakta såleis rådmann i Skien, Jan Corneliussen Trinepol og Nils Herø saga. Nils som var sagmeister, tok seg bustad like attmed fossen, og dette blei utgangspunktet for husmannsplassen Haugesag. I 1634 dreiv Nils framleis her. I 1822 kjøpte kaptein Mathias Rye ¾ av Haugesagfossen. Det finnes ikkje spor att etter saga no.
Fleire stadsnam i området er knytta til sagdrifta og fløytinga: Haugesagvelta ligg like ovafor fossen, Haugesagmoen og Sagmyra ligg på nordsida av vegen.

Kjelder

  • Kartverket: norgeskart.no
  • Lunde, Gunnar: Bøsoga I, Kultursoga. Bø kommune 1972.
  • Henneseid, Stian: Bøsoga II, Gards- og ættesoga band III. Bø kommune 1985, s. 150.


Koordinater: 59.43034° N 9.04684° Ø