Heimar og folk i Bykle/Føreord

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Heimar og folk i Bykle, band I.

Det følgjande er ei attgjeving av føreorda til gards- og ættesoga Heimar og folk i Bykle, slik dei sto på prent i papirutgåva. Endringar som er naudsynte for forståinga er sett inn i firkantklammer.

Føreord frå sogenemnda

Byklarane var tidleg ute då dei i 1966 fekk si fyrste gards- og ættesoge. Knut Gjerden og Bjørgulv Holen valde å presentere slektene gard for gard mest utan opplysningar om sjølve gardsbruket. I det lokalhistoriske miljøet vert boka ofte trekt fram som den mest reindyrka ættesoga mellom dei mange norske bygdebøkene. Sidan har det kome mykje lokalhistorisk litteratur frå Bykle utan at me skal nemne det her.

Kring 1990 var det somme som tok til å ymte frampå om det ikkje snart var på tide med ei fornying av ættesoga. Ho tok til å verte «utgått på dato». Nokre meinte det beste ville vere å føye nye opplysningar til den gamle boka. Andre meinte det laut gjerast på nytt, og då meir etter modell frå Vallesoga der ættelistene er kombinerte med fyldige utgreiingar om soga til garden og folket. Det siste alternativet vart valt.

Ei nemnd vart sett ned med Bjarne Tveiten som leiar, og hausten 1998 vart vinbyggen Aanund Olsnes tilsett som skrivar. Han hadde brei lokalhistorisk røynsle, mellom anna som forfattar av Kviteseidboka, og var snart i full gang med innsamling av materiale. Kommunen representert med kulturkonsulent Astri Rysstad - og i hennar permisjonstid Helene Fredly - tok seg av det praktiske og administrative, og nemnda kunne konsentrere seg om det faglege arbeidet.

Medlemene i nemnda var frå fyrst av Tora Mosdøl, Gerd Fosse Hovden, Per Breivegen, Bjarne Tveiten og Folke Nesland. Av ulike grunnar valde Bjarne og Folke å gå ut av nemnda, men dei har halde fram samarbeidet med sogeskrivaren heilt til slutt, og tilført bygdeboka svært mykje positivt. I sjølve nemnda vart dei to supplerte med Angerd Mosdøl og Leonhard Jansen, sistnemnde som leiar.

Per Breivegen var ei av eldsjelene i nemnda heilt fram til sist sommar. Då strakk ikkje kreftene til lenger, og han døydde august [2005]. Utforminga av boka er sterkt prega av Per sine oppfatningar av kva som skulle prioriterast og korleis det skulle presenterast.

Arbeidet i nemnda har i stor mon gått ut på å vere eit supplement og korrektiv for sogeskrivaren. Manus er gjennomlese gard for gard, og kvar av medlemene i bygdeboknemnda har hatt sine «spesialfelt» å sjå etter. Såleis Tora med sin omfattande kunnskap om slektene i Bykle, Per som kunne geografien på heia ut og inn osb.

I sum sit me med ei kjensle av at medlemene i sogenemnda og forfattaren har utfylt kvarandre på fruktbart vis. Slik boka er forma og slik ho no vert presentert, er ho likevel heilt og fullt sogeskrivar Aanund Olsnes sitt verk. Det er han som har hatt det endelege ordet i dei tilfelle der nemnda ikkje heilt har makta å finne fram til felles løysingar.

Vidare vil me halde fram at boka har vorte svært rikhaldig på stoff, og ved sida av å vere interessant og lettlesen, inneheld ho ikkje så reint få språklege blomar og gullkorn. Det er faktisk ikkje så mange andre bygder som kan vise til liknande.

På vegne av noverande og tidlegare medlemer av sogenemnda takkar eg med dette skrivaren for godt samarbeid og vel utført arbeid. Likeins vil me takke bygdefolket for den velviljen som har kome til utrykk når me har vore på leit etter opplysningar. Au med tanke på å skaffe fram foto og illustrasjonar har me vore heilt avhengig av at folk flest har engasjert seg.

Bykle 5.12.2005
Leonhard Jansen
leiar i sogenemnda

Forfattarens fyreord

Arbeidet med Bykle-soga har vore interessant og gjevande, og eg tykkjer eg har lært mykje undervegs, både om Bykle og byklarane, og om lokalhistorie generelt. Gards- og ættesoger kan skrivast ihop på så mange vis, og desse banda med byklehistorie avpeglar då korleis eg etter kvart kom fram til at det skulle gjerast. Sjølvsagt har det ikkje vanta på fyrebilete, dei næraste er bygdesogebøkene frå Valle og Vinje, og rimelegvis har eg henta mange grip og knip både frå desse og andre. Men ettersom bygdene ikkje er like, kan heller ikkje bygdebøkene vera det, og korleis ein snur og vender på det, må utforminga av kvar bok mest byggje på forfattarens eigne hugmål og tildriv.

Men eg har hatt mange gode hjelparar undervegs, og nokre skal nemnast. Det er då for det fyrste medlemene i bygdeboknemnda i Bykle, som både saman og einskildvis jamt har skuva meg vidare med aldri sviktande tillit og interesse. Den av dei eg har hatt mest kontakt med er Tore K. Mosdøl. Med sine imponerande personalkunnskapar har ho også hatt monalege substansielle tilskot å yte. Eg veit ikkje tal på dei ettermiddagar og kveldar eg har sete i lag med henne for å identifisere personane på gamle bilete, men at det er mange er sikkert nok. Denne typen hjelp har eg også fått mykje av hjå Folke Nesland, Ingebjørg Homme Vegestog i Valle - og Leonhard B. Jansen ved Setesdalsmuseet. Dei to sistnemnde er ikkje byklarar, men har endå god greie på Bykle-bygda og historia hennes.

Leonhard har også gjort ein kjempejobb med framfinning, scanning og elektronisk justering og retusjering av mengder av gamle fotografi, og vidare har han hjelpt meg med alltid vituge, kritiske manuskriptkommentarar. Det same har Bjarne Tveiten, som forutan å ha vore ein god samtalepartnar om konkrete byklehistoriske emne, også har kome med ei lang rekkje gode råd og rettleiingar om målbruk og rettskrivingsspursmål, som eg har prøve å rette meg etter.

Takk skal også alle andre byklarar eg har vore i kontakt med ha. Desse er det så mange av, at det ikkje kan nytte å rekne dei opp. Eg lyt difor nøye meg med å takke alle under eitt, ingen nemnd og ingen gløymd, og elles syne til namna i valmanntal og telefonkatalog. De skal alle vita at bokteksten ikkje kunne ha blitt så rikhaldig som han faktisk er utan dykkar hjelp.

Det same gjeld ein mann utan anna tilknyting til Bykle enn rein og skjær interesse for Setesdals lokalhistorie, byglandssogeskrivaren Reidar Vollen i Kristiansand. Då eg kontakta han, viste det seg at han hadde gått igjennom lange rekkjer med Bykle-kjelder, og faktisk rekonstituert dei fleste familiar i bygda fram til midten av 1950-åra, i sume tilfelle endå lenger fram i tid. Ikkje nok med at han hadde lese kyrkjebøkene frå Valle og Bygland, hadde han også jakta på byklarar i kyrkjebøker, skiftebøker og folketeljingar frå heile Agder, og stundom vidare med. Alt Bykle-stoffet sitt hadde han samla i tre feite ringpermar, som eg fekk overtaka. Dette sparte meg ikkje for å undersøkje originalkjeldene, men heilt sikkert for svært mykje leiting og blading fram og attende i dei, slik at eg i svært mange høve kunne nøye meg med å konstatere at Vollen både hadde leita fram dei relevante kjeldestadene, skjøna dei rett, og kopla innhaldet i dei solid ihop. Som rimeleg kan vera fann eg likevel kjelder han ikkje hadde tappa, og opplysningar han hadde ikkje hadde nytta, og nokre vender tolka eg materialet annleis enn han. Men når det er sagt, kjem ein ikkje forbi at eg har hatt svært mykje hjelp av arbeidet hans.

Sist men ikkje minst har eg hug til å takke Barbro Ormseth, kona mi, både for å ha halde ut med bygdebokforfattaren undervegs med arbeidet, og for konstruktiv kritikk av ei lang rekkje passasjar i bøkene.

Trass i all god hjelp er det forfattaren som er ansvarleg for innhaldet i bøkene, både det som kan vera rett og bra, og det som kan vera gale og kleint. Vonleg skal det ikkje vera for mykje av dei sistnemnde kategoriane, men i den mon nokon vil finne slikt, har eg ingen andre å skulde på.

Endeleg vonar eg at dei som les desse byklebøkene skal få greie på sumt om bygda og folket der, som dei ikkje fyrr har hatt kjennskap til. Om framstillinga også er så engasjerande at lesarane kan taka del i forfattarens ihug for stoffet, og vera samde i at byklehistorie er spennande, skulle mykje av fyremålet vera oppnådd.

Vinje 27.6. 2006
Aanund Olsnes


0941 Bykle komm.png Heimar og folk i Bykle/Føreord er henta frå Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artiklane - men føreordet er låst for redigering, då dette skal vere ei ordrett attgjeving frå boka.
Fleire artiklar finst i denne alfabetiske oversikta, og eit utval av artiklane finn ein på Forside:Heimar og folk i Bykle.