Holen (Bykle gnr 15/44)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Holen
Gjerden 49.jpg
Holen.
Foto: Aanund Olsnes
Alt. namn: Holen aust
Rydda: 1977
Utskilt: 1974
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 15
Bnr: 44
Type: Bustadeigedom

Holen i Nedre Sarv i Bykle ligg nordom Bykle skule. Tomta vart utskilt frå bnr 11 og matrikulert i 1975, då Bykle kommune selde henne til Ingebjørg Holen. Ho fekk sett seg opp hus her, og ho og mor hennes flutte inn i 1977.

Ingebjørg O. Holen (1931-1997) og godmora, Ingebjørg B. Holen, fødd Nesland (1872-1962).
  • Ingebjørg Olavsdotter Holen, f 1931, d 1997, ug,

Ingebjørg var frå Myri Holen, dotter åt Olav G. Holen(e.) på det bruket og kona, Ingebjørg Olsdotter, fødd Rygnestad. Ho var heime i Holen hjå foreldra inntil familien i 1971 flutte til Mosby ved Kristiansand. Ho vart då med dit, men etter at faren døydde i 1972 ynskte både ho og mora, Ingebjørg (e.), seg oppatt til Bykle. Som nemnt ovanfor flutte dei hit i 1977. Ingebjørg (y.) hadde vorte vanfør av leddgikt. Mor hennes døydde i 1986.

Etter at Ingebjørg (y.) var død i 1997 overtok broren, Gunnar O. Holen, huset her saman med sonen Åsmund. Dei eig også Myri Holen, bnr 1, men ettersom tunet deira der er sett under vatn, nyttar dei huset her som fritidsbustad. Gunnar O. Holen bur i Homstean i Øvrebø. Åsmund G. Holen er busett i Oslo.


0941 Bykle komm.png Holen (Bykle gnr 15/44) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Jarehaugen • Neste bolk: Holen