Hylestad kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Hylestad kirke»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Hylestad kyrkje
Hylestad kyrkje 01 (Valle).JPG
Foto: Siri Johannessen (2010)
Sted: Rysstad
Byggeår: 1838
Kirkegård: ja, rundt kyrkja og sønnaføre
Arkitekt: Anders Torsson Syrtveit
Teknikk: Laft
Materiale: Tømmer
Orgel: 1991: bygd av Brødrene Torkildsen Orgelbyggeri
Sitteplasser: 200
Annen informasjon: Åttekanta kyrkje

Hylestad kyrkje er ei åttekanta, lafta tømmerkyrkje frå 1838 i tidlegare Hylestad kommune, no Valle kommune. Arkitekten var Anders Torsson Syrtveit, kjend som «Anders Kyrkjebyggjar», som sto bak fleire kyrkjer i Setesdal. I våpenhuset er det kopiar av ein av portalane frå Hylestad stavkyrkje som stod på austsida av Otra.

Kyrkja var tidlegare soknekyrkje for Hylestad sokn i Valle prestegjeld, og tilhøyrer no Valle og Hylestad sokn.

Stavkyrkja

Hylestad stavkyrkje vart reven i 1664, og berre deler av to portalar er att. Den eine er utstilt på Historisk museum i Oslo. Portalen har motiv frå soga om Sigurd Fåvnesbane. Stavkyrkja sto på Bjørgum på austsida av Otra.

Hylestad gamle kyrkje

Hylestad gamle kyrkje vart reist då stavkyrkja vart reven i 1664. Den sto på same staden, på Bjørgum. Den hadde i 1830-åra forfalle så mykje at bygda måtte ha ei ny kyrkje. Truleg nytta dei materialar frå gamlekyrkja i den nye.

Dagens kyrkje

Då dagens kyrkje skulle byggjast vart kyrkjestaden flytta frå Bjørgum til Rysstad på vestsida av Otra. Busetnadsmønsteret hadde endra seg, så no budde det flest folk på vestsida. Kyrkja vart reist ved postvegen, som i dag er riksveg 9.

Orgelet i kyrkja er frå 1991, og vart bygd av Brødrene Torkildsen Orgelbyggeri.

Galleri

Kjelder

Koordinater: 59.095365° N 7.533564° Ø