Ikornnes Idrettspark

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ikornnes Idrettspark er eit idrettsanlegg på Ikornnes i Sykkylven med tilbod for fleire idrettsgreiner. I 2013 vart den nye Ikornnes Idrettspark offisielt opna, med kunstgrasbane og kunststoffdekke for friidrett. Det er Ikornnes Idrettslag som eig anlegget. Ikornnes Idrettslag vart skipa i 1951.

I 1958 kjøpte idrettslaget eit areal på 10 790 kvadratmeter av grunneigarar på Sætre. Planen var å byggje ein idrettsbane. Det gjekk fleire år før den tanken vart realisert, men i 1970 stod den første grusbana ferdig med måla 60 x 100 meter.

I 1978 gjorde idrettslaget avtale med Sykkylven kommune om bruksrett på eit utvida areal på 18.1 dekar ved idrettsbana. I 1981 var fotballbana utvida og nytt anlegg for friidrett var kome på plass. Framleis hadde bana grusdekke.

Etter omfattande dugnadsinnsats av lagsmedlemene stod eit nytt klubbhus ferdig i 1985. På same tid vart ein ny tennisbane teken i bruk ved klubbhuset.

I 2003 vart det gamle idrettsanlegget utbetre for siste gong, ved at det vart lagt nytt toppdekke i grus på heile anlegget.

I 2010 byrja ein omfattande prosess med å modernisere Ikornnes IL sitt idrettsanlegg. Det starta i samband med ei vitjing frå Norges Fotballforbund i 2010. Forbundet sine representantar syntest anlegget låg godt til og var funksjonelt, men dei meinte at idrettslaget burde oppgradere bana til kunstgras. Det vart då kalla inn til ekstraordinært årsmøte som gav ein gruppe pådrivarar fullmakt til å utgreie om eit slikt prosjekt let seg gjennomføre. Steinulf Grøvik vart leiar for denne prosjektgruppa. Gruppa presenterte ein framdriftsplan i februar 2011. Denne vart lagt fram for det ordinære årsmøtet i Ikornnes IL som gav klarsignal til å starte opp arbeidet. Utgangspunktet var heile tida at både fotballbana og friidrettsanlegget skulle bli oppgradert.

I tida framover hadde prosjektgruppa mellom anna kontakt med kommunen slik at anlegget kunne kome inn i den kommunale planen for idrettsanlegg. Det var nødvendig for at anlegget kunne søkje om tippemidlar. Våren og hausten 2011 vart det laga teikningar og kalkyler, samstundes som arbeidet med å få inn sponsormidlar starta. I januar 2012 vart søknad om tippemidlar sendt.

I januar 2012 vart det gjennomført sluttforhandlingar med entreprenørar og leverandørar som skulle gjennomføre sjølve anleggsarbeidet, og i mars var avtale med tre firma på plass.

Rett før påske i 2012 starta entreprenøren, Dags Maskin frå Sykkylven, opp med grunnarbeidet. Det gjekk raskt framover og i juni vart det klart for å leggje kunstgras. Fotballbana stod ferdig til bruk rett før sommarferien i 2012. På om lag same tid vart det også lagt asfalt på friidrettsbana. Polyuretandekket vart lagt i august 2012 og i byrjinga av september stod også friidrettsbana klar til bruk.

Anlegget består i dag av ein fotballbane med kunstgras på 7500 kvadratmeter og rundt bana er det eit friidrettsanlegg på 4000 kvadratmeter. I tilknyting til friidrettsbana er det anlegg for tekniske øvingar som kast og lengdehopp. Friidrettsgruppa i Ikornnes IL har no teke ein leiarfunksjon for å få opp interessa for friidretten i Sykkylven. Friidrettsutøvarar hadde fram til 2012 ikkje noko utandørsanlegg i Sykkylven etter at Sykkylven Idrettslag sitt tidlegare kombinerte anlegg vart omgjort til kunstgrasbane for fotball i 2006.

Kjelde

  • Notat ved Steinulf Grøvik, Sykkylven

Ekstern lenkje