Ingebjørg Haugetveit (1915–2017)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingebjørg Haugetveit 9. september 2012.
Foto: Sigurd Haugsgjerd/Setesdølen

Ingebjørg Haugetveit (28. september 191514. mars 2017) var det sjuande av dei ni borna til Knut Åsulvson Nordenå (1879–1945) og Anne Torolvsdotter Faremo (1881–1970) på Urdi (Nedstoga) i Åraksbø. På hausten 1928 vart garden seld, og familien flutte fyrst til Åland og så vidare til Nordheim under Nordenå i 1936.

Som dei fleste folk frå den tida var og Ingebjørg gjetar, både i heimskogen og i Årdalen. Når ho vaks til utdanna ho seg til sjukepleier, og arbeidde mellom anna i Oslo, men kom attende til Åraksbø og Åsulv Knutson Høgetveit (1914–1989) som ho vigde med i 1950. Dei slo seg ned på Haugetveit, slektsgarden til Åsulv, som var ein dugande og kunnskapsrik bonde. Etter at han gjekk bort i 1989 budde ho ei tid i lag med versystra Jorund Åsulvsdotter Haugetveit (f 1916), men vart åleine enno ein gong.

Etterslekt
  • Knut (f 1951) gm Berit Mathisen frå Moum på Torp i Borge, Fredrikstad, i 1976. Busett Haugetveit, seinare flytta til Kleivgrend i Åraksbø.
    • Åsulv (f 1977)
    • Arne (f 1983)
    • Olav (f 1986)
  • Anne (f 1954) gm Søren Wibrand frå København i 1990 (d ca 2008). Busett Kristiansand.
    • Helene (f 1993)

Kjelder

  • Bolling, Reidar: Gards- og ættesoge for Bygland, Bygland : Bygland bygdesogenemnd, 1952. Digital versjonNettbiblioteket
  • Segberg, Torkjel: «97-åring i Sandnes kyrkje 1. joledag», side 5 i Setesdølen 4. januar 2013.
  • Vollen, Reidar: Bygland gard og ætt, bind IV, Bygland : Bygland kommune, 2006. ISBN 82-993677-5-1
  • Vollen, Reidar: Bygland gard og ætt, bind V, Bygland : Bygland kommune, 2008. ISBN 978-82-993677-6-9


Tree.ring.arp.jpg På Lokalhistoriewiki skriver vi artikler om hundreåringer. Vi oppfordrer historielag og enkeltpersoner til å bli med på denne dugnaden. Vi ønsker både bilder og tekst om personene.
Flere artikler og bilder finner du i denne alfabetiske oversikten.