Innlandet (Kristiansund)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Frå det gamle bygningsmiljøet på Innlandet: Bryggja lengst til venstre er den gamle tollbua; det brunrosa huset rett til høgre for tollbua er Dødeladen. Til høgre for denne att ser vi Tahitibrygga.
Foto: Olve Utne, april 2010.

Innlandet, populært kalla Tahiti, er det minste av dei fire «landa» som utgjer byen Kristiansund. Innlandet grensar til Kirklandet over Sørsundet og til Nordlandet (Marokko) over Markussundet. Innlandet vart stort sett ikkje ramma av den tyske bombinga av Kristiansund i slutten av april 1940, og store deler av trehusmassen frå føre krigen er enno intakt.

Namnet Innlandet er truleg knytta til plasseringa i høve til Kirklandet, som tidlegare vart kalla Ytrelandet. Sett frå sjøen ligg Innlandet inst av øyane i Kristiansund. Andre namn som har vore nytta er Henøya og Sørlandet.

Litteratur

  • Williamsen, Odd W. m.fl.: Kæm va dæm? : personene bak gate- og veinavnene i Kristiansund. Utg. Nordmøre museum. [Kristiansund]. 2010. Digital versjonNettbiblioteket.

Koordinater: 63.104061° N 7.733661° Ø