Isaksens Tredreieri

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Isaksens Tredreieri var ei dreieverksemd i Sykkylven som vart starta av Isak Isaksen i 1943. Etter nokre år vart verksemda ført vidare av Trygve Stavik.

Isak Isaksen kom frå Skien til Sykkylven tidleg under siste verdskrigen. Då fekk han stilling som arbeidsformann i snikkaravdelinga ved Tynes Møbelfabrikk. I 1943 byrja han dreieri på Ikornnes. I 1945 bygde han ein verkstad på ein og ein halv etasje på eit stykke under Sjursgarden på Vik. Huset hadde ei grunnflate på 80 m2.

I 1946 tok Trygve Stavik til ved dreieriet, og han kom etter kvart til å stå for den daglege leiinga ettersom Isaksen vart ein del plaga av låk helse. Etter at Isaksen døydde, berre vel 50 år gammal, gjekk bedrifta i namnet til kona hans ei tid. I 1960 døydde ho også, og då heldt Stavik fram med bedrifta i eige namn. Han skaffa seg automatdreiebenk og pussemaskin og kunne ta på seg større oppgåver for møbelfabrikkar i Sykkylven og nabokommunane. Etter ti års drift merka Stavik at etterspurnaden etter dreia delar til møbelindustrien minka av. Han tok difor arbeid på ei anna møbelbedrift og dreia på kveldstid. Det vart for stritt, og difor slutta han med dreiinga i 1973.

Lars O. Korsbrekke frå Sunnylven hadde og eit dreieri i Sykkylven. Han heldt det gåande i verkstaden sin på Aure frå 1943 til nokre år etter krigen.

Kjelde