Ivar Tveiten

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ivar Tveiten
Foto: Frå Ljos over Telemark : eit attersyn. (Olav Stranna).
Ivar Tveiten på Tveiten vestre.
Foto: Bendik Taraldlien (1931).
Gravminne på Veum kyrkjegard.
Foto: Olav Momrak-Haugan (2011).

Ivar Tveiten (fødd 18. desember 1850 i Fyresdal, død 1934) var stortingsmann, kyrkjeminister, lærar, gardbrukar og sparebankdirektør, busett i Fyresdal i Telemark.

Han vart fødd på garden Veum i Veum anneks. Han kom så til garden Tveiten i Liegrend i same anneks som 11-åring, og dette vart ungdomsheimen hans. Han tok eksamen ved Kviteseid lærarskule i 1868 og var lærar 1868-1883. Han overtok farsgarden Tveiten vestre gnr. 88/2 i 1879. Tveiten hadde mange verv:

  • Han var formann og disponent i Fyresdals forbruksforeining 1871-1899. Dette handelslaget vart vel kjend i vide krinsar for god drift. Seinare vart han forretningsførar i den nye Veum forbruksforeining. Han var heradskasserar eit par år, formann i skulestyret og med i heradsstyret i fleire år.
  • Han var sparebankdirektør i fleire år og medlem av forstandarskapet i Fyresdal sparebank.
  • Han var stortingsmann for Telemark 1903-1924. I stortinget var han varapresident 1916 og president 19171920 og formann i presidentskapet 1920.

Ivar Tveiten var dessutan i om lag 13 år lærar i Fardal, Vikstrand og Borggrends krinsar i Fyresdal og sa sjølv at denne tida var mellom dei lukkelegaste år han hadde hatt. Han døde i 1934.

Det er eit fotografi av han på Tveiten 12. juni 1931, teke av Bendik Taraldlien.

Kjelder