Jørgen Fillipsen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Jørgen Fillipsen (andre skrivemåtar: Filipsen, Phillipssøn, fødd ca 1620, død 1696) var fut i Gudbrandsdalen i alle fall frå 1653 til svogeren Jens Madssen overtok embetet i 1659, og lagmann i Opplanda fra 1674 til 1696.

Familie

Kvar han kom frå er ukjent. Det har vore rekna med at han var ein av dei danske skrivarane som kom til Noreg kring 1650, men Halvdan Koht påpeiker at det berre er laus gjetting.

Fillipsen var gift 17. februar 1655[1] med Anne Bentsdotter (d. 1704), enkje etter Jacob Eggertsson Stockfleth, tidlegare fut over Land og Valdres. Dei fekk ikkje barn, og i testamentet deira frå 1685 gav dei jordeigedom til ein verdi av 3000 riksdaler til «skolen og de fattige». Dette vart sett i eit legat og utbyttet vart delt mellom Christiania latinskole og Oslo hospital, som altså på dette viset vart jordeigarar m.a. i Gudbrandsdalen fram til gardane vart selde til sjølveige i 1720-åra.

Anne Bentsdotter hadde med sin første mann fleire born, mellom anna Hannibal Stockfleth som vart assistensråd. Ho var syster til fut i Lier Niels Bentzen. Før 1648 vart han fut på Hadeland, Toten og Valdres.[2] Borna hennar er nemnd i testamentet. Mellom anna skulle kvar av hennes to sønene ha 3000 rd., hennes avdøde son Christoffer Stockfleth sine barn 3000 rd. og hennes to døtrer 1500 rd. kvar. Om mannen døydde før ho, skulle det forlods gis 1000 rd. til Sofie Stockfleth sin dotter Else Cathrine Hansdatter Rosentorn som frå barnsben av hadde vært oppdratt i deira heim som deira eige born. Dessutan skulle det gis 1000 rd. til Eggert Stockfleth sin son Jørgen, som var oppkalla etter Jørgen Phillipsen, og eit liknande beløp til Maren Stockfleth sin dotter Anne Sophie som var oppkalla etter Anne Bentsdotter.[3]

I 1699 var det strid mellom Jørgen Phillipsen sin enke og arvingar om retten til Ullevål allmenning.[4]

Eigedom og økonomi

Fillipsen var eigar av Lesja jernverk frå starten i 1660 til 1687 og kjøpte opp dei aller fleste gardane på Lesjaskogen frå 1660 og utover.

Fillipsen fikk skattefritak på fire sager ved kongebrev 21. september 1660 på grunn av sine tenester som fut under krigen.[5] Av same grunn fekk han også fritt nyte Lesja jernverk i Gudbrandsdalen og som borgar i Christiania være fri for «Tynge og Besværing».[6] I 1674 utstedte Fillipsen erklæring om at Lesja sokn skulle vere unnateke utskriving og eksersis i fredstid grunna pliktarbeid til det nye jernverket.[7]

Den 16. mai 1685 fekk statthaldaren befaling om å oppnemne to kommissærar som skulle foreta inngåande undersøkingar i ein tvist mellom Peter von Schellenbech og Jørgen Fillipsen vedr. Lesja jernverk og dets administrasjon. Saka pågjekk ennå i 1686.[8] Saka var innstemna for Høgsterett.

Jørgen Fillipsen fekk i 1663 løyve til å drive tømmer- og sagbruk på Hadeland og også til å bygge ut dammar og sluser. Han fikk løyve til å opprette partisipantskap og fekk forkjøpsrett frå bøndene på tømmer. Det var i 1688 ein omfattande sak der det vart stilt spørsmål om Jørgen Fillipsen sin hogst i kongen sin ålmenning m.m.[9]

I 1675 var det tvist mellom Jørgen Fillipsen og hans leilendingar mot futen over Øvre Eiker David Sinclair om deling av garden Korsbøen i Modum som aldri tidlegare hadde vore delt. Sorenskrivaren foretok grensebefaring medan lagmannen var sjuk. Det vart oppnemnd kommisjon til å dømme i saka. Den bestod av lagmann Christen Jensen i Fredrikstad og byfogd Christoffer HansenBragernes.[10]

Den 1. desember 1688 fekk Overhoffretten befaling om å behandle ei sak mellom sorenskrivar over Ringerike og Hallingdalen og Jørgen Fillipsen.[11] Saka gjaldt påstand om at Fillipsen hadde teke seg ulovlig til rette i skogen til ein bonde. Saken gikk til Høgsterett og førte til at Fillipsen fekk sterk kritikk og at hans viselagmann Morten Bontzen vart avsett som viselagmann.

Embetskarriere

Fillipsen var ammunisjonsskrivar frå 1657. Han organiserte to friviljuge kompani av bønder frå Gudbrandsdalen til frigjeringa av Trondheim i 1658-59. Etter han gjekk av som fut sendte bøndene i dalen klager mot han og den neste futen, svogeren Jens Madssen, for ei lang rekkje overgrep. Men ein kongeleg kommisjon frikjende dei.

Da Fillipsen slutta som fut, flytta han til Christiania der han dreiv stort som trelasteksportør. I 1670-åra var han rekna som ein av dei rikaste borgarane i Christiania.

I 1661 vart det kunngjort at om nokon ville protestere mot ein dom avsagt mellom Fillipsen og allmugen i Gudbrandsdalen tre år tidlegare, måtte saken stevnast for lagmannen i Christiania som var Jørgen Fillipsens heimting. Det vart likevel oppnemnd ein kommisjon til å behandle saka. Han bestod av statthaldar Iver Krabbe, kanslar Ove Bjelke og lagmennene Wittiken Huus i Christiania og Claus Andersen i Skien.[12]

Fillipsen var viselagmann på Opplanda frå 1669, og overtok etter at Jens Jacobsen Bang var avsett hausten 1674.[13]

Den 17. oktober 1682 fekk han løyve til å ha rang og sete nest etter assistensråd i Noreg. Han fekk bestalling som assistensråd ved Overhoffretten 20. desember 1684.[14]

Kommissær

Jørgen Fillipsen var medlem av skogkommisjonen 1670 og av lovkommisjonen i 1685.

I 1677 ble Fillipsen og lagmann Christen Jensen i Fredrikstad befalt å overvære skiftet etter assessor og assistensråd i Overhoffretten Wilhelm Mechlenburg.[15] Det vart trass i kommisjonen sitt forsøk på å bilegge tvisten, strid mellom arvingane, og det vart beramma ein større skiftesamling på Bragernes.[16] Tvisten vart løyst minneleg, og kommissærene vart deretter fritekne for vervet.[17]

I 1678 vart Fillipsen og lagmann Christen Jensen i Fredrikstad befalt å ta seg av skiftet etter Jens Paulsen i Kristiania og hans avdøde hustru.[18]

I 1680 vart Fillipsen og lagmann Christen Jensen oppnevnt som kommissærer i ein eigedomstvist.[19]

Jørgen Fillipsen var i 1682 oppnemnd i ein kommisjon saman med lagmann Iver Hvid i Tønsberg for å behandle ei sak om jordegods under Christiania kapitel.[20]

Fillipsen var frå 1685 medlem av landskyldkommisjonen der han avløyste lagmann Laurits Christensen Wendel i Christiania på grunn av hans høge alder.[21]

Bustad

Jørgen Fillipsen budde i Christiania og er nemnd der mellom anna i 1661 og 1670.[22] Hans eigedom fekk seinare gateadresse Kongens gate 1 og er det senere Waisenhuset. Her budde både Fillipsen og seinare stesonen Hannibal Stockfleth sin enke Marie Stockfleth.[23]

Referansar

  1. 1656 hos Tor Weidling: Eneveldets menn i Norge. Sivile sentralorganer og embetsmenn 1660-1814, Riksarkivaren. Skriftserie 7, Oslo 2000, s. 265
  2. S. H. Finne-Grønn: «Overgrep mot finnerne paa Ringerike. En mordsak i Norderhov 1662», i Norsk slektshistorisk tidsskrift, bd. II (1929), s.321.
  3. Norske kongebrev, bd. III, sak 1685:230.
  4. Norske kongebrev, bd. VI, sak 1699:129, 1699:130, 1699:131.
  5. Norske Rigs-Registranter, bd. XII, s. 423ff.
  6. Norske Rigs-Registranter, bd. XII, s. 424.
  7. Norske kongebrev, bd. II, sak 1674:125.
  8. Norske kongebrev, bd. III, sak 1685:139, Norske kongebrev, bd. IV, sak 1686:24.
  9. Norske kongebrev, bd. IV; sak 1688:377.
  10. Norske kongebrev, bd. II, sak 1675:31.
  11. Norske kongebrev, bd. IV, sak 1688:357.
  12. Norske kongebrev, bd. I, sak 1662:107f.
  13. Saker der Fillipsen var involvert finst det fleire av i Overhoffrettsdomar, bd. I og II.
  14. Norske kongebrev, bd. III, sak 1684:301.
  15. Norske kongebrev, bd. II, sak 1677:79. Nyoppnemning fann stad i 1679, sjå Norske kongebrev, bd. II, sak 1679:36.
  16. Norske kongebrev, bd. II, sak 1679:65.
  17. Norske kongebrev, bd. II, sak 1680:59.
  18. Norske kongebrev, bd. II, sak 1679:18.
  19. Norske kongebrev, bd. II, sak 1680:117.
  20. Norske kongebrev, bd. III, sak 1682:105.
  21. Norske kongebrev, bd. III, sak 1685:25,26.
  22. Norske kongebrev, bd. I, sak 1661:200, Norske kongebrev, bd. II, sak 1670:173.
  23. H. Finne-Grønns plansjer med inntegnede eiere og eiendommer i Christiania, i Oslo bymuseum.

Litteratur

Denne artikkelen vart opphaveleg skreven av Arnfinn Kjelland i samband med Bygdebok for Lesja, i 2009. I samband med prosjektet Fiat justitia! Lagmennene i Norge 1607–1797 vart han utvida med stoff frå Hans Eyvind Næss.

  • Koht, Halvdan: Philipssøn, Jørgen i Norsk biografisk leksikon 1952 s. 95-97.
  • Kjelland, Arnfinn 1987: Bygdebok for Lesja bd. 1. Gards- og slektshistorie for Lesjaskogen s. 523 og 575.
  • Sprauten, Knut 1992: Oslo bys historie. Bind 2. Byen ved festningen. Frå 1536 til 1814, s. 265.
  • Hartvig Munthe: Efterretninger om Familien Munthe i ældre og i nyere Tid, Christiania 1883-1888, s. 199f, 618.
  • Frederik Thaarup: Magazin for Danmarks og Norges topographiske, oekonomiske og statistiske Beskrivelse, bd. II, København 1803, s. 191.
  • S. H. Finne-Grønn: «Hvem har bygget Vaisenhuset i Christiania?», i Norsk slektshistorisk tidsskrift, bd. I (1928), s. 245.


Fiat-justitia medium.jpg Jørgen Fillipsen er en del av prosjektet Fiat justitia! Lagmennene i Norge 1607–1797. Den er basert på materiale som ble innsamla da Hans Eyvind Næss skrev boka Fiat justitia! Lagmennene i Norge 1607–1797 (Riksarkivet 2014), og er lagt ut på Lokalhistoriewiki under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.