Jarnesbåtane

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Jarnesbåtane var frakteskuter som gjekk med møblar frå Sykkylven og kommunane rundt, til Åndalsnes der dei vart lasta ombord i jarnbanevogner. Opphavet til selskapet var båten «Verge» som brørne Petter og Thomas Jarnes kjøpte i 1927. Dei første åra nytta dei båten til fiske, både til havs og i fjordane. Utover i tredveåra voks det fram mange møbelbedrifter i Sykkylven, og dei hadde ein stor del av marknaden sin austafjells. Med opninga av Raumabanen i 1924 vart Åndalsnes eit knutepunkt for gods- og persontransporten mellom Nordvestlandet og Austlandet. I åra etter nytta næringlivet på Sunnmøre i stor grad rutebåtane som gjekk til Åndalsnes for å frakte varer. Dette var ein tidkrevjande transportform og det kom snart fram ønskje om ei raskare rute frå Sunnmøre til Åndalsnes. Ei gruppe av møbelprodusentar tok ut i 1930-åra kontakt med Jarnes-brørne for å få dei til å opprette ei direkterute til Åndalsnes. «Verge» vart nytta til frakt av møblar i 30-åra, men det var først i 1945 at fraktefirmaet Brødrene Jarnes vart skipa. Det var dei fem sønene til Petter Jarnes - Peder, Thomas, Olav, Paul og Inge som stod bak selskapet. Dei kjøpte skuta «Tryg 6», ein 60 fot stor trebåt med ein 60 hk Union motor. «Tryg 6» gjekk i åra 1945 - 1947 i fast rute frå Sykkylven via andre møbelbygder på Sunnmøre til Åndalsnes. Var det trong for ekstra kapasitet vart «Verge» sett inn som hjelpebåt. Det var Kristian Stokke som var speditør for fraktefirmaet i Åndalsnes. Stokke sørga for at båtane hadde returlast tilbake til Sunnmøre. Det kunne vere alt frå daglegvarer til materialar til industrien.

Det var stor vekst i møbelnæringa dei første etterkrigsåra og snart var det trong for å utvide kapasiteten. I 1947 vart «Verge» selt og Jarnes-karane kjøpte ein 85 fot stor båt som dei ominnreidde sjølve. Nye «Verge» hadde sin første tur med møblar vinteren 1948. Desse åra var gode for fraktefirmaet og dei voks i takt med møbelindustrien. I åra like etter krigen var sjøvegen den sikraste og raskaste transportåra. Enno var vegnettet lite utbygd på Nordvestlandet. I 1950 vart det kjøpt inn ei ny skute, «Vesla», på 85 fot.

Firmaet hadde då tre båter som gjekk i frakt mellom Sunmøre og Åndalsnes. Det var tre faste avgangar kvar veke, måndag, tysdag og torsdag. Båtane brukte seks timar på turen frå Ålesund og inn Romsdalsfjorden. Dei største møbelfabrikkane i Sykkylven låg ved sjøen og mange hadde eigne kaier, slik at varene kunne lastast rett ombord i båtane. Om vinteren hende det at fjorden fraus til og då måtte møblane fraktast ut til iskanten på kjelkar. Dei mindre fabrikkane som ikkje låg ved sjøen brukte Aurekaia. Her kunne heile kaiområdet vere fylt opp med møbelpakkar frå mange ulike leverandørar. Dette var åra då det var møbelproduksjon i annankvar kjellar i Sykkylven.

I 1961 kjøpte brørne Peder, Thomas og Olav ein tidlegare snurpebåt og byrja med lausfrakt langs kysten. «Atair» gjekk mykje med gjødsel frå Glomfjord og sørover til Stavanger. Dette vart berre eit kort mellomspel. Allereie i 1964 selde dei båten. Mot slutten av 1950-åra hadde dei også seld «Tryg» 6», og då hadde dei berre to båtar att i møbelfrakta. Midt i 60-åra vart også «Verge» seld, og dei kjøpte ein ny båt - «Nordberg». «Nordberg» var på 90 fot med ein motor på 180 hk. Dette var den siste båten reiarlaget kjøpte. Utover i 1960-åra tok landtransporten meir over. Store lastebilar byrja å transportere varene heilt fram til Austlandsområdet. Det gjekk mykje raskare. Fraktlaget la då litt om drifta si og mot slutten gjekk båtane også med møbellaster til Trondheim. Derifrå vart ein del frakta vidare til den nord-norske marknaden.

I 1978 var det heilt slutt for Jarnesbåtane, men framleis går ein del av møbeltransporten på kjøl. Ekornes er mellom dei møbelbedriftene i Sykkylven som sender mykje varer med båtar. Det er gjerne møblar som er berekna for den internasjonale marknaden.

Kjelde