Jens Ådneson Skår

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Eit gammalt fotografi som tidas tann har tæra på, truleg teke i Bergen ca. 1880. Her ser me smeden Jens Ådneson Skår (1848-1930) og den første kona hans Siri Sjursdtr f. Skarveland, som kom frå Skånevik (d. 1886). Dei budde på Skår, på Slettena.

Jens Ådneson Skår (1848-1930) frå Tysnes i Sunnhordland - kjend som "Slettasmeden" - vart sett på som ein av dei aller dyktigaste smedane i Sunnhordland i si tid. Han var gift to gonger. ! 1874 gifta han seg med Siri Sjursdtr. Skarveland frå Skånevik (fødd 1845), som døydde i 1886 etter ein barnefødsel, og deretter med søstera hennar Brita Skarveland (1840-1920) to år seinare, i 1888.

Jens Skår gjekk i lære hos Per Smed på Leirvik på Stord i 3-4 år frå 1868. Det vart rekna som full læretid for smedhandverket. Han arbeidde så eit år gratis hos smeden, som betaling for læretida.

Sidan dreiv han smedverkstad på Huglo ei tid, samstundes som han sette opp ei lita løe i Kalvavikjo under HodnanesetTysnes, som han hadde høyet inn i før han frakta det til Huglo. Der hadde han ei ku. Om somrane hende det at Jens budde i Kalvavikjo, i eit lite avdelt kammers.

Frå 1877 etablerte han seg som smed på heimegarden Slettena, og hadde fullt arbeid her. I smia hadde han óg dreiebenk som vart driven med vatn, og han dreia både i jern og tre. Det kom folk til Slettasmeden frå heile distriktet. Det var så mykje å gjera at han ofte stod i smia frå tidleg morgon til nærare midnatt. Det var såleis kona som måtte ta seg av gardsdrifta og driva jorda. Han fekk ofte ikkje ta del i slåtten ein gong, så stor var pågangen, vert det fortald.

I 40-årsalderen lærte Jens seg til å reparera klokker, og folk frå heile bygda kom til han med ur som var i ustand, alt frå store veggur til små dameur.

Jens gav frå seg garden i 1906, og tok kår. Men han tok unna smia som stod nede ved elva, og reidde seg til eit kammers der. Ekteparet flytta sidan til Huglo, og bygde hus i Jektavikjo. Jens tok med smia og smedverktøy, og dreiv i handverket der til han døydde 82 år gammal. Slettasmeden, som han vart kalla, vart mykje nytta som syngjar og kjømeistar i bryllaup og gravferder.

Kjelder og litteratur

  • Ernst Berge Drange: Tysnes gards- og ættesoge band 1. Utg. Tysnes Sogelag 1986.
  • Ministerialbok for Skånevik prestegjeld 1869-1878