Jiddisch

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Jiddisch eller jiddisk, òg stundom skrive yiddish, er eit vestgermansk språk som er nærskyldt med høgtysk, men med mykje ordforråd frå hebraisk/arameisk og i mindre grad romanske og slaviske språk. Språket er det tradisjonelle morsmålet blant asjkenaziske jødar, men har gått mykje tilbake til fordel for blant anna tysk, fransk, engelsk og hebraisk i nyare tid. Jiddisch har størst utbreiing som morsmål blant ḥasidim i dag. I Noreg var jiddisch morsmålet for dei aller fleste jødane som innvandra i tida frå 1851 og fram mot andre verdskrigen, men på 2000-talet er det berre nokre få eldre personar att med jiddisch morsmålskompetanse i Noreg — hovudsaklig i Oslo og Trondheim. Trass i at jødane er ein av dei offisielle nasjonale minoritetane i Noreg, er ikkje jiddisch språk verna som minoritetsspråk.

Den mest profilerte jiddisch-brukaren i Noreg dag er musikaren og skodespelaren Bente Kahan (f. 1958) frå Oslo, som har gjeve ut fleire album med jiddische songar, inkludert av Mordechaj Gebirtig.

Bibliografi