Joachim Irgens

Fra lokalhistoriewiki.no
Gå til: navigasjon, søk

Joachim Irgens (eller Jochum) var fødd 19. mai 1611 i Itzehoe i Holstein og døydde i 1675. Han var kjøpmannssonen som i 1634 vart kammertenar for den danske kongen. I 1642 fekk han og to andre, kongeleg myntmeister Peter Grüner og renteskrivar Peder Nielsen privilegiebrev på eit nytt kopparverk i Gudbrandsdalen, Selsverket. I 1646 fekk Irgens privilegiebrev på Røros koparverk.

Irgens var mellom dei som gav store lån til kongen (statsmakta) utover 1640- og 50-åra, og gjennom krongodssala vart han i 1661 eigar av m.a. Vestervig kloster med jordegods og i 1664 Gjørslev med alt krongods i Ringsted og Stevn herader på Sjælland. I 1666 fekk han skøyte på alt krongods i Helgeland, Salten, Lofoten, Vesterålen, Senja og Troms - meir enn halvparten av all jord i desse futedømma, 143 gardar og gardpartar. Men det gjekk attende med han, mykje av godset i Noreg gjekk attende til staten og da han døydde hadde han stor gjeld. Røros kopparverk hadde t.d. ei gjeld på over 110.000 riksdaler.

Irgens vart i 1660 kontakta av Jørgen Fillipsen og dei inngjekk same året kontrakt om Lesja jernverk. Etter nokre år rauk dei to uklar om drifta av dette verket, og i 1673 vart det reist sak for Overbergamtet, som frådømte Irgens hans del av verket. Irgens anka til Høgsterett, men fekk ikkje medhald. Året før han døydde (1674) vart Irgens adla (utan tittel) og med tillegg av namnet «von Westervick» etter Vestervig kloster som han eigde.

Litteratur

Personlige verktøy
Navnerom

Varianter
Handlinger
Avdelinger
Forsider
Verktøy