Joh. Grebstad Eftf.

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Joh. Grebstad Eftf. var ei daglegvareforretning på Hjortdal i Velledalen i Sykkylven, Den første som begynte med handel i Hjortdalsgjerdet, var Peter S. Hjortdal, i daglegtalen ofte kalla P.S. Han dreiv landhandel og bakeri der frå 1892 til 1902, då han flytte til Aure og byrja med handel og skomakarverkstad der. Garden og landhandelen selde han til Johan J. Grebstad, som i tillegg til handelen også dreiv garden, noko skomakarverksemd og bakeri. Frå 1930-åra var det særleg dottera Hjørdis som stod føre drifta av handelsverksemda, og då ho døydde i 1946, var det systera, Hulda Flem, som overtok. Saman med sonen, Ola Flem, sette ho opp eit forretnings- og bustadhus ved Bedehuset i 1949, og flytte landhandelen dit. I mange år var Ola Flem åleine om drifta. Då han gav seg, var det ingen som stod klare til å ta over forretningsdrifta. Dei siste åra har det berre vore ei daglegevareforretning i Velledalen, Jokerbutikken på Brunstad.

Kjelde:

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven. Sykkylven 1983.