Johan Fredrik Voss

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Johan Fredrik Voss

Johan Fredrik Voss (fødd i Haus ved Bergen 29. juli 1883, død 18. august 1966) var skulemann og nynorskforkjempar. Han var ein sentral person for målrørsla i akademiske krinsar, mellom anna som leiar i Studentmållaget og hovudmann bak Pønskarlaget ved Universitetet i Kristiania. Yrkesgjerninga og samfunnsinnsatsen hans kom særskilt landsgymnasa til gode. Landsgymnas var ei viktig fanesak for målfolket. Voss starta på privat basis det fyrste av desse i Volda. Han var sidan lektor ved Voss offentlege landsgymnas og rektor ved Eidsvoll offentlege landsgymnas. Som rektor på Eidsvoll 1922-1945 var han ein dugande skuleleiar, men også omstridd. Det siste hang både saman med hans kompromisslause standpunkt i målsaka og med hans politiske haldningar. Under krigen gjekk han inn i NS og hadde fleire viktige verv særleg lokalt, men også i fylket og til dels i kulturpolitikken på nasjonal basis. Han vart avsett som rektor i 1945 og dømt for landssvik.


Familie, oppvekst og utdanning

Aars og Voss skole, ca. 1880.
Foto: O. Væring

Familienamnet Voss stammar frå tyske innvandrarar på 1700-talet, og har ikkje noko med det norske stadnamnet å gjere. Johan Fredrik Voss sin farfars farfar Jacob Voss kom frå Meklenburg i 1776 og vart kjøpmann på Bryggen i Bergen.

Johan Fredrik Voss var son av Jacob Voss (fødd 1845 i Tysnes) og Karen Marie Larsen Russ (fødd 1850 i Austrheim). På det tidspunktet da Johan Fredrik var fødd, var faren residerande kapellan i Haus. Året etter flytta familien til ØrskogSunnmøre. Faren døydde i 1888, og etter det slo enkja og borna seg ned i Bergen, der Johan Fredrik fekk det meste av oppveksten.

Han gjekk på Hambros skule i Bergen 1890-1901, dvs. heilt frå barnetrinnet til han tok artium med latin og gresk i fagkrinsen. I 1902 tok han anneneksamen ved Universitetet i Kristiania. Før han tok til på fagstudiane, var han eit år som huslærar hjå ein norsk familie i Ångermannland i Nord-Sverige.

Frå 1903 studerte Voss filologi i Kristiania med fagkrinsen norsk, tysk og historie. Vinteren 1904-1905 hadde han eit studieopphald i Leipzig. Han tok filologisk embetseksamen i 1908 med historie som hovudfag. Året etter tok han også pedagogisk eksamen ved universitetet. Ved sida av studiane hadde han lærarstilling ved den private Aars og Voss’s latin- og realskole i Kristiania, som var grunnlagd og ått av onkelen Peter Christiansen Voss og Jacob Jonathan Aars.

Johan Fredrik Voss gifta seg i Kristiania i 1910 med Helene Westland (fødd 1889 i Fredrikstad), dotter av kjøpmann Sigvard Westland og Marie fødd Amundsen. Johan Fredrik og Helene Voss fekk seks born, eitt av dei døydde som spedbarn.

Landsgymnaset og skulefagleg verksemd elles

Eidsvoll folkehøgskole, som ble tatt i bruk som internatbygning for landsgymnaset.
Foto: Anders Beer Wilse

Yrkesbanen til Johan Fredrik Voss tok for alvor til i 1910. Saman med studiekameraten Olav Riste kjøpte han det året Aage Stabells private middelskule i Volda, og starta der det fyrste gymnaset i landet med landsmål (nynorsk) som hovudmål. Skulen fekk namnet Volda private millomskole og gymnas i 1910, og som vart til Volda landsgymnas i 1914 då skulen fekk offentleg støtte. Det vart ein suksess, og kan reknast som det fyrste landsgymnaset i landet.[1] Landsmålsmannen Voss vart i 1917 den fyrste leiaren i Volda Mållag.[2]

Same år fekk Johan Fredrik Voss lektorstilling på det fyrste offentlege landsgymnaset som var starta på Voss året før. Der var han i fem år, til han i 1922 vart den fyrste rektoren på Eidsvoll offentlege landsgymnas. Det stod hard strid om denne rektortilsetjinga, fyrst og fremst på grunn av språkspørsmålet. Riksmålsfolket og representantar for den samnorskprega Østlandsk reisning stod mot dei sentrale pådrivarane i landsgymnassaka, som var landsmålsforkjemparar.

Voss skriv sjølv om dei fyrste åra på Eidsvoll:

«Sjølv vil eg kalla meg ein fredeleg mann, men det har stått so mykje strid um ”rektor Voss” i bygda, i pressa, i Stortinget i desse tri åra, at folk flest må tru noko heilt anna. Det kvittar elles eitt kva folk meiner. Eg har berre prøvt å vera meg sjølv, den same på Eidsvoll som på Voss, i Volda og i mine studentår.»[3]

Voss vart verande som rektor på Eidsvoll yrkeslivet ut. Striden rundt han stilna vel aldri heilt, og vart iallfall oppattnya som følgje av hans standpunkt under okkupasjonen.

Som framståande skulemann var Voss mykje nytta som fagkunnig av det offentlege. Han sat mellom anna i Undervisningsrådet for den høgare skulen 1929-1940, og han var medlem i Lærerorganisasjonenes Skolenevnd frå 1931. Han var med på førearbeida til lova om høgare allmennskular av 1935. I 1939 vart han med i den departementsoppnemnde eksamensordningskomiteen for den høgare skulen, men dette arbeidet vart avbrote av hendingane i 1940.

Han var redaktør for Norsk pedagogisk tidsskrift 1917-1926. Johan Fredrik Voss gav i 1933 ut ei tysk-norsk ordbok, og han skreiv fleire lærebøker i tysk.

Nasjonalisten og målmannen

Samnemnaren i Johan Fredrik Voss sitt språkpolitiske standpunkt, hans venstrepolitiske engasjement rundt 1905 og NS-tilslutninga etter 1940 var hans djupt nasjonalistiske haldningar. Desse vart for alvor vekte under opphaldet hans i Sverige 1902-1903, og han forklarer dette slik:

«Den sterke motsetnaden millom det fulltrygge, sjølvbyrge nasjonale medvit som eg råka i Sverike både høgt og lågt og sette stempelen sin på alt, og den nasjonale halvhugen og spotten yver det heimlege som i stor mun rådde hjå oss, allvisst i byane og hjå yverklassa, opna augo mine heilt for verdet av ei nasjonal reising i Noreg. […] Og ei slik vekkjing og ein slik vokster måtte hjå oss knytast til målreisinga.»[4]

I 1903 var Voss hovudmann i skipinga av Pønskarlaget, ei foreining av norskmålsfilologar ved universitetet. Det var både ein selskapsklubb og eit fagleg forum der medlemmane drøfta aktuelle spørsmål og heldt foredrag og utgreiingar for kvarandre.

Voss var formann i Studentmållaget i 1906 og 1909. Han var fyrste redaktøren for Heimsyn, som var ei fast spalte for mållaget i avisa Den 17de Mai.

Storhendingane rundt 1905 styrka og utdjupa Voss sine nasjonale kjensler. Han var sterkt mot Karlstadforliket, og var blant studentaktivistane som protesterte mot dette med pamflettar, protestmøte og pipekonsertar. «[…] eit par av oss hamna jamvel i Møllergata 19 ein kveld» (altså i arresten), fortel han sjølv.[5]

Okkupasjonstida

I 1930-åra var det ein del gymnasiastar på Eidsvoll som markerte seg som tilhengarar av NS, og som til dels viste dette på demonstrativt vis. Rektor Voss, som sjølv var kjent for å ha sympatiar i same retning, vart av motstandarane skulda for å vere for lempeleg i høve til dette. Mellom anna tillet han at ein gymnasiast møtte opp på skulen i brun skjorte, noko som tydeleg var meint og oppfatta som naziuniformering. Alvorlegare var det at Voss tyktest ta unna for nokre NS-gymnasiastar som i 1938 hadde gjennomført ein anti-fyrstemai-demonstrasjon som omfatta reint hærverk. Voss støtta sjølvsagt ikkje slik oppførsel, men viste til at demonstrasjonen var framprovosert mellom anna av «bolsjevikiske» og «forsvarsnihilistiske» krefter innan hans eigen lærarstab.

Skuldingane om nazisympatiar vart stadfesta ved at Voss sjølv gjekk inn i NS etter 1940, og han vart ein svært aktiv medlem på mange plan. Han var medlem av Eidsvoll heradsting 1941-1945 og NS-innsett skulestyreformann og skulesjef i bygda. Rektor Voss vart oppnemnd fylkesleiar i det NS-skipa Norges Lærersamband, og han gjorde sitt til at striden om det påtvinga medlemsskapet for lærarane i denne organisasjonen i 1942 vart spesielt skarp i Eidsvoll og på landsgymnaset. Mellom anna vart han mistenkt for eigenhendig å ha peika ut fire lektorar som skulle sendast til tvangsarbeid i Kirkenes. Dette vart eitt av dei alvorlegaste tiltalepunkta mot Voss i landssviksaka mot han, men vart ikkje prova i retten, så dette vart han ikkje dømd for. Ein av dei tre lektorane som vart sende til Kirkenes (ein slapp pga sjukdom), var Bjarne Svare. Heile familien hans vart kasta ut frå lektorbustaden dei disponerte, og korkje Svare eller kona fekk og komme attende tilbake til arbeid på gymnaset så lenge krigen varte. [6]

Voss hadde óg ei viktig rolle på nasjonalt nivå under krigen, mellom anna som leiar for den nemnda som kulturminister Gulbrand Lunde oppnemnde for å førebu ei ny rettskriving. Rettskrivingsreforma vart kunngjort i november 1941 og gjort gjeldande i pressa, skuleverket og i den offentlege administrasjonen frå midten av 1942. Voss sat dessutan i landsstyret for det nazifiserte Noregs ungdomslag.

Johan Fredrik Voss vart avsett som rektor på Eidsvoll da freden kom, og i 1947 vart han dømt til 6 års straffarbeid, delvis rettigheitstap i 10 år og for all tid frådømt stillinga som rektor ved Eidsvoll landsgymnas.[7]

I Vardal

Etter krigen busette Johan Fredrik og Helene Voss seg i Vardal, på Glæstadhaugen i grenda Glæstadroa. Det hadde venteleg samanheng med at eldste dotter deira, Marie Elise, budde der, gift med bonde Arne Hatterud på Øvre Glæstad. Pensjonisttida i Vardal brukte Voss mellom anna til å delta i NS-folkas kamp for å gi eit anna bilete av rolla deira under krigen. Som tidlegare skulemann var han særleg kritisk til den framstillinga av okkupasjonstida som vart teikna i historietimane. Bladet Folk og land, revisjonistanes organ, ga Voss ros for hans kamp mot «den meningsløse historieundervisning som foregår i skolene om Norge i okkupasjonstiden».[8]

Kjelder og litteratur

  • Allkunne konferert 28.4.2011.
  • Eidsvold Blad, 2. juni 1947.
  • Flyen, Simen: Eidsvoll bygds historie 1914-1940. Eidsvoll kommune 2002.
  • Flyen, Simen: Eidsvoll bygds historie 1940-1960. Eidsvoll kommune 2005.
  • Folketeljinga 1910 for Volda
  • Johan Fredrik Voss i Historisk befolkningsregister.
  • Folk og land, august 1963
  • Forr, Gudleiv og Vold, Helge (red.): Landsgymnaset. Det Norske Samlaget 2007.
  • «J. Fr. Voss», i Norsk allkunnebok Oslo 1964.
  • Norsk krigsleksikon 1940-1945. Cappelen, Oslo 1995. Artikkeloppslag «rettskrivningsreformen av 1941».
  • Opplysningar frå Ivar Svare, 28. november 2011.
  • Studentene fra 1901, Oslo 1926 og 1951.
  • Aarflot, Olav: «Volda Mållag», i Voldaminne 1977, s. 66.

Referansar

  1. Folketeljinga 1910 for Volda
  2. Aarflot 1977, s. 66.
  3. Studentene 1901 (1926).
  4. Studentene 1901 (1926).
  5. Studentene 1901 (1926).
  6. Dei fleste opplysningane om Voss si rolle i NS er henta frå Flyen, S. 2005. Elles opplysningar frå Ivar Svare, 28. november 2011.
  7. Eidsvold Blad, 2. juni 1947, jf. Flyen, S. 2005:252-253.
  8. Folk og land, august 1963