Johannes Christenson Stegen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Johannes Christenson Stegen (Fjøsne) (døypt 25. september 1774, død 28. mars 1825) var skulehaldar og haugianar i Luster i Sogn og Fjordane.

Oppvekst

Johannes kom frå garden Fuglesteg og var eldste bornet til Christen Tollefson (1747-1796) og Martha Halvorsdotter (1744-1774). Martha døydde kring to veker etter at Johannes var fødd.

Dei fyrste åtte leveåra kom han til å oppleve seks dødsfall til i den næraste familien. Alle dei fem halvsyskena hans som vart fødde 1778-1782, døydde kort etter fødselen. Martha Arnesdotter (f. 1751) som faren hadde gift seg med i 1776, døydde alt i 1779 etter ein fødsel. Faren gifte seg opp att på nytt i 1780 med Kari Andersdotter (1746-1811). Dei fekk fem born, og berre dei to yngste døtrene levde opp.

Lærar og haugianar

Johannes Stegen byrja som skulehaldar i Fortun i 1795. I 1801-teljinga står han oppført som ugift skulehaldar og budde hjå ein husmann på garden Berge. Han hadde lese mange av skriftene til Hans Nielsen Hauge, og i lag med jamnaldringen Ole Pedersen Fortun skreiv han i 1801 til Hauge og bad han kome til Luster. Hauge sine vitjingar i 1801 og 1802 vart starten på den omfattande haugianske vekkinga i Luster. I november 1803 vart Johannes stemna for retten for tilknytinga si til haugerørsla. Han var klaga for å ha villeidd folk til å "bortgive, hvad de eier til samfundets kasse". Han vedgjekk å ha teke med nokre klede frå Kristi Gjerseggi som ho ville gje til Hauge i Bergen som takk for eit opphald der, men nekta for å ha lokka dei frå henne. Saka enda med forlik i 1804, men vart eit oppspel til dei omfattande avhøyra av haugianarane i Luster i 1807-08 etter at den store rettsprosessen mot Hauge hadde byrja.

Johannes Stegen hadde ein liten formue, i rettssaka i 1803 oppgjeven til 400 rdl. I 1807 forklarte han at han fire år tidlegar hadde lånt 200 rdl til ein av Hauges vener i Bergen til utdeling til trengjande i Nordland.

Husmann

Det er uvisst kor mykje Johannes Stegen engasjerte seg i haugerørsla etter 1808, og han slo seg ikkje opp på næringsverksemd slik fleire andre framståande haugianarar i Luster gjorde. Han gifte seg 3.5.1807 i Fortun kyrkje med Sophia Nilsdotter (1776-1859) frå Naustvolden under Bolstad. Ho budde på det tidspunktet på Fjøsne medan Johannes heldt til på Havellen og såleis må ha budd hjå av dei tre husmennene på Havhella (plass under Flahamar, men ligg mellom gardane Ottum og Fjøsne). Dei fyrste åra i lag budde dei på ulike stader, i 1809 på Hauge og i 1813 på Yttri i Fortun. I 1815 vart dei husmannsfolk på Udstå under Fjøsne, og dei to borna som voks opp, vart båe husmannsfolk.

Johannes døydde i 1825, berre 50 år gamal, og enkja Sophia gifte seg i 1833 opp att med husmannen Peder Johannesson på Haugen under Fjøsne. Ho døydde som husmannsenkje og legdelem på Fjøsne i 1859.

Born

Johannes og Sophia fekk tre born i lag:

  • Anna Johannesdotter (1809-1853), gift med husmann Christen Olson under Drægni i Fortun
  • Christen Johannesson (1813-1848), husmann under Berge i Fortun
  • Nils Johannesson (1817-1817)

Kjelder og litteratur

Eksterne lenkjer