Johannes Marcelius Knudsen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Johannes Marcelius Knudsen (1869-1957)

Johannes Marcelius Knudsen (1869-1957) spelte ei aktiv rolle innan hermetikkindustrien i Stavanger før andre verdskrigen. Fabrikken hans, Viking Sardine Factory, var ein av dei mange hermetikkfabrikkane som blomstra opp i byen på byrjinga av 1900-talet.

Verksemda i Lille Skippergate

Frå 1898 dreiv Johannes M. Knudsen sin eigen bøkkerforretning frå eigedomen sin i Lille Skippergate 6. Knapt ti år seinare, i 1907, bygde han på lokala og ominnreida til hermetikkfabrikk. 23. september dette året registrerte han eit personleg firma med namnet The Viking Sardine Factory og oppgav at formålet var å driva fabrikkverksemd. Det er mest sannsynleg at han samstundes heldt fram med bøkkerverksemda.

Det finst oppgåver frå Arbeidstilsynet som fortel kor stor produksjonen var - 30 til 50 kasser pr. dag, med ein arbeidsstyrke på kring 30 personar. Salet gjekk bra, så Johannes M. Knudsen leigde dermed ein annan fabrikk i tillegg. Kolderup skriv at det ikkje er oppgjeve kvar dette var, og heller ikkje den nøyaktige adressa til ein seinare filial i Hetland. [1]

Fabrikken i Nedre Banegate

Brevhovud frå The Viking Sardine Factory, Stavanger.

Frå 1910, etter mindre enn to år i bransjen, skyt verksemda fart. Det opna seg nye perspektiv for verksemda då den gamle reperbanetomta i Stavanger vart seld. Her fekk Johannes M. Knudsen tak i den tomta han hadde bruk for, i Nedre Banegate 51. Her bygde han ein stor og moderne hermetikkfabrikk. Fabrikken i Lille Skippergate vart seld til Forsberg Sardiner.

Johannes M. Knudsen fortalde seinare om bygginga av den nye fabrikken til industriens historiekomité i 1931 - det vart teke i bruk "klippemaskin, trædeapparater og litt senere også oljepåfyllingsapparat". Til sterilisering og sentraloppvarming vart det teke i bruk damp.

Elles vart det nytta elektrisitet til all drift, også til turking av urøykte sardinar. Maskineriet til denne produksjonen vart skaffa direkte frå Frankrike. Det var ein eigen motor til kvar maskin, og transporten innan fabrikken gjekk via transportremmer. Og no var produksjonen ein ganske annan. Dei kom lett opp i 400-500 kasser pr. dag, og i den travlaste tida jobba opptil 500 arbeidarar ved fabrikken, heitte det i opplysningane frå 1931. Men Kolderup meiner at det stemmer dårleg med dei verkelege oppgåvene. Etter Arbeidstilsynet sine tal jobba neppe stort meir enn 100 personar ved fabrikken. [2]

Oppkjøp av råstoff

Kvar kom råstoffet frå? I materialet frå 1931 heiter det at Johannes M. Knudsen i byrjinga kjøpte brislingråstoffet frå ein lokal agent, eller direkte frå fiskarane. Mot slutten av 1909 gjekk tre, fire fabrikkar saman om å leiga ein liten råstoffbåt, "Hundvaag". Så vart råstoffet fordelt mellom fabrikkane av firmaet Gimre & Hauge. Desse fabrikkane danna kjernen i Brislingkompaniet, som vart oppretta i 1912. Johannes M. Knudsen hadde ein plass i styret her, men både han og firmaet hans måtte forlata det, då dei kom på den engelske svartelista. I staden vart han i 1916 med på å danna Innkjøpslaget Nøitral.

Krav om eiga "sardinlov"

Etikett frå Viking Sardine Factory med "vikingkonge"

Johannes M. Knudsen hadde allereie før starten av sitt eige firma engasjert seg i spørsmål kring sardinindustrien av rettsleg og politisk art. I 1912 var firmaet hans eitt av ti opposisjonelle firma som telegraferte til Stortingskomiteen og forlangte ei brei "sardinlov", med freding, merking og særleg at produsenten sitt namn måtte førast på etiketten. Firmaet vart også medlem av Norcanners frå starten i 1912. Johannes M. Knudsen interesserte seg mykje for dette fellestiltaket og vart sitjande som viseformann i styret frå 1912 til omorganiseringa i 1918. Til slutt sat han med heile 250 aksjer pålydande 1000 kr pr aksje - altså 250 000 kr. Heile denne kapitalen skulle koma til å gå tapt nokre år seinare, i den enorme økonomiske ruinen som ramma han på byrjinga av 1920-talet.

Konkurs

I slutten av 1915 går Johannes M. Knudsen med i eit konsortium som har planar om å starta ein hermetikkfabrikk i Harstad for produksjon av sildsardiner - Midnatsolen Preserving Co. Forutan Johannes M. Knudsen bestod konsortiet elles av tre andre hermetikkfabrikkeigarar. Til saman skaut dei inn 70 000 kr av dei 140 000 kr til den "opførendes Store fabrik". Og så vart det anlagt ein fabrikk på Austlandet, East Norway Canning Co. A/S i Fredrikstad. Firmaet gjekk bra i byrjinga, med 15% utbytte etter første driftsåret. Dermed sette konsortiet like godt i gang med å etablera ein filial, Sponviken Hermetikfabrik A/S, med forretningskontor i Stavanger, med ein aksjekapital på 6000 kr. Dei 12 aksjene vart likeleg fordelt mellom dei tre kompanjongane - og her var ikkje Johannes M. Knudsen med. Men saman med to andre kausjonerte han for kassakreditt i Stavanger Privatbank på 200 000 kr. Då oppgjerets time kom var dei to andre ikkje i stand til å gjera opp for seg, og i Stavanger Byrett 29. juli 1925 vart Johannes M. Knudsen dømt til å betala heile beløpet, pluss renter og omkostningar. Dermed var Johannes M. Knudsen gått konkurs.

Etter konkursen

Etikett frå Viking Sardine Factory med vikingskip som motiv.

I 1931 seier Johannes M. Knudsen sjølv til historiekomitéen:


"Alt hvad vi de første tider produserte omsatte vi overalt i æsker lige til krigens slut, da begyndte vanskelighederne at melde sig og senere gik jo alt mer eller mindre tilbake." [3]

Og at det hadde gått bra, svært bra, for firmaet i glansdagane er det ingen tvil om. The Viking Sardine Factory hadde hatt gode kontaktar over heile verda. Til og med i Johannesburg hadde dei eit vidtfemnande firma som representerte Viking.

Men korleis gjekk det med Johannes M. Knudsen etter konkursen?

Det ser ut til at han greidde seg. Kolderup peikar på at Johannes M. Knudsen si interesse for hermetikkverksemda ser ut til å dabba av etter 1918 (dvs. etter første verdskrigen slutta), han trekkjer seg ut av styret i Norcanners, sjølv om han seinare sikrar seg ein aksje der - "gammel kjærlighet ruster ikke", skriv Kolderup. [4]

Eller, spør Kolderup, kanskje det ikkje skuldast sviktande interesse, kanskje han berre var lur, kanskje han såg dei dårlege tidene som kom og bestemte seg for å trekkja seg ut i tide? I alle høve ser det ut til at The Viking Sardine Factory var hans personlege firma. Det opphøyrde som personleg firma i 1919 og vart då omdanna til aksjeselskap, sjølv om Johannes M. Knudsen etter alt å døme heldt på eigedomsretten til begge fabrikkanlegga som bar Viking-namnet. Og dermed forsvinn Viking-fabrikkane ut av soga. Det nye A/S averterte lagerplass til leige, og tilbyr samstundes transport. Men det er alt.

For Johannes M. Knudsen sitt vedkomande har det nok uansett vore eit hardt slag, sjølv om han ikkje stod heilt på bar bakke. I hans personlege status 1925 står m.a. oppført eigedomar i Vestre Aker (i Oslo) og eit bustadhus i Kongsberg. Men det er klart at han var sterkt økonomisk svekka. I tillegg til dei 250 000 kr han måtte ut med etter tapet på konsortievenene, betalte han til ein annan kreditor 25 000 kr, deretter 17 000 kr til ein annan og 15 000 kr til ein tredje. Det vart teke utlegg i "hans faste eiendomme i Stavanger og Hetland samt i løseøre". I samband med dette kom det fram at Stavanger Privatbank meinte at det hadde gått føre seg uregelmessige transaksjonar mellom Johannes M. Knudsen og ei av søstrene hans.

På banen igjen

"Noch ein Fischlein". Etikett brukt på den tyske marknaden.

Johannes M. Knudsen var ikkje den som let seg knekkja så lett. Alt i 1925, då det framleis stormar som verst kring han, er han på veg inn i hermetikkbransjen att, sjølv om det var på forsiktig vis. Han fekk etablert eit lite eksportselskap under namnet Fish Canning A/S Stavanger. Noko stort selskap var det ikkje, aksjekapitalen var på berre 60 aksjer á 10 kr, der han sjølv eigde tjue aksjer. Kolderup skriv då også at firmaet "kunne vel neppe gi levebrød eller nok beskjeftigelse til den tidligere så aktive mann som J.M.K. hadde vært". Firmaet vart oppløyst ti år seinare, i 1935.

Det verkelege comebacket i industrien gjorde han i 1927, samstundes med at den første utbetalinga av konkursbuet fann stad. Då gjekk han inn i Høle Canning og vart styreformann der. Då hadde firmaet allereie eksistert ei stund, i Valberggaten 14, Stavanger. Etter ei tid overtok han stillinga som disponent. Og ikkje nok med det, men firmaet skiftar samstundes namn til The Viking Sardine Factories A/S. Fleirtalsforma indikerer at det kan ha vore meir enn ein fabrikk, i tillegg til Høle Canning. I eit skriv frå 16.02. 1930 heiter det at "Da vort firma agter aa gjenopta eksporten av hermetikk, saa tillader vi oss herved høfligst aa andra det ærede Prisraad om aa bli godkjennt som eksportfirma". [5] Fire fabrikkar stod tilslutta firmaet: Høle Canning A/S, Vesta Canning Co. A/S Hillevaag, Solann Canning Co. A/S, Sandnes Packing A/S, samt seinare også Johnsens Hermetikfabrik, Lura. Samtlege av desse fabrikkane var døgnfluer og kom og forsvann.

The Viking Sardine Factories A/S kom aldri til å spela noko stor rolle innan hermetikkindustrien. Firmaet vart oppløyst i 1946, underteikna av Johannes M. Knudsen, og endeleg oppløyst i 1952, då Johannes var 83 år gammal.

Referanser

  1. Carl Fred. Kolderup: Blad av hermetikkindustriens historie, s. 155
  2. Carl Fred. Kolderup: Blad av hermetikkindustriens historie, s. 155
  3. Carl Fred. Kolderup: Blad av hermetikkindustriens historie, s. 156
  4. Carl Fred. Kolderup: Blad av hermetikkindustriens historie, s. 156
  5. Carl Fred. Kolderup: Blad av hermetikkindustriens historie, s. 157


Litteratur og kjelder

  • Carl Fred. Kolderup: Blad av hermetikkindustriens historie, 1974
  • Marit Karin Alsvik: Glimt fra de gamle album i Stavangers østre bydel, 1996
  • Knut Rage: Slekta mi