Johannes Pedersen Klokstad

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Det fint dekorerte gravminnet til Johannes og Birgitte Klokstad på Lesja kyrkjegard.
Foto: Jan Harald Eide (ca. 2005)

Johannes Pedersen Klokstad (fødd 29. februar 1860 på Lesja, død 20. november 1928) var lærar og gardbrukar. Klokstad var lenge tilsett ved Lyftingsmo skuleLesja, men arbeidde før det fire år som lærar i Finnmark.

Han vaks opp i Systugu Klukkstad på Lesja, som son av gardbrukar Peder Johannesen (1832-1913) og Pernille Gudbrandsdatter Klokstad (1829-1917). Johannes og kona Birgithe Cathrine Fredriksd. Ulrich (1865-1927), frå Kistrand i Finnmark, tok over garden før 1910. Dei fekk sju barn. Sonen Fredrik (fødd 1902) overtok Klukkstad etter foreldra i 1925, men reiste til Amerika i 1929 i lag med broren Georg.

Kjelder og litteratur

Eksterne lenkjer