Joraand Knutsdotter

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Gravminnet.
Foto: Olav Momrak-Haugan (2009).
Nærbilde av gravminnet.
Foto: Olav Momrak-Haugan (2009).

Joraand Knutsdotter (1841-1921) vart fødd på husmannsplassen Plassen under N. Skræi gnr. 91 i Hauggrend i Fyresdal og voks opp der. Ho var tidleg ute i teneste og kom til garden Lauvvik gnr. 69/3 i Skafså, denne ligg ved Bandak. Der vart ho verande.

I gravregisteret til kyrkjeverja står det:

«Joraand Knutsdatter f. 14 04 1841 og d. 14 04 1921».

Far til Joraand, Knut Olavson Plassen (1811-1860) kom frå Lårdal og vart 1836 gift med Gunhild Halvorsdotter Haugane (1803-1881) frå Ystesund gnr. 78/4 i Fyresdal. Dei var fyrst innerstar på N. Skræi, så husfolk på Heggtveit og sist på Plassen, båe husmannsplassar under N. Skræi. Saman fekk Knut og Gunhild 4 jenter: Joraand (f. 1837 og død same år). Asgjerd (1838-1879), ho døydde ugift på Plassen. Margit (1842-1843) og Joraand (1842-1921). Dette står i Fyresdal si gards- og ættesoge, her er ulikt fødselsår frå gravregisteret. Marvik skriv og at ho var hushalderske på garden Lauvvik i Skafså.

I folketeljinga år 1900 står det under 0832 Mo herad og Gnr. 69/3 Lauvvik:

«Joraand Knutsd. fødd 1842 i Fyresdal. Familiestilling og yrke: Husbestyrerinde.»

Husbonden var ugift og der var elles tenestejente og tenestegut i hushaldet, og tømmerhoggarar i bryggerhuset. Det er ikkje ofte i folketeljingane i Vest-Telemark å finne nemninga husbestyrerinde.

Ut frå dette må Joraand, husmannsdotter på Plassen under Skræi i Hauggrend, ha vore sers dyktig då ho vart «husbestyrerinde» på garden Lauvvik ved Bandak. Ho har då fått ansvaret for heile hushaldet og må ha utførd dette arbeidet samvitsfullt. Det er nok husbondsfolket som har gjeve henne det fine gravminnet med den flotte marmorplata der dei kort og godt skriv: Den tro husholder. Betre kunne det ikkje seiast. Her aner vi litt av husbondsfolket si takksemd til denne kvinna.

Gravminnet er ikkje på kyrkjegarden i 2011, men vert teke godt vare på av kyrkjeverja.

Kjelder

  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992
  • Folketeljinga 1900
  • Gravminner i Noreg

Ekstern lenke

Eksterne lenker