K.Welle & Co.

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

K.Welle & Co. var ei elektroforretning i Sykkylven. Forretninga vart etablert av Karl Johan Welle i 1938 under namnet Radiolageret.

Karl Welle tok framhaldsskule og handelsskule, og utvikla i ungdomen ei sterk interesse for teknikk og radioar. Etter at han kom i gang med Radiolageret selde og reparerte han radioar. Tidleg under andre verdskrigen vart alle radioapparat beslaglagde av den tyske okkupasjonsmakta, og radioforretninga låg nede i krigsåra. Men i løynd bygde Welle om radioar slik at dei vart lette å gøyme. Han hadde også elektrisk verkstad under krigen, reparerte bilbatteri og vikla opp att elektriske motorar.

På frigjeringsdagen 8. mai 1945 monterte Karl Welle opp radio og høgtalar i Aure sentrum slik at folk kunne få høyre nytt. Same året starta han opp att radiobutikken under namnet K.Welle & Co. Butikken utvikla seg etter kvart til å bli ei allsidig forretning for elektriske artiklar, mellom anna lamper. Welle førte opp nytt forretningsbygg i Aure sentrum i 1960 med plass til både butikk og bustad. Karl Welle dreiv som forretningsmann i nesten 50 år. Etter at han trekte seg ut av drifta, tok sonen, Kjell Welle, over ansvaret. Dei siste åra konsentrerte Kjell Welle seg om radioreparasjonar. Elektroforretninga er no avvikla.

Kjelde

  • Johan P. Aurdal: Minneord Karl Johan Welle. Sykkylvsbladet 24.4.2014.