Kalvåg kystlag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kalvåg kystlag

Kalvåg kystlag er eit kystlag i Kalvåg i Bremanger kommune, Vestland fylke. Laget vart stifta den 19. februar 2004 etter initiativ frå Johan Frøyen og Åge Tansøy. Kystlaget hadde frå starten 19 medlemmar, i 2014 var medlemstalet 145.

Kalvåg kystlag har fire båtar: "Nigaren", som er ein rogavl bygd i Hardanger 1928; "Femkjeipen", som er omlag 150 år gammal, brukt til fiske, som kyrkjebåt og elles til frakting av dyr mellom holmane; "Slagkjeipen", kjøpt av kystlaget i 2006, kjem opprindeleg frå Hauge; Færingen "Sevald" er gitt i gåve frå Reidun Liset Svarstad. Kalvåg kystlag er medlem av Forbundet KYSTEN.

Olav Peder Frøyen var leiar fram til 2006. Bjarne Pedersen overtok då, og vart avløyst i 2010 av Arvid Langeland. Seinare overtok Bjarne Pedersen att.

Kjelder