Kalvestad (Sula)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Kalvestad er nokre fråflytta gardar og ein del av eit større kulturlandskap og ligg vest forbi Langevåg i Sula kommune i Møre og Romsdal. Tuftane som er synlege, er frå middelalderen, men funn av leirskår fortel at det har stått hus på same staden også i folkevandringstida. Andre funn var ei steinøks, fleire krukkebrot og ein eldstein. Eldsteinen kan daterast til rundt 500 e. Kr. Utgravingane fant sted i 1931, og vart utført av Kristen Lindøe og Anton Lerheim. Truleg var huset bygd av treverk, men med utvendige steinveggar. Siden det var store mengder trekol langs steinveggane har huset truleg brunne ned. Taket var av treverk. Rydningsrøysane låg tett, noko som tyder på at det fleire uregelmessige små åkrar.

Noko seinare var det tre gardsbruk litt lenger aust. Her finnes berre murar og mange rydningsrøyser. Mest sannsynleg er nokre av dei gravrøyser.

Navnet Kalvestad er satt saman av to ord, den første lekken i namnet Kalve.. er eit mannsnamn, eller eit mannstilnamn, Kalvi eller Kalvr.

Kulturminneløypa

Kalvestad er eit av stoppa på kulturminneløypa i kulturlandskapet Kjellingset-Flesje-Kalvestad. Kulturminneløypa inngår som del av Kulturminneåret 2009. Ho er skilta og startar ytst på Sula, på parkeringsplassen på Kjellingset/Æhammaren. Området har mange fornminne. Langs strandlina ligg fleire hustufter og gravrøyser. Dei eldste tuftene er frå eldre jernalder. Kulturlandskapet vert holdt i hevd av omlag 300 utegangarsau.