Kanada i Jåro

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kanada
Gjerden 33.jpg
Kanada 20.3.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Alt. namn: Kanada i Jåro
Kanada under Gjerden
Rydda: 1932
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 15
Type: Småbruk
I Kanada i Jåro 1948. Borna i den frammare rekkja: Torbjørg (f 1941), Hallvard (f 1939) og Gyro (f 1938), dinest fylgjer Arne Berg (f 1938) og Olav G. Gjerden (y.) (f 1937). I den bakre rekkja står Birgit G. Gjerden (f 1934), Torbjørg O. (Myri) Gjerden (f 1931), mor Torbjørg O. Gjerden, f Kyrvestad (1895-1972). På armen til Torbjørg sit Jorunn (f 1945). Bilete frå Ingebjørg Vegestog.

Kanada er eit småbruk i Bykle. Det ligg på ei slette eit par hundre meter austanfor tunet i Jåro.

Det var Gunnar O. Gjerden (y.), yngste bror åt Åsmund i Attistog, som fekk overtaka denne parsellen hjå broren i 1932. Stykket er på kring 20 mål.

Gunnar dreiv handel i Kyrvestadbui, men tykkjest ha hatt meir virketrong enn det han fekk utlaup for der. Dertil kom at han sikkert meinte at den veksande huslyden hans med tida ville ha trong for ein romslegare bustad enn husværet over butikklokalet.

Etter kvart bygde han difor opp eit småbruk her. Med det same etter overtakinga sette han opp ei løe, og i åra som fylgde fekk han dyrka opp 17 mål. I 1941 sette han opp stoge og fjos. Frå det sistnemnde året budde han og huslyden hans her.

Etter det sonen fortel, hadde det på denne tid kome heim nokre byklarar frå Kanada, og så hadde Gunnar ein gong for moro skuld sagt til ein av dei, at den nye heimen hans skulle verta minst like gjæv som nokon verestad i det landet. Sidan vart bruket omtala som Kanada i Jåro, og det namnet kom til å feste seg.

Våningshuset vart utvida og ombygd i 1950. Etter ombyggjinga hadde det ei grunnflate på 104 m² i to fulle høgder. I fjoset vart det i 1953 registrert 2 kyr, 10 sauer og nokre høner.

Bruket vart aldri matrikulert. I 1958 overtok Olav Gunnarsson eigedomen her frå foreldra, og eit par år seinare overtok han også Attistog frå farbroren, Åsmund Olavsson. Etter dette var det ikkje behov for noka formell utskiljing eller matrikulering.

Olav har heile tida budd i Kanada. Han dreiv gardsbruk her med ei kyr eller to og 8-10 sauer til 1975/76. Elles har han arbeidd som snikkar, mykje av tida på anlegg.

Utover det som står i denne bolken, vil ein finne dei som har budd i Kanada omtala i bolken om Kyrvestadbui, gnr 13, bnr 11.


0941 Bykle komm.png Kanada i Jåro er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Attistog • Neste bolk: Myri